onsdag 25. januar 2012

Hei, det er meg!



-ikke la meg bli alene igjen her


Dette er dagboka til Oda.
Oda er 12 år og står midt mellom bardom og ungdom. Det er flott!

Viss du er akkuratt ca 12 år og har lyst på ei kjekk bok, kan du godt velje denne. Då får du:
-vennskap
-sommarferie
-hat
-kjærleik
-krangling
-slosskamp
-uvennskap
-teite gutar
-skumle naboar
-kjærleiksorg
-uvennskap
-rare slektningar
 -mystiske teikningar

Med andre ord : litt av kvart!
Denne dagboka er spekka med festlege teikningar, store kjensleutbrudd, mykje humor og eindel mystikk!
Eg elskar den!

fredag 20. januar 2012

Krokodillens gule øyne


GRATULERAR til meg!
Eg har lese ein tjukk roman som ikkje er skriven for ungdom! HURRA!
Det skjer ikkje så ofte, fordi at ungdomsbøkene er så grådig freistande...


Men no har eg lese "Krokodillens gule øyne" av Katherine Pancol. Å, for ein kjekk roman!
Handlinga er lagt til Paris, for det meste (og endå er det bra med krokodillar med i boka =0) Hehe). Eg har aldri vore i Paris, men no har eg lyst å reisa! Eg trur forfattaren må elska den byen? Kjærleiksbyen....

Boka handlar om Josephine.
Ho er ei dame midt i livet. Bur i utkanten av byen med to halvstore døtre og ein tulling av ein mann. Han forsvinn ganske snart til ein krokodillefarm i Afrika (heldigvis)
Josephine sit forlatt tilbake, åleine med døtrene og ein alt for trong økonomi.

Ho er ei skjønn kvinne som eg vart glad i med det same. Ho er flink (arbeider som forskar) og snill, har høg moral og låg sjølvtillit. Hennar store lidenskap er 1100-talet.

Josephine har ei syster, Iris. Ho er Josephines rake motsetnad.
Iris er snobbete og elegant - har ubegrensa med midlar og vil gjera alt (ALT!) for å få søkelyset på segsjølv. Fasade betyr alt for Iris.

Ein kveld, på ein fin middag får Iris ein vidgjeten forleggar som bordkavaler. Det er då ho får ideen:
Ho vil gje ut ei bok! Ein historisk roman frå 1100-talet.  Denne skal gjera henne berømt!
Iris tilbyr Josephine ein stor sum pengar for å få henne til lå skrive romanen for henne. Josephine som sit i saksa økonomisk, har ikkje råd til å seie nei.

Dette er ei historie om ei løgn, om kjærleik, om familieband, om utruskap og pengar, om veninner, om LIVET. Eg både lo og grein medan eg las. Det handlar om korleis me er som menneske -og om korleis me ynskjer å vera...og kanskje kan bli?

Boka er lettlest. Morsom. Trist.  Og GOD!  Koseroman!

mandag 9. januar 2012

SKITTEN SNØ

Spennande ungdomsroman frå norsk-pakistansk miljø i Oslo!


Å lesa “Skitten snø” var noko heilt nytt. Det gjekk verkeleg opp for meg kor lite eg veit om andre miljø enn mitt eige…

Sumera går siste året på vidaregåande og jobbar på BurgerKing for å få litt ekstra lommepengar. Ho har streng familie og dei forventar at ho kvar kveld er heime kl 20 og at ho held seg langt unna gutar/menn. Brødrene er overbeskyttande og tantene er forvitne.

Jamal jobbar som vekter på senteret der Burger King er. Dei to legg merke til kvarandre. Sumera tenker mykje på Jamal. Han er så vakker og mandig. Ho passar på å ha vakt i kassen på det tidspunktet ho trur at han har pause.
Charlotte jobbar også på Burger King. Ho er blond og vakker, og oppfører seg rart. Ho prøver å få Sumera vekk frå kassen når Jamal er i nærleiken. Sender Sumera på bakrommet for å tømme søppel etc. Ho er verkeleg sjalu fordi Jamal ser på Sumera og ikkje henne…

Ein dag Sumera avsluttar arbeidsdagen eitpar timar tidlegare enn vanleg, er Jamal på pletten. Han tilbyr henne skyss heim. Vanlegvis ville ikkje Sumera vurdera eit slikt tilbod eingong. Men denne dagen er ho ekstra sliten og dessuten er det Jamal ho har drøymt om…ho tek eit langt steg over sine eigne grenser og set seg inn i bilen hans. Først syns eg dette var så fint og romantisk å lesa om, men plutseleg fekk eg ei heilt anna kjensle, og når Jamal tilbyr henne litt doven brus, ropa eg “Nei, ikkje drikk det! Ikkje drikk det!” (ja, eg vart engasjert…)

Sjølvsagt drikk ho. Sjølvsagt vert ho dopa. Sjølvsagt vert ho voldtatt….han mishandlar henne og tek grusomme bilete av ho, så truar han henne på familiens ære. Ho sit i saksa…

sukk!(Det var her det gjekk opp for meg at det kanskje må vera ganskel “enkelt” å koma unna med valdtekt innan dette miljøet. Sumera hadde jo gått inn i bilen av eige val! Ho kom til å få skulda sjølv!? Ho kan ikkje snakka med nokon om dette.)

Sumera har heldigvis to nære og gode veninner. Mest som systre. Dessutan dukkar Charlotte opp… Det viser seg at Jamal har dopa og voldteke henne tidlegare. Det var derfor ho ville ha Sumera vekk frå han. For at han ikkje skulle lure henne og. Jentene finn saman og gjer sitt beste for å støtta kvarandre
Og det er no det byrjar. Action og spenning, folkens! Desse fire jentene knyter sterke, sterke band. Boka er spekka med redsel, ære, hevn, vennskap

LES, folkens! LES!