onsdag 18. april 2012

Fritt fall - Nick Hornby


Boka "Fritt fall" har eg ofte lånt ut på gymnaset - både på engelsk og norsk!
Mange har meldt tilbake at den var festleg, annleis, original, rar etc
Eg vart nyfiken! =0)
Tidlegare har eg lese eit par av bøkene til Hornby, og eg veit at han kan vera morsom :
Eg tok boka med meg heim og las!

Det skal vera sikkert og visst at den er annleis! Og original!
Det handlar om JJ, Maureen, Martin og Jess. Settingen er svært speisell: det er nyttårsafta og dei fire (som ikkje veit om kvarandre) møtes på toppen av ein høg bygning. Alle fire er der fordi dei har planlagt å ta sjølvmord. Og så kjem dei i snakk!

Så langt i boka var det veldig JIPPI! Etterkvart som eg vart kjend med personane, vart eg nesten litt forelska i boka og ideen! Aldri har eg lese noko liknande. Dei fire karakterane er så innihampen fortvila, og likevel kunne eg sitje og kosa meg med å lesa om dei...dette må då vera kunst!?
Hovudpersonane dannar ei form for sjølvhjelpsgruppe...plutseleg har dei eit nettverk, nokon som dei kan melda frå til... Men det heile er svært sært. Og litt etter litt vert eg klar over kor skakk-køyrde dei alle er på kvarsin måte. Og kor egoistiske og usaklege dei er! Hjelpe meg, kor irritert eg var til tider! Dei er jo dumme!?
Men eg måtte lesa vidare og vidare! Eg vil jo vita korleis det går! Finn dei ut av liva sine, eller gjer dei ende på det?
Denne boka er ikkje noko mindre enn ein liten genistrek! Lettlest, fengande, artig, tragisk, festlig og teit! Eg vart verfall egnasjert!

PRØV SJØLV!

fredag 13. april 2012

TYVENES BY


Eg vil gjerne fortelja om ei bok eg las i fjor. Den heiter "Tyvenes by"og gjorde eit vanvittig inntrykk på meg. Eg tenker ofte på den, og no håpar eg å gje nokon andre lyst å lesa den. Den er vel verd å bruka nokre timar på.
Forfattaren David Benioff, har eg ikkje høyrt om før.
Bøker frå andre verdenskrig har eg ikkje lese noko særleg av før.
Dette var med andre ord nytt stoff for meg.

Me er i Leningrad (St.Petersburg) i 1942 - midt i 2.verdskrig. Byen er hærteken av tyskarane. Me møter Lev og Kolja. Lev er 17 år og arrestert for å ha brote portforbodet og stole frå ein (død) tysk soldat. Kolja er dessertør, begge sit i ei celle og ventar på dødsstraffa si.
Men dei vert ikkje henretta. Dei får eit utruleg tilbod. Dersom dei klarar å skaffa 12 egg (som skal brukast i obersten si dotter si bryllaupskake!) innan 5 dagar, unngår dei straffa. Dei unge gutane tek fatt på ei oppgåve som visar seg å vera nesten umogeleg. Det er matmangel overalt og det er enormt kaldt.
Dette er opptakten til eit spennande og livsfarleg drama for Lev og den fandenivoldske Kolja. Lev er liten og spinkel og bekymra, Kolja er stor og sterk og har eit evig optimistisk livssyn. Eit artig team! Jakten på eit dusin egg, gir oss innblikk i korleis ein kan overleva på sveltegrensa i ein hærteken by....med død og kulde som kulissar.

Dette er ein annleis historisk roman. For det er ein historisk roman! Men fokuset er ikkje det tradisjonelle. Benioff set fokus på austeuropa og Russlands store offer under krigen.  Handlinga og miljøet er hardt og tragsik, men historien er  varm og proppa full med god humor. Det veks fram eit lunt venskap mellom Kolja og Lev. Opplevingane deira desse dagane (og kampen for å overleva) er skildra på ein spesiell måte som gjorde at eg ikkje ville legga boka frå meg (beklagar klisjeen, men slik var det!). Eg lo høgt mange gonger! Lev og Kolja er nokre utrulege karakterar.

Eit eventyr på liv og død - men eventyret er sant! Forteljinga er  skrive med  forfattaren sin bestefar sine opplevingar til grunn.

GOD BOK, folkens!

Perfekt kjemi


Simone Elkeles er forfattaren av  "Perfekt kjemi"  - den kom ut på Gyldendal forlag i 2010.
Tittelen har ein litt søt, dobbel botn. I tillegg til å visa til den perfekte kjemien mellom Brittany og Alex (hovudpersonane), har det seg slik at dei møtes i kjemitimane.....snissig!

Historien er ikkje ny. Dette er den klassiske kjærlighetsromanen om "umulig" kjærlighet.  Brittany er den perfekte overklassejenta med fasaden i orden. God på skulen, pliktoppfølgande, cheerleader (naturlegvis), populær og usigelig vakker! I tillegg er ho kjæraste med kapteinen på fotball-laget. Alt i orden!
Alex er  mexikanar (oj oj...). Han kjem frå ein fattig familie og er med i ein kriminell gjeng. Men Alex er vakker - heilt uimotståeleg!
Alex og Brittany : det er perfekt kjemi, men det sømer seg ikkje. Dei passar ikkje ilag. Alex er slett ikkje det Brittany treng til den blanke fasaden sin. Begge vil unngå kvarandre, men er så tiltrekt av kvarandre at dei ikkje klarar å la det passere.
Dei har  svært dobble kjensler for kvarandre, og dette vert fint skildra og er det som driv historien deira framover. Det og den intense lysta dei har på kvarandre... =0)

Rein kjærlighetsroman. Medrivande, kjekk og søt og heilt slik som det skal vera. Den er lett og enkel - kanskje typsik ferielitteratur? Språket er greitt. Eg har ikkje hatt spansk, men eg kan tenka meg at det er kjekt å lesa denne boka viss du har spansk i skulen - den har nemlig eindel spanske gloser i seg.

Dette fungerer!
Og det er kome to bøker til i serien:
Bok to heiter GRENSELØS KJÆRLIGHET
Bok tre heiter BRENNENDE HJERTER

Boka passar (best?)for elevar i ungdomskulen og vidaregåande, tenker eg!