torsdag 14. november 2013

Fra Oslo til Lahore : Mahmona Khan

Mahmona Khan debuterte for eitpar år sidan med boka "Skitten snø" (som eg vart begeistra for og skreiv om HER. Det handla om valdtekt i innvandrarmiljø, og jenter som tok hevn). No har eg lese oppfylgjaren!

Jentene er tilbake : Sumera, Charlotte, Anila og Ambar.
Ambar er i Lahore. Ho gifta seg med Omar (sjølv om både veninnene og bror hennar råda henne frå det) og no bur ho med hans storfamilie. Omar ser ho lite til, han er mykje på jobb og er stressa. Han veit at Ambar har lyst å bruka meir tid på han og ekteskapet. Han kjøper ein luksusferie til dei i Dubai. Ambar er himmelfallen (det må jo ha kosta enorme summar, og ho trur ikkje at dei har så mykje pengar), men lukkeleg. Ho nyt hudpleie og  spabehandling og alt er deilig: Eller...? er det noko som skurrar?
Ambar kjem inn på hotelrommet deira ein dag og finn Omar i ein blodpøl.
Slik byrjar denne historien, og herfrå er det berre å sluka boka! Det er action i massevis!
Tøff bok og tøffe jenter og godt vennskap.

Språkleg sett er ikkje denne boka ei perle. Nei. Men det betyr ikkje så mykje. Ein har heile tida lyst å lesa vidare, sjå korleis det går. Eg trur at denne boka kan passa til dei som er glad i å lesa (fordi det er ei kjekk bok), men også til dei som IKKJE LIKAR BØKER (ja, eg veit dei fins, sjølv om eg slett ikkje kan forstå at det er mulig!). Den er lettlest. Enkel og grei, men med eit solid tema og futt og fart nok i massevis

LES, min venn!

tirsdag 12. november 2013

Vi ses i morgen : Tore Renberg

Eg har høyrt ei lydbok!
"Vi ses i morgen" er ei bok om pengar og kjærleik. Handlinga er lagt til verdas rikaste by (Stavanger), og herr forfattar, Tore Remberg er den som les.
Det er enormt bra! For ei bok (eller lydbok)!
Eg må berre sei det med ein gong: LES MIN VENN! (ja, eller høyr!)

Pål Fagerland er aleinepappa. Han har to tenåringsdøtre. Han har spelt på internett og no har han opparbeidd seg ei milliongjeld. Han har ikkje pengar til å setja mat på bordet lenger. Kva skal han gjera?
Han hugsar ein gjeng som han møtte på 80-talet, den kriminelle Hillevåg-gjengen. Kanskje dei kan hjelpa?

Leiar for Hillevåg-gjengen er Jan Inge. Han lar alt rundt seg forfalla - huset dei bur i er ei rønne. Kroppen han har, blir større og større.Han er inspirert av David Toska og av horrorfilmar.  Han sit i ein rullestol når han er innendørs - fordi det er komfortabelt. Resten av gjengen er Rudi og Cecilie. Rudi, ein lang stake av ein skurk full av ubehandla ADHD. Og Cecilie, som aldri har hatt ein ordentlig jobb, som har gjort det ho kunne best (å pula) sidan ho var 11-12 år...Og Tong, koreanaren som har sont ein dom og er venta heim i desse dagar. Tong er farlig.

Me møter også Sandra. Snille, kristne Sandra som går på ungdomskulen. Ho har møtt Daniel William Moi, barnevernsguten, og ho går nesten til grunne i sin kjærleik til han. Men det er jo fleire jenter som vil gjera alt for å få kloa i Daniel William Moi...

Å herlighet, for ein roman!
Eg syns det er vanskeleg å formidla kvifor den er så god. Den berre er det! Gysla god! Personane i boka har berre vakse fram for meg og eg tenker på dei kvar dag - sjølv om eg var ferdig å  høyra boka på laurdag!
For ei forteljarglede! 600 sider? Lett!


Alt jeg sier er sant : Lisa Bjärbo


Alicia er 16 år. Ho likar ikkje at nokon skal bestemma kva ho skal gjera. Men av og til når ein er 16 år, så skjer tinga berre litt av seg sjølv. Alicia står ein dag innelåst på do (den har gått i vranglås) og innser at ho vil gjera noko anna med livet sitt. Ho vil utretta ein "stordåd"! Dette er den hausten då ho byrja på vidaregåande. Og dette er den hausten då ho droppa ut... Og ikkje nok med det: dette er den hausten då Alicia flyttar ut! Dette er den hausten då ho møter Isak, som ho ikkje kan slutta å stirra på. Og dette er den hausten då mormor, snille gode mormor, kjem på sjukehuset... "Hvor vanskelig kan det være å skaffe seg en jobb og starte på fremtiden, egentlig?" tenker Alicia. Men livet blir ikkje heilt slik som ho tenkte og sotrdåden let vente på seg.
Dette er ei kjekk og viktig bok. Det er ei bok om å finna segsjølv - med andre ord: ein ganske typisk ungdomsroman. Men persongalleriet er ikkje typisk. Eg likar Alicia så godt. Ho er kul, og så MEINER ho det faktisk når ho seier at "alt jeg sier er sant". Ho lyg ikkje.
Det er bra. Det er ikkje greit å lyga. Men det er heller ikkje alltid så greit å sei alt som er sant, eller?

Les, min venn!

VIKTIG:Lisa Bjärbo har ein podcast om ungdomsbøker (ilag med Per Bengtsson). Den heiter Allt vi säger är sant, og den er verd å høyra på :)