mandag 24. oktober 2011

Minus meg

Eg fekk meg ein tur med toget. Eg las!
"Minus meg"har vore i veska mi i over to veker utan at eg har fått tid til å setja igang. Men no hadde eg tid: nesten 5 timar på toget heilt åleine! Ahhh....
Det første som overraska meg var at boka ikkje var på nynorsk! What!?  Var det ikkje Ingelin Røssland, då? Jau, men på bokmål. Vel, det er jo heilt greitt. Eg kom over det.
Neste overrasking: Boka handlar om ei jente med eit sjukt hjarte. Ho må få transplantasjon! Dette hadde eg nett lese om (i "Mitt bankande hjarte" - kanskje eg skal skrive om den her?). Aha! Det er to ungdomsbøker om jenter som ventar på nytt hjarte denne hausten! OK. Eg kom over det.


Denne boka er god! Denne forteljinga er god! 
Eg likar jammen meg godt at eg ikkje veit korleis det skal enda til slutt!  Av og til (ja, ofte!) forstår ein tidleg korleis det kjem til å gå. Men ikkje i "Minus meg". Ingelin lurar meg! Det er mystisk og facinerande og pittelitt creepy. Heile boka lang. 
Det handlar om Linda. Hjarte hennar stoppar midt i eit stup og det er berre sovidt at ho overlever. Det er ein mystisk gut som heiter Njål som klarar å starta hjarta att. Legane finn ein alvorleg hjartefeil og Linda kan døy om ho ikkje får eit nytt hjarte fort. Det er jo ei kjedeleg melding å få når du er sånn ca 13 år. Linda lagar seg eit prosjekt med mange gjeremål på ei liste. Mellom anna skal ho reisa til Rune, som ho er forelska i - og ordne opp i noko rot frå i sommar. 
Njål blir med på turen. Njål og Linda  på tur, ein tur som er heilt annleis enn noko anna eg har lese om. Kven søren er Njål?
Les folkens, les!

fredag 14. oktober 2011

Haustferie

haust - lesetid...
ferie - lesetid...
haustferie - TRAVELT!
Men mellom skippertaka på vaskerommet og alle dei gode kosestundene (hipp hurra!) med venner og familie, har eg endeleg fått avslutta "Fjorden" av Lars Olav Seljestad.
Han var jo her nett og besøkte oss i forrige veke. Då var det opning av nytt bibliotek i Ålvik og han var ei av dei store stjernene som kom og kasta glans! Han kasta rikeleg med glans! Det var så kjekt å høyra på han. Det var opplesing frå boka og vakkert felespel om ein annan.
Blid forfattar =0)


Boka er sår og vakker. Han skriv så godt. Språket er eit eventyr! Det er så lett og godt og fint! Når eg las kjende eg at eg ELSKAR nynorsk! Seljestad skriv enkelte setningar omatt mange gonger (ikkje for mange) og det berre understrekar stemninga i boka.
Hovudpersonen i boka er snart femti år og far hans har gått bort. Han sit ved den døde faren sin på sjukehuset og reflekterar over livet og minnest barndom. Dette er ei bok om far og son. Om relasjonar mellom fedre og søner.  Ikkje berre enkle relasjonar...

Eg hadde store forventingar til denne boka! Har de lese Blind (debutboka hans)? Den er så heilt aldeles drivande god. For all del: LES DEN!
"Fjorden" er knallgod, det syns eg, men den kan ikkje mela seg med debutboka. Seljestad har skrive to bøker mellom "blind" og denne.  Dei har eg ikkje likt så godt. Dette var opptur!

FJORDEN BABY!

mandag 3. oktober 2011

Ragna gjør ting hun ikke kan...

Eg er ganske flink til å lesa. Eg les mange ungdomsbøker i månaden. Men av og til (ganske ofte) bestemmer eg meg for å lesa ei bok for vaksne. Nokre få av dei gongene vel eg ei krimbok. Eg er ikkje så flink til å lesa krim. Det er som om eg ikkje klarar å fokusera skikkeleg på det eg les om. Eg må ofte lesa sider omatt fordi eg ikkje har fått med meg kva eg las...Og så går det så lang tid...Eg vert ikkje ferdig så fort som eg vil. Ei bok skal ikkje vara i meir enn tre-fire dagar, syns eg. Då vil eg byrja på ei ny 
(sjølvsagt med unntak av sånne deilige, tjukke romanar som har gruelig mange sider)


Men so fekk eg lyst til å lesa krim, då. Eg hadde sett meg ut Mannen som ikke var morder


Den er god! 
Men det går tid. Eg har lese i ei heil veke.  
Det startar med at ei mor melder 16-åringen sin sakna. Politiet tek det ikkje svært alvorlig, dei tenkjer at han er stukke til Stockholm ein tur. Men så vert han funnen, då. I eit tjern. Han er drept. Han har  mangfoldige knivstikk og hjarta hans er skore ut av kroppen...
Spennande spennande!
Dette er fyrste boka i ny serie. Svensk! Eg kjem nok til å lesa dei andre og! Dette var gudd krim! Eg vart sjokkert av at eg hadde funne feil gjerningsmann FLEIRE gonger - det er eit godt teikn!
GOD BOK