onsdag 28. september 2011

FENGSLA

Vakkert
Nynorskt
Vart
Fint
Trist

På grunn av den vanskelege situasjonene heime, må Mai flytta inn hjå kusina Idun. Det går ikkje så bra. I alle høve ikkje i byrjinga. Dei unngår kvarandre mest. Mai er kul og utprøvande. Idun er kjedeleg. Dette er dei samde om. Slik er det.
Men med tida veks banda mellom dei to ungdomane  seg sterke. Idun som alltid har vore skuleflink og pliktoppfyllande får ein ny kvardag etter at Mai får ta styringa. Kvardagane går frå kjedelige til farlege...
Det ligg ei øy like utanfor der kor Idun og Mai bur. Der ute bur kriminelle med lang sonetid. Mai har blitt forelska i ein av fangane der ute, og ho vil at ho og Idun skal dra ut på øya og besøka han. Det er jo strengt forbudt...

-tenk om han har drepe nokon, sa eg. -tenk om.
-ja, tenk, sa ho.
-Han kan vera farleg, sa eg. Men ho berre rista på hovudet.

På eit av besøka deira der ute, går det riktig gale...

Hilde K. Kvalvaag fekk Brageprisen 2010 for boka "Fengsla" . Vel fortent! Forteljinga gir eit ekte bilete av dei to jentene. Boka handlar om dei mange og store spørsmåla som er typisk når du er ungdom....identitet, lausriving, seksualitet...
Dette er ikkje ei "gladbok". Kvalvaag tek ikkje lett på dramatikken. Tidleg i boka  vart eg sikker på at det ikkje kom til å gå bra til slutt. Det var dystert og trist og eg ville heile tida lesa vidare for å så korleis alt skulle enda.
Tittelen speglar kanskje jenterne sitt kjensleliv like mykje som  den viser til  fangane som sit fengsla på øya?
Denne passar best for dei som er 13-18 år, trur eg.

3 kommentarer: