lørdag 29. desember 2012

Elise og mysteriet med dei døde hestane : Anne Viken

OK, eg er inne i ein periode der eg gjer ting eg eigentleg ikkje vil eller ikkje likar. Foreksempel lesa hestebøker! No har eg lese to.
Eg er ikkje glad i hestar. Ikkje litt eingong! Eg er faktisk  livredd for hestar, og difor unngår eg alt som har med hest å gjera.
Men no har eg altså lese to (to!) bøker om hestar og unge jenter. Og eg har faktisk synst at dei var kjekke! Begge to.
"Elise og mysteriet med dei døde hestane" får eit digert pluss med ein gong berre fordi den er skriven på kjekt nynorsk. JIPPI JUBEL! I tillegg er det ei kul bok. Intet mindre.
Elise, vår heltinne, er veldig ung (trur at ho skal byrje på ungsomskulen etter denne sommaren?) men ho har fått lov til å vera veterinærassistent ein heil sommar. Ho vil bli dyrlege, så dette er ein fantastisk mulighet, sjølv om ho må bu i hytta i Tordenbygda heile sommaren. Ho bur i lag med den unge, vakre onkel Kalle som har sagt seg villig til å ha henne med. Han er nyutdanna veterinær, køyrer bil som ein gris og er så sjarmerande at gardskonene går med sminke i fjøsen når dyra er sjuke! haha!
Det er mykje som er spesielt og stilig i Tordenbygda. Der bur Gamle-Mathias og ein galning av ein prest. Men det luskar skumle personar i skogen. Og både kyr og hestar døyr på uforklarleg vis. Og kven er han russaren med den gedigne, svarte hingsten? I Tordenbygda har dei dessuten ein eigen (og aldeles fantastisk) hesterase : ivanhestane.  Dei er store, flotte og sølvskimrande. Makalaust! Er Anton ein slik Ivanhest, slik som den sinte eigaren påstår?
Elise havnar sjølvsagt i livsfare og det går heldigvis (og naturlegvis!) bra til slutt, men det er på hengande håret.
Det som eg likar aller aller best er at det ikkje er sentimentalt og klissete. Av og til  døyr dyra, faktisk. Det brutalt - og sånn er jo livet.  Historia er litt vill og utruleg, men settingen er på eit vis realistisk.  Me møter folk som tek godt vare på dyra sine og folk som ikkje bryr seg og som aldri skulle hatt lov til å ha dyr. Og me lærer mykje om dyresjukdomar! Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!
Anne Viken, bra forfattar!

tirsdag 18. desember 2012

Hunger av Harals Rosenløw Eeg

Hunger? Ja, det skal eg lova deg! FOR EI BOK!

Kva er det som er typisk i ein ungdomsroman? Umogeleg kjærleik. Sjukdom. Sosiale problem. Vanskelege, store valg. og døden. Ganske ofte er døden med.
Jepp, denne boka har alt det. Men der sluttar boka å vera typisk.  Der byrjar den i staden å vera fantastisk!
Marius er rundt 15 år og har nett flytta heim att etter å ha budd borte nokre månader (kanskje eit halvt år). Foreldra har skilt seg, men Marius føler ikkje at faren er spesielt glad for at Marius er tilbake. Sven, Marius sin bror har vore dødssjuk, men er no blitt frisk.  Og Karla. Marius er forelska i Karla. Han har laga eit risp i armen sin for kvar dag han har vore vekke frå henne.
Men er dei saman? Eller er ho saman med Sven? Og kva er det med Kai, den nyinnflytta naboguten?
Og den mystiske bubilen? knoklane? Kai sin forkrøpla arm?
Her er så mange spørsmål! Eg sat ganske ofta og var forvirra medan eg las (litt sånn "HÆ?"), men det gjorde ingenting for boka har ein sånn enorm driv. Eg kunne ikkje legga ho frå meg! Herlighet kor spennande.
Harald Rosenløw Eeg er ganske sikkert ein av dei aller beste forfattarane me har her i landet! Han skriv så intenst og smidig og kult og og og (det gjer visst ikkje eg nett no. ops). Stemninga i boka går rett under huden på meg. Eg trur at dette er det som heiter ein psykologisk thriller.
Men de? LES DEN DÅ!
Det er faktisk ikkje noko å venta med

mandag 10. desember 2012

Absolutt ukyssa : Nina E. Grøntvedt

Hurra!
Absolutt ukyssa er nett lika kjekk som "Hei, det er meg", den forrige boka om Oda Andrea og gjengen som bur i Krokkleiva.  Eg blir skikkelig glad av å lese desse bøkene!  
Har du lyst å kosa deg med ei bok om ei jente som snart skal begynna på ungdomskulen, bør du faktisk velja ei av desse! Go on! Ta gjerne "Absolutt ukyssa".

Me møter som sagt Oda. Det er hennar historie, hennar dagbok! Ho er som 12-13åringar flest, oppteken av vener og av å ha det morro. Ho er ganske forelska i Stian (nabogut som er eit år eldre), og har eit prosjekt som går ut på ikkje forbli ukyssa. 
Her er mange fine, fæle og morsomme forviklingar. Dei kan me kjenna oss att i. Det er jo det livet er fult av...
Eg kan røpa såpass at Oda ikkje er heilt ukyssa på siste sida, men det gjekk IKKJE etter den opprinnelege planen. Viss ho eigentleg hadde nokon plan, då!
Les og sjå kva du syns! 
Eg elskar den!

torsdag 6. desember 2012

Noe usynlig av Siobhán Parkinson

Jake er 11 år og veit mykje. Han er opptatt av fiskar og leksikon. Han likar å snakke og å tenke. Men han har kanskje tenkt litt for mykje på litt for vanskelige ting i det siste? I allefall har han registrert at mora er blitt tjukk, men det kjem som eit stort sjokk når han får ei veslesyster...!
Jake legg merke til Stella. Ho er veldig tynn og er alltid omgitt av småsøsken. Mange småsøsken.
Utan at jake vil det, vert han og Stella venner.
Jake vert dessutan ven med ei gamal og giktbrudden dame.

Livet er ikkje så aller verst, heilt til det aller verste skjer....! Og det kan vera Jake si skuld!
Det er tragisk og trist, det som skjer.
Men boka er meir humoristisk enn trist, det lovar eg!
Les, min venn!

(høver frå 10 år og oppover, trur eg)

mandag 26. november 2012

BEISTET av Ingunn Aamodt


Hahaha eg ler!
Denne er kul!
Enkel og barnslig, ja! Men veldig kjekk!
Mona går på konsert med sitt store idol, rapparen EK. Han er herlig! Han er ALT.
Og underet skjer : Mona får høve til å delta på backstage-festen!
Og ikkje nok med det (her strøymer det på så ein knapt kan anda):
ho og EK finn tonen. Dei finn den veldig. Ho vert med han heim.  Plutselig er ho ikkje jomfru lenger. Mona og EK! Mona er overlukkeleg
Men det kan jo ikkje vara.
Neste morgon går alt i vasken. Mona får sjølvbiletet sitt knust. EK kallar henne eit beist.
Eg vil ikkje røpa noko av det som skjer, men eg vil oppmoda deg til å lesa! Her får me ein stilig historie. Og lettlest!  Stikkord: popbransje-eventyr, hevn, vennskap, kjærlighet, hevn, spisevegring, musikkvideo, hevn, humor,viljestyrke, hevn og galskap.

Eg har lyst å skriva nokre ord om Patrik. Patrik er Mona sin gode og trufaste ven. Han er ein ekte helt! Gjennom heile boka heia eg på Mona, det er sikkert. Men ho har nokre sider som ikkje er så bra (det er nok det som gjer at ho er lett å lika og lett å forstå?) ....Men Patrik, han er som ein engle. Av alle som er med i denne boka, likte eg Patrik best! <3

Men no har litt dårleg samvit fordi at eg skreiv at boka er barnslig. Det er jo på ingen måte eit barnslig tema i boka! Forstå meg rett! Dette er ei bok for og om ungdomar.
Men språket er enkelt og løysinga på floken er litt "amerikansk film". Eg elskar det!  Eg trur det heiter feelgood! (smilefjes)

"Beistet" ventar  på deg! LES  - det går fort, for boka er tynn og fin!

lørdag 24. november 2012

Alt jeg vil er å kysse deg : Charlotte Glaser Munch



Sara er 14 år. Ho og familien har nettopp flytta til Asker frå Tromsø.
Det har skjedd noko. Noko med foreldrene. Det har skjedd eit eller anna, slik at dei måtte flytte frå Tromsø i all hast. Sara vart ikkje spurd. Ho vart "rykka opp med rota" frå det fine livet ho hadde. Ho vart riven vekk frå skulen, dansen, alle venene og ikkje minst besteveninna Siv.
I Asker finn ho seg ikkje til rette. Ho er redd for at ingen skal lika henne, og difor slepp ho heller ingen innpå seg. Ho tør ikkje begynna på dansing igjen, på grunn av nokre ekle jenter i klassen... Livet er slett ikkje lett lenger. Mor og Far er voldsomt opptekne av dei nye jobbane sine og av kvarandre. Storebroren går på vidaregåande og har nesten flytta inn i russebussen han er med på. Sara er usynleg....
Det einaste lyspunktet er Ivar. Ivar er 1 1/2 år gammal. Han bur i nabohuset. Sara er barnevakt for han fleire gonger i veka. Ho likar det. Ho hentar han i barnehagen, lagar mat og passar han om kveldane. Mia, mor til Ivar, er fin å prata med...av og til.  Sara føler det slik, men det er kanskje fordi ho ikkje har nokon andre å prata med....
Sara drøymer seg inn i rolla som mor. Ho vil vera ei god mor som har tid til ungane sine og mannen sin.  Og ho skal i allefall ikkje vera utru! Mia er utru, og flyttar ut.  Sara må forhalde seg til Ivar sin pappa, Adam. Adam er snill og vakker. Sara blir forelska.
Ung jente (snart 15) forelska i vaksen mann (29). Dette er ikkje riktig!

Dette er ei lita bok, med eit stort og viktig tema.

Heldigvis snur Sara sin historie seg. Me likar jo at det går bra til slutt!? Eg likar det, i allefall!  Eg sat att med ei god kjensle då siste sida var lest! Det er ikkje alltid.
Dette er nok ei jentebok.
Så les då, jenter! Eg anbefalar den!

onsdag 21. november 2012

En blå kjole fra Herr Hitler Toril Brekke


 

Har du lyst å lesa ei lita bok?
Denne er lita.  Det tek ikkje mange timane å lesa den. Men den er mektig likevel.  Eg vart tatt litt på senga, eg hadde ikkje sett meg inn i kva denne boka handlar om. Eg berre las.
Og eg vart gripen!
Det handlar om Liv, ei ung jenta som har isolert seg i besteforeldrene sitt gamle hus. Ho har tenkt å ta livet av seg, men så vert ho forstyrra. Det bur ei eldre dame litt lenger oppe i vegen. Ho heiter Irma. Irma har gått tom for matvarer, og no treng ho nokon til å køyre seg til butikken.
Liv hjelper henne motvillig, og tenker at ho får ta livet sitt om eitpar dagar når Irma har fått det ho treng.

Irma og Liv
Begge har ein stor hemmelighet som dei ikkje har fortalt til nokon. før.
Det veks nokre sterke band opp mellom dei to damene. Dei finn ei slags meining i det å ha møtt kvarandre. Er det tilfeldig når me støyter på folk som sidan vert viktige i liva våre?  Denne boka visar kor viktig det er å samtala med andre. Kor avhengige me er av kvarandre. ...og kor stor makt det er i ei forteljing!
Magisk!
I denne boka ligg det mykje kunnskap, historie og livsvisdom. Og tapt kjærleik og fint venskap...
Tips: Dette er ei fin julegåve!

LES!

Din vakre jævel Helene Uri og Arne Svingen



Nok ei glimrande ungsdomsbok!
Denne her er berre enormt kul!
RÅ - HEFTIG - VILL - SEXY
Opposites attract!
Det handler om Robin og Hedvig.  Robin er 15 år og går på ungsomskule. Hedvig er 25 år, har god jobb og ein snill og korrekt mann som ho er forlova med. Hedvig kjem frå ein velståande heim, Robin er vane med å hjelpa mamma med pengar.
Heile forteljinga byrjar med at Robin og to kompisar skal rane ei dame. Dei stel lommebok, telefon og ein stor diamantring. Offeret er Hedvig. Hedvig vert naturlegvis svært skremt av hendinga. Ho melder dei tre gutane til politiet.
Men ho kan ikkje få Robin ut av tankane.
Og Robin kan ikkje frå Hedvig ut av hovudet sitt.
Og eg klarte ikkje få denne forteljinga ut av mitt. Eg ville berre lese lese lese
Robin og Hedvig utviklar eit forhold. Det sjokkerar både meg og dei.
Eg elskar denne boka

Hedvik og Robin fortel kvar sitt kapittel. På denne måte får me sjå historien frå begge sider! Ein genistrek!
Uri og Svingen har fått det til før! Det er berre å ta av seg hatten (Men endå viktigare å gå til biblioteket og låne boka!)
LES, min venn! LES

torsdag 8. november 2012

Himmelen begynner her Jandy Nelson

Dette er ei bok som eg vart interessert i å lesa då me fekk ho inn på biblioteket i fjor. Ho vart mykje utlånt, så eg gløymte å lesa ho sjølv.
Men no har eg. Eg har lese og no vil eg skrive ho. Ho er nemlig ganske fantastisk!
Eg fekk ei sånn deilig kjensle då eg las den boka! Eg gledde meg til kvar gong eg skulle ta ho fram. Eg ville aldri at den skulle slutta.

Hovudpersonen er Lennie. Ho har lese "Stormfulle høyder" 23 gongar, og ho skriv på alt. Ho skriv på lappar, kvitteringar, posar, serviettar, pappkrus, skoa sine...
Kult!
Karakterane i boka er så stilige! Lennie er ei samansatt jente. Ho er sikker og usikker på ein gong. og ho er morsom! Lennie har ein hippi-onkel, ei kunstner-Besta, og ei ellevill og feministisk besteveninne. I tillegg er det Toby, den triste og kule og dyrevennlige skater-typen. Det er Joe, den heilt vanvittig, overnaturleg vakre og musikalske (og halvt franske) nye, guten på skulen. Og så er det Baily! Baily var Lennie si elskede storesøster, men ho døydde brått.
Dette er historien om korleis Lennie, som fram til ho har "levd i søvne" i skuggen av Baily, må finna vegen ut av sorga. Det er ein kronglete veg. Den er trist og sår, men og romantisk og til tider svært komisk! Lennie må finna ut kven ho er, utan Baily. Er det lov å vera forelska når du er i sorg? Er det lov å kysse den som var kjærasten til ho som er død?

Her blir det forviklingar! Og romantikk. Og veldig mykje tårer (ja, eg grein ikkje, men Lennie grin ofte. Dei andre karakterane grin og litt!) og latter! Og forunderlige formuleringar. Og ein del klisjear.
Eg elskar det!
Eg syns boka var glimrande fordi eg vart overraska! Når forteljinga balanserte på grensa til å vera for platt eller for sentimental, kunne plutseleg alt snu og eg sat og lo med boka i fanget!
Digg!
Les sjølv!

tirsdag 30. oktober 2012

Viridians blod Lene Kaaberbøl

Bok nummer 2 i serien VILLHEKS, som eg skreiv om i forrige månad
<3

Eg kan ikkje få nok av gode bøker på vakkert nynorsk!
Viridians blod er ei slik.
Dette er den enormt gode fortsetjinga av boka Eldprøva, og du bør lesa den før du les Viridians blod.

Det er rett inn i dramaet med ein gong: Clara er på helgebesøk hjå faren sin, då det kjem ein tårnfalk susande inn i rommet og på dramatisk vis leverar ein lapp til henne. Det er ein innkalling til eitslags møte. Det står kvar og kva tid ho skal møta opp, men ikkje kva det gjeld. Pang, me er igang!
Det viser seg at villheksa Shanaia er i trøbbel. Den vonde Kimæra har tatt barndomsheimen hennar og den einaste som kan hjelpa Shanaia, er Clara.
Clara vil ikkje. Ho er livredd for Kimæra og sikker på at ho manglar evnene som trengs for å seira. Clara sin aller beste ven, Oscar, har ingen hekseevner, men han blir denne gongen med inn i villverda der det onde kjempar mot det gode i klassisk stil. Clara får ei melding: HUGS VIRIDIAN! Ho veit ikkje kva det skal bety, men Katt og alt i villverda minnar henne stadig på denne Viridian.
Skrekk og gru, det er så bra! Her får me blodkunst og haifuglar og ein liten Ingentingen. Kamp på liv og død.
Clara er ei ekte heltinne!

I have one word:  JIPPI!

Vann til elefantene Sara Gruen

VOKSENBOK!
Eg var sjuk, og tok meg tid til å lesa ein roman for vaksne igjen. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å lesa den. Eg har jo høyrt av mange lånarar at den var kjekk, men eg har ikkje blitt frista.
No tok eg den likevel, og veit de kva?
LES DEN!
Den er ikkje spesielt avansert, og burde absolutt lesast av  unge menneske (dei som ikkje er vaksne endå) og! Den heilt fornøyelig! Eg koste meg, koste meg, koste meg!

Det handlar om Jacob på 23. Han er nesten ferdig utdanna veterinær (manglra berre avsluttande eksamen), då foreldra døyr. Praksisen til faren, og huset til foreldra (som Jacob trudde han skulle arve) visar seg å vera kommunen sitt eige. Jacob er heilt aleine, på bar bakke.
Tilfeldig havnar han på "Benzini-brødrenes Mest Spektakulære Sirkus i Verden".
Å, for ei bok!
Her er sirkus og romanse og intrigar og slossting og løver, dvergar og elefantar! Her er fiendar, mishandling, fantastisk humor, hat og venskap.  Alt.
Eg er betatt!
Sirkuset vert livet til Jacob i mange år. Her møter han den (eller dei?)store kjærleiken. Marlena og Rosie!
For Jacob blir sirkuset  redningen, men og eit grusomt mareritt. Les, folkens! les og nyt!
Og le!

Farlige spor Kjersti Scheen

Denne har eg gledd meg til!
No har eg lese den. Forlaget seier om denne boka: "spennende sommerkrim!"
Bortsett frå at eg er ENORMT lei av ordet spennande for tida, er eg einig. Dette er ei spenningsbok som fungerar knallbra.
Det handlar om Victor. Han skal på hyttetur : sommarferie med mor og far og ei lita søster. På ei øy.
Utan mobildekning og internett. Juuuubel! ...eller?  Victor er ikkje spesielt klar for denne turen. Han føler at han er stor nok til å få vera att heime, medan dei andre "leikar familie". Men ut i skjærgårdsidyllen må han, og han bestemmer seg likegodt for å gjera det beste ut av situasjonen. Det er fire andre ungdomar på øya. Victor blir facinert av den vakre og mystiske Vero med ein gong. I tillegg er tvillingane Trym og Thea der. Og så er det Lukas. Han er sur og avmålt og  ikkje på ferie.
Ungdomane har ikkje så mykje å ta seg til. Øya er lita  og har ruinar av eit gammalt fort. Dette vert "leikeplassen" deira. Ja, dei byrjar på ein måte å leike...Dei får tida til å gå ved å leite etter "spor".
(det ligg i korta at den uskuldige leiken, plutseleg vert meir alvorleg enn dei likar!)
Leiken blir farleg og dei klarar ikkje slutte!

Det som eg likar aller best, er den realistiske settingen. Eg for står jo så godt atå vera "låst" på ei øy i tre veker utan nett og utan ein bestevenn, ikkje er høgast på ynskjelista til mange unge. Victor er sur. Det trur eg på!
Dei fire ungdomane famlar når dei skal bli kjedt med kvarandre. Dei er ikkje positivt innstilt til kvarandre ein gong! Dei er så ulike, og hadde det ikkje vore for at dei på ein måte vert tvinga til å feriera i lag, hadde dei ikkje valgt kvarandre til vener. Det er stilig og det gjer at eg trur på historien.
Dei er EINGENTLEG ikkje så voldsomt interressert i det dei finn heller, men dei har ikkje anna å ta seg til enn å begynne å grave og snoke. Endå det er barnsleg....
Eg likar det!
Å avgrense alt til ei øy, er kult og får meg til å føla at eg les ein klassisk roman.
Eg vart riven med og måtte lesa boka fort ut!
Passeleg med fjortis-faktor
Passeleg med romantikk
Passeleg dose nervepirring
Tommel opp!

PS! Det går heilt fint å lesa "sommarkrim" om vinteren!
(Passar best for for dei som er 11-16 år, kanskje)

lørdag 20. oktober 2012

Kirsebærsnø : Ingelin Røssland

Hadde det ikkje vore for at det var Ingelin Røssland som hadde skrive denne boka, hadde eg ikkje valgt den.  Tittelen er kjedelig (i mine øyre, verfall) og bildet på framsida er for vakkert til at eg blir freista...eller, kva skal eg sei? Boka ser kanskje for snill ut?
Men saken er:
1. eg DIGGAR Ingelin Røssland
2. eg hadde lese dei første kapitla gratis på nettet og var allereide hekta på boka FØR eg hadde sett den!

OG BOKA ER DIGGBAR!
Eg elskar den!
Den er ikkje så snill og enkel som den ser ut. nei.
Hovudperson er Cathrine. Ho er gift med Tom Ove. Dei har det ikkje strålande i lag.
Det går meir om meir opp for Cathrine at ho ikkje har det bra i ekteskapet sitt. Ho har brukt all sin energi på å gjera Tom Ove glad, og visa han sin kjærleik. Og så har ho missta seg sjølv litt på vegen. Og ektemannen (som er både snill og vakker), tek henne for gitt.
Det dukkar naturlegvis opp ein mann som ser henne. Som SER henne, slik som ho har lengta etter at Tom Ove skal sjå henne.

Det er ein kunst å skrive slik at den som les opplever spenningane mellom personane i boka, uten at det står noko om den. Det klarar Ingelin! Eg er så glad for at eg har lese  boka! Anbefalar alle (vaksne) å lesa den. Alle.
Den er lett å lesa. Og, det står skrive (!) på vakkert, vakkert nynorsk! JIPPI!
Eg gratulerar Røssland med (nok) ei knallgod bok (Som eg skulle ønskt var mykje lenger!)
Og så gratulerar eg megsjølv med å ha lese ein vaksenroman (kryss i taket) - det var ein svært god opplevelse, freistar til gjentaking!

LES KIRSEBÆRSNØ, FOLKENS!

søndag 7. oktober 2012

Fred i tusen biter Anneli Klepp

Denne boka har eg fått i gåve!  Så enormt heldig var eg! Og inni står det: "Til Ragna Helene. <3 hjerteklem, AKlepp"  (Jubel og trommesolo!)
Denne helga skulle me ha det ekstra kjekt, på vennetur til Karmøy med heile familien: finfin anledning til å ta med kjekk bok!

Hans tok bilde av meg då eg las den fine, rørande boka!
Ingen tvil om at eg hadde store forventningar! Anneli Klepp er ei av dei eg verkeleg beundrar fordi ho skriv så godt for barn og unge.

I "Fred i tusen biter" møter me Norah og Einar. Norah har det vondt. Ho vert mobba på skulen, ho har ingen vener. Mora er ikkje tilstades og Norah prøver å halda ut ved å stenga alle ute frå livet sitt.
Ein dag oppdagar Einar korleis Norah har det. Han ser jentegjengen mobbe henne på det grovaste, men han gjer ingenting med det.
Men Einar er ein snill gut. Han får sjølvsagt svart samvit, og tenker på Norah natt og dag.
Heime hjå Einar er det heller ikkje så greitt å bu. Storesystra er heilt umulig og foreldra forstår ingenting. Einar forstår ikkje så mykje han heller...
Einar og Norah har to paralelle historiar som plutseleg kryssar kvarandre, og to liv får ein ny retning.

Sorg, einsemd, kjærleik - alt kjem tett på i denne boka.

Eg måtte gråta. Fleire gonger. Eg vart oppslukt og eg vart rørt.
Det er søren ikkje lett å vera tenåring!
Kanskje eg har nevnt det før : eg likar "happy endings"! Veldig godt! Eg vil helst ha det.
Denne boka (som er sår og trist) har ein nydelig undertone av håp, og eg sit att med ei kjensle av at dette kjem til å gå bra!
Men eg vil gjerne vite meir! Eg håpar at Einar og Norah dukkar opp i ei ny bok eingong! Eg er ikkje klar til å sleppa dei frå meg endå.

KNALLGOD BOK!  (høver for dei fleste, men aller best for deg som er 12-15 år, kanskje)

onsdag 3. oktober 2012

Lille ekorn : Linn T. Sunne


Aurora er ei flink og glad jente. Ho er god på skulen, glad i familien sin og i besteveninna Josefine.
Ho og Josefine spelar handball, og Aurora er svært god.
Ho får eindel ekstra merksemd av trenaren Gaute. Han sender av og til SMS til Aurora. Han har lagt merke til henne. Det er alltid litt deilig når nokon legg ekstra merke til deg.
Men Gaute burde ikkje sende slike meldingar, han er ein vaksen mann. Han er faren til Dorthe i klassen.
 
Eg har ikkje lyst å avsløre heile handlinga.
Eg er så glad for at denne boka er her!
Den er så lett å lesa at det er eit reint kunststykke frå forfattaren si side!  Men det er tyngd i innhaldet. Eit enormt viktig tema  behandla på ein god måte.
Tommel opp!
Eg kastar to terningar og gir boka ein sterk 12!
 
LES, FOLK!

mandag 1. oktober 2012

Fuck off I love you Lars Mæhle

Denne boka var bra. Really!
Det handlar om Vemund som er 16 år. Han får sin første kjærast, og har det fint. Men utan at han vil det sjølv (eller kan styra det sjølv), vert han dratt med i ein gjeng, der den skumle (og vaksne) Two-face er leiaren.
Two-face har ein 20-kroning i lomma. Alltid. På eine sida av mynten står det FUCK OFF, og på den andre sida står det I LOVE YOU

Når Two-face skal ta avgjerder, let han mynten bestemme. Han kastar mynten i lufta og ser kva veg den landar (ein stilig paralell for dei som diggar Batman). Blir det "I love you", vel han ei god løysing, men blir det "fuck off"...
Han er så ekkel, han Two-face! Og han har så enormt stor makt over gutane han samlar rundt seg. Han truar dei til å vera trufaste. Han kvir seg ikkje for å ty til vald.

Vemund fortel sin tøffe, triste og viktige historie på ein god måte. Eg la ikkje vekk boka før eg hadde lese ho ut.  Og det enda IKKJE slik som eg hadde trudd! Det er det beste.

Boka er skriven på vakkert og lettfatteleg nynorsk. Lars Mæhle debuterte som ungdomsforfattar i 2002 med boka "Keeperen til Tunisia" som seinare vart til den kjekke filmen "Keeperen til Liverpool". Eg  likte begge!
Og eg likar Fuck off I love you!

LES DEN!
(Og viss du foreksempel ikkje gidd å lesa boka sjølv, kan du jo berre høyre lydboka? Den vert lest av min kjære sambygding og venn Frank Kjosås. Han med den fine stemma, veit du!)

tirsdag 25. september 2012

LYSLØYPA Gunnar Ardelius


Eg diggar omslaget på denne boka! Dess meir eg ser på det, dess betre likar eg det. Joggeskolissene som dannar bokstavar...mmmm! Og fargane. Dette er rett og slett ei bok som tiltalar meg noko heilt enormt.
Sant ho er fin?
Eg greip boka KUN på grunn av utsjånad. Forfattaren hadde eg aldri høyrt om før(!). Han er svensk og har skrive ungsomsbok før. Det har eg funne ut no i ettertid.
Eg vart glad og blid då eg såg at det var Ingelin Røssland som var oversetjar. Ho diggar eg jo og!

Boka handlar om Morris som er ekskjærast med Betty. Han spring. Han spring for å gløyme å tenke på Betty. Morris er nemlig overvelda av kjærlighetssorg. På springeturane er han ilag med sin bipolare far som han har ei voldsom sut for. Han bur ilag med mora.
På ein treningsrunde møter han Lena. Ho er grei og kan kanskje vera ei som Morris kan elske.

Gubba, eg kjeda meg! Eg syns sett og slett at boka var kjedeleg (det er ikkje ofte). Den er godt skrive, men eg "datt av lasset"....kan ikkje anbefala den, desverre. Her var det for lite liv, eg vart irritert på begge foreldra til Morris(jaudå, den har jo vekt nokre kjensler i meg!), og eg syns til tider Morris sjølv var tafatt. Eg merka ingen spenningskurve, og spelte ofte litt chuzzle på telefonen før eg gadd å lese vidare i boka....ikkje bra.

Det som eg faktsik likte svært godt, var dialogane. Eg vart heilt fasinert, fordi personane i boka sa heilt andre ting enn det eg forventa av dei. Det var ganske kult!

Eg har sett litt rundt på nettet, og Lysløypa har jo fått ganske fine omtalar både her og der....det KAN hende at den rett og slett er både kjekk og god og at det det er meg det er noko gale med (men er ikkje det svært lite truleg, då?)
=0)

kun ein måte å finna det ut på: LES SJØLV!

Eldprøva Lene Kaaberbøl


Ein ny og god fantasy-serie er her!
Den heiter VILLHEKS og bok nr 1 heiter ELDPRØVA
I dag er eg begeistra. (jubel jubel)
I dag rår eg deg til å lesa den første boka i serien om den heilt vanlige jenta Clara (som sjølvsagt viser seg å ikkje vera spesielt vanleg likevel.)
Å skrive god fantasy for barn er ein kunst. Danske Lene Kaaberbøl er ein meister. Ho skreiv Skammarserien (for ganske mange år sidan!) som er heilt genial. Den handla om Dina som hadde den eigenskapen at ho kunne sjå det som folk skamma seg over når ho såg dei i augene. Huff, for ein eigenskap! Men i heitaste kor bra bøkene var! (Har du ikkje lese dei, spring til biblioteket og lån dei at once!)  Og no ligg det an til å bli likeså kjekt å lesa om Villhekser.
Eg vart fengsla med ein gong, sugd inn i handlinga. Det er det beste. I opningscena er Clara på veg opp ei trapp (med sykkelen sin på slep) for å kome seg til skulen. Og så vert ho angripen av ein katt. Ein katt?! Ein diger katt.
I denne boka er det som alltid i fantasysjangeren, det gode mot det vonde.  Det vonde er ei skummel heks som heiter Kimæra, og det gode er sjølvsagt vår heltinne Clara. Ho havnar sjølvsagt face-to-face med Kimæra og må gjennom eldprøva for å overtyde alle om at ho er den ho er, med gode intensjonar.
Villhekser er gode hekser som hjelper natur og dyr. Det er fasinerande å lesa om og eg kosar litt ekstra med katten vår no etter at eg har lese den.
Er det berre bra ting å sei om denne boka, då? Ja, eg trur det. Den er i tillegg oversett til nydeleg nynorsk <3

GLER MEG TIL NESTE BOK!!

Pym Pettersons mislykka familie Heidi Linde

 Pym Pettersons mislykka familie

HIPP HURRA!
Det er all mogeleg grunn til å jubla. Det er fordi denne boka er presentert som første bok i ein serie om Pym! Jippi, altså!
Forfattar Heidi Linde har gjort noko heilt riktig når ho laga boka om Pym. Eg kan ikkje setje fingeren på kva det er, men "alt stemmer". Eg likte denne boka frå første til siste side. Det var så lett å kjenne seg att. Det var så spennande å lese om alle dei galne episodane som den (i Pym sine auge) mislukka familien  familien dumpa bort i.
Pym er heilt herleg!
Ho er 11 år og  ikkje på nokon måte perfekt. Ho er ganske skrytete og lyg oftare enn ho vil innrømma. Ho er litt sladrete og. OG morsom! OG kreativ! OG festlig! OG litt treig, av og til...
Men det er Pym som er litt treig av og til, det er ikkje boka! Eg storkosa meg, og tok meg sjølv i å tenke på Pym når eg sat i møte og når eg stod ved oppvaskbenken - eg gledde meg heile tida til å lese vidare. Det må vera eit bra teikn, eller?
Handlinga er ganske enkel : klassen til Pym skal skrive ein (heilt) sann historie frå sin eigen familie. Pym har ingenting å skrive om, for hennar familie er så inderlig mislykka. Etterkvart somdei andre i klassen har lese opp sine fantastiske historiar, får Pym meir og meir panikk. Ho har ingen forfedre som var krigsheltar eller storesøstre som er vakre som glansbilder. Det einaste ho har er ein far som snorkar og ei mor som er sliten...Men Pym har fantasi! Ho skriv i veg på dei mest utrulege familiehistoriane du berre kan tenka deg. Sjølvsagt vert ho avslørt!

LES!
Denne trur eg vil egna seg veldig godt til høgtlesing i klassen (4.-7. klasse?). Alle som har litt humor, vil nok lika den!

fredag 14. september 2012

Djevelkysset Unni Lindell



Lindell - kanskje mest lest i landet?
Ja, eg las den i sommar. I full fart. Og eg likte den.
Eg er ikkje så flink til å lesa vaksenbøker (generelt) og krim (spesielt), men eg har likt bøkene om Cato Isaksen, og dette er den 9. i rekka.
Denne er bedre enn den forrige! :)
Cato og hans litt(svært) ustabile kollega Marian Dahle er på jobb i sommarvarmen. Ei mor vert drepen med ein spade i eit skogholt like ved der ho bur. Rekka over menn som eg mistenkte medane eg las, var lang. Mordgåta klarte eg ikkje å løyse før løysinga vart servert. Kjekt.
Boka hadde god driv og eg fekk rikelig med underhaldning.  Jippi. Dette var ingen stor litterær opplevelse, men du verda kor kjekt det er å berre sluka ein god forteljing!
Cato er sliten og gler seg til ein etterlengta ferie. Siste arbeidsdag før ferien er 22.juli 2011 - me veit jo alle kva som skjedde den dagen. Eg reknar med han ikkje fekk fri som planlagt...ein liten og litt stilig detalj, litt ekstra krydder i forteljinga.
Til boka! LES!

tirsdag 4. september 2012

Annalisas dagbok Mariangela Cacace

Dette er ei jentebok, kanskje? Det er i allefall mange jenter med. Veninner. Kjæreste-prat. Intrigar. Ein kul Scooter. Hjartevarme. Kjærleik. Piercing. Strenge foreldre. Krangel. Slanking. Kjærlighetssorg. Framtidsdraumar.
Annalisas dagbok

Det er kjent og kjært. Dette har me jo lese om i så mange ungdomsbøker.
Men så er det annleis likevel! Tenk å leve med at veskenapping og ran er ein del av kvardagen? Tenk å bu i eit så korrupt land, at du aldri er trygg for noko! Skyting og annan grov kriminalitet er fjernt frå min kvardag....
Har du lese Anne Franks dagbok?
Denne boka er litt i slekt...
Annalisa budde i eit av Italia sine farlegaste mafia-strøk. Ein dag vart ho skutt og drept av mafiaen.  Faren hennar fann etterkvar Annalisa si hemmelige dagbok, og forfattaren (norsk-italienske Mariangela Cacace) fekk lov til å bruka dagboka som grunnlag for å gje ut denne boka. Me får Annalisa sin historie, som er støtta opp av forfattaren sine eigne tekstar.
Dagboka, og alle tankane til Annalisa, er lette å fatta. Dei er så typiske for ei jente på 14 år.  Men miljøet er ukjent. Det er litt godt og sjå kor like me jenter er sjølv om me har det heilt forskjellig!
Livet til Annalisa fekk ein tragisk utgang, men tankane hennar bør lesast av jenter overalt!

LES!

Bomb dem! Mikael Niemi



Mikael Niemi - mannen som skreiv "Populærmusikk fra Vittula". Me lo slik at me grein då me las den! Det er klart at eg hadde visse forventningar då eg sette meg med den nye boka hans "Bomb dem!"
-Tittelen er heftig!
-Framsida er tøff.
-Humoren er absolutt tilstades.
-Historien er sterk!

Niemi har heilt klart hatt skulemassakrane i Finland i tankane då han skreiv.  Her i Noreg opplevde me 22.juli 2011 : boka er brennaktuell  sett i dette perspektivet!
Hovudpersonen er 16 år. Han ser på klassekameratane sine som anten idiotar eller drittsekkar. Han ser seg sjølv som middels og kjedelig, ein som ingen legg merke til. Men inni seg veit han at han er ...eit geni! Han er rasande sint på alt og alle rundt seg. Men vår mann tyr ikkje til vald - han skriv dikt!

Bomb dritten
Bomb hele dritten
Kast granater i korridorene
Bomb hjernene
Kast ildstråler inn i klasserommene,
i klasseromcellene
Det takkete blir rundt
Det runde blir et hjerte
Hjertet fylles med bensin og kastes
Slik at sjelen brenner
Slik at vi dør og begynner å leve
Slik at taket løfter seg og vi kan se
Den røde himmelen


Han heng opp slike dikt på skulen, men vert møtt med sensur....
Det er ingen som forstår.
Men det er ein slags venn. Pålle heiter han. Problemet er at Pålle ikkje synst at ord kan brukast som pistol. Pålle vil ha krig.

Viss ikkje denne boka gjer inntrykk, kan eg ikkje forstå det! Dette er ei sterk og viktig forteljing.
Den er lett å lesa, den har eit sprakande energisk språk, den gjev skarpe bilete, den overrumplar og gjer meg lattermild, trist og redd - alt om ein annan.
Er den god? Ja, det trur eg.
Er den verd å lesa? Ja, det veit eg.
Til boka, folkens!


torsdag 30. august 2012

Giftige hjerter S. B. Hayes


"Giftige hjerter" kom inn på biblioteket i sommar, og eg tok den med heim på grunn av det fine, raude håret på framsida. (Ja, eg har jo nettopp bytta til raudt hår sjølv! Klart eg ville lesa denne då!)
Av og til er det kjekt å lesa bøker utan å ana kva ein går til, men eg hadde ein mistanke om at det var fantasy.
Det var det IKKJE  =0)

Historien er mystisk og medrivande.
Hovudpersonen heiter Katy. Ho er 17 år og lever eit vanleg liv. Ho strevar litt med at ho føler seg litt kjedelig og utanfor, men er i det store og heile fornøgd.
Ho er forelska i ein vakker og populær gut, og det ser ut til å vera gjensidig...
Men ein dag møter ho blikket til ei jente med intenst grøne auge. Katy kjenner at dei to har ein spesiell kontakt. Denne mystiske jenta dukkar opp overalt. Det er som om ho kan lese Katy sine tankar.
Katy tek mot til seg og tek kontakt. Den framande jenta rører leppene, men det kjem ikkje ein lyd. Alikevel høyrer Katy heilt tydelig:
"Jeg skal gjøre livet ditt til et mareritt"
Livet blir snudd opp ned for Katy.
Giftige hjerter er ein ordentlig ungdomsthriller.

Eg vil ikkje røpa så mykje, for eg vil at du skal lesa den sjølv.
But I can say this much: slutten overraska meg! Det er det beste eg veit!

LES, MIN VENN!

Hockeysveis fører til dårlige rim av Siv Wyller

HIPP HURRA!
HAr du nokon gong sett ei kulare bok?
Har du nokon gong lese ein stiligare boktittel?
Har du nokon gong sett ei meir fantastisk framside (eller, heile omslaget, faktisk!)?

Denne boka er ei gåve - intet mindre!
Eg ler berre av å lesa tittelen.

Boka handlar om den kule og glade frisøren Lazze som forsyner alle med hokeysveis. han klypper og friserer hokey til ALLE høve:
    … hver eneste dag fører Lazze folket og frisyren mot nye høyder. Han klipper hverdagshockey, festhockey, bryllupshockey, begravelseshockey, kontorhockey, bingohockey, krisehockey, hentehockey, friskushockey, kioskhockey, tjukkashockey, dansehockey, kirkehockey, bursdagshockey og kyssehockey. (s. 7)

    Lazze elskar dansebandmusikk og er blodfan av bandet Lasse Stefans. Til kvardags lagar han glade (litt grove) og festlege rim til kundane i frisørsalongen.
    Men Lazze har eit stor problem: når han vert nervøs, vert rima han lagar stygge, sårande og ondskapsfulle. Lazze blir kjempenervøs kvar gong han skal rima til Gunn (ho er den vakraste, den einaste, den viktigaste <3)

    Lazze har dessutan to fiendar. Det er Fru Holm og den skalla presten, han som ikkje går med hockeysveis (av naturlege årsaker)

    Boka er proppa med humor og intrigar, samfunnskritikk og kloke (om enn banale) tankar. Her er det krimgåte, slektshistorie, kjærleiksroman og satire! Alt i boka er motsatt av sånn eg syns det skal vera...det som er teit, er kult!
    Eg diggar den! Denne boka svingar som pokker!

    Kven passar den til?
    Alle, trur eg. Les den og sjå om den passar for deg?

onsdag 29. august 2012

Mariahagen av Liv Frohde



Det er  alltid morro å lesa om tre veninner! Viss du er jente og går i 5., 6. eller 7. klasse, trur eg denne boka er perfekt for deg! I "Mariahagen" møter me tre veninner som skal på sommarferie heilt åleine for første gong. Dei skal nemlig passe båthuset (og båten og katten) til ein slektning (som må på sydentur med kona si). Dette båthuset er eigentleg berre eit vanleg naust, og jentene må sova på golvet i soveposar. Dei har verken kjøleskap eller do. Det er utruleg kult! (eg veit at eg hadde digga det viss eg hadde fått ha ei slik veke då eg var i den alderen)
I nærleiken av naustet står eit hus, heilt forlatt. Det var der Maria budde. Maria, ho som forsvann i fjor. Politiet trudde at ho tok sjølvmord.
Jentene vert forundra ein kveld då dei ser at det lyser frå rommet til Maria. Huset er visst ikkje så forlatt som dei trudde. Jentene byrjar sjølvsagt å "snoke", og det dukkar opp spor etter Maria både her og der....

Boka er lettlest! Og kjekk. Den er ikkje så spennande som eg hadde håpt, og diverre vart eg skuffa over avslutninga...oppklaringa av mysteriet er for banalt, syns eg.  Eg trur ikkje heilt på ekskjærasten. Han er for vag. Og det meste går litt for glatt for detektivjentene...Men no er jo eg vaksen, og boka er skrive for barn.
Eg diggar boka! Kosa meg med den. Den var ikkje nervepirrande, men kjekk heile tida =0)

LES GODTFOLK!

fredag 17. august 2012

Inn i elden av Aina Basso

Inn i eldenAina Basso har eit nydeleg språk!
Ho skriv vakkert og truverdig. Eg ynskjer meg at ho aldri skal slutta å skriva historiske romanar. Først var det "Ingen må vite", så kom "Fange 59. Taterpike" og no:

INN I ELDEN
Boka byrjar i København der Dorothe bur. Ho er ei ung jente frå ein velståande familie. Eg trong ikkje lesa mange sidene før eg vart glad i henne. Ho føler seg slett ikkje klar, men ho vert gift med Johann og må fylgje han til Vardø. Johann er fut, og oppgåva hans er å finne heksene og straffe dei.
Der oppe i nord bur Elen. Ho er ei ung jente frå tronge og vanskeleg kår. Me forstår at Elen si mor er ei spesiell dame, ei "klok kone" som sambygdingane kjem til når dei har ulike problem. Ho tilbyr "trøyst" til mennene og kan mellom anna kunsten å stogge blod. Elen er ei skjønn jente med mange vonde problem. Medan eg las, ville eg  så gjerne hjelpe henne...
Elen og Dorothe sine vegar kryssar kvarandre.
"Inn i elden" er ei spennande og  svært dramatisk forteljing. Det er ei ungdomsbok, men denne vil eg låne ut til vaksne folk og! Eg syns sjølv at eg hadde stort utbytte (og ikkje minst stor glede) av å lese den. Eg lærte mykje. Dei to hovudpersonane stod på kva si side av "hekseprosessen" og gav meg eit fyldig innblikk. Det er alltid viktig å prøve å sjå (og ikkje minst forstå) saka frå meir enn ei side!
Genialt!
LES, MIN VENN! LES!

onsdag 6. juni 2012

Salamandergåten Jørn Lier Horst



God krim for barn/ungdom er ikkje alltid så lett å finna. Men her er den! Og heldigvis er dette første boka i ein ny serie - me får håpa at det vert mange, mange!

Cecilia bur på eit idyllisk hotell som faren eig og driv.
Leo bur også på hotellet, for mora hans jobbar der.
Une (pluss hunden Egon) er nabo og venn.


Cecilia finn eit lik. Ein mann har drukna og ho finn han i strandkanten. Synet er sjølvsagt forferdeleg. Det verste er at mora til Cecilia vart funnen på samme måte for eit år sidan...
Borna kontaktar politiet, men først tek dei bilete av funnet sitt.  Dei ser spor rundt liket. Det må bety at nokon har vore her og funne liket før dei - utan å melde ifrå.

På hotellet bur det mange gjester. Kven er til å stola på og kven er det ikkje?
Dei tre unge detektivane finn etter kvart ut at dei har vikla seg inn i eit vanvittig spel på liv og død.


Boka er spennande heile tida - den har ikkje daupunkt i det heile. Språket er godt og krimgåta er god. Eg jublar for denne boka! Gler meg til fortsetjinga!

fredag 1. juni 2012

Bandet mitt spiller ikke progrock : Liv Eirill Evensen


 

KULT!
Lett å lesa.
Nydeleg balanse mellom tekst og bilete.
Her held det ikkje å berre lesa teksten eller berre sjå  på bileta. For å få heile romanen med deg, må du faktisk bruka tid på begge delar =0)
Illustratøren heiter Ronja S. Berge - verd å merka seg!


Ja, dette handlar (som tittelene og framsida indikerar sterkt) om musikk. Jippi!
Men det handlar om mykje meir enn det : om å finna sin plass, om å stå trygt i seg sjølv!

Helle spelar bass. Ho er tøff og og spelar bra. Ho blir fast bassist i eit progrockband med berre gutar frå før. Det går fint først, men på ein fest rotar Helle med vokalisten:
"Jeg har gjort hovedtabbe nummer en og må betale prisen for det. Først roter jeg med Sebastian. Så blir han fjern og sur. Så endrer bandet øvingstider uten å si fra. Snart kommer de til å juge på seg at bandet er oppløst, for å bli kvitt meg. Det er den klassiske historien."

Heime har Helle det heller ikkje uproblematisk. Mora har ein ny mann og faren er flytta nordover og har funne seg eit nytt liv der. Helle leitar i dei gamle sakene hans under trappa og prøver å finna meininga med livet.


Det aller beste med denne boka er etter mi meining coveret! Eg diggar det! Eg spår at mange kjem til å lesa denne berre på grunn av at den ser så cool ut. Eg spår vidare at dei ikkje kjem til å verta skuffa!
Skulle berre ønskt at det var klikkbare lenker til musikken inne i boka...


torsdag 31. mai 2012

Aston Martin : Magnus Buen Halvorsen

Far er død.
Sverre er sint.
Mor ...har nok med seg sjølv.


Ja, dette er Sverre si forteljing. Sverre sit i vindauget og registrerar kva for bilar som køyrer forbi. Han tenker å bruka all informasjonen til å laga eit flott søylediagram. Eit som mor skal få sjå. Slik at ho kanskje legg merke til han...
Livet til Sverre er ikkje enkelt.  Han er ikkje populær. Han vert plaga av Alex og nokre av dei andre på skulen. Han trur ikkje mora likar han. Han saknar far sin. Han veit ikkje kva faren døydde av. Han kjempar med sorga si.
Og han er redd. Han er redd for at mora må flytta på sjukehus
Men Sverre har Ida. Ho er ein trufast venn (som han endåtil er litt forelska i <3).
Og så har han tante og onkel. Dei bur langt vekke, men viser han både kjærleik og omsorg.


Dette er ein så sår og vond historie (som heldigvis går litt betre mot slutten av boka. puh!)
Den er fin. Og original!
I byrjinga av boka møter me berre ein sint og frustrert gut. Han vil gjerne vere grei og gjere mora glad, men når ha ikkje klarar det, vert han sint og gjer dumme ting.
Men litt etter litt får me vita meir om kva som har skjedd. Kvifor er mamma som ho er, og kvifor er Sverre så sint?
Les! Les!


Passar kanskje frå ca 11 år og oppover

Blackout - Elen Betanzo

Eg røska med meg tre ungdomsromanar til sist helg. Eg tok med meg "Blackout" mest på grunn av at det var bilete av ein Shar Pei (ein hund) på framsida. Eg diggar dei!

Denne boka handlar om  fem ungdomar (ca 17 år?). Handlinga strekker seg ikkje over meir enn tre-fire dagar, men alikevel klarar me å få god oversikt og bli godt kjende med alle hovudpersonane. Me møter Siss, Maria, Joakim, Sebastian og Irina.

Vanlegvis likar ikkje eg at synsvinkelen/forteljarstemma skiftar, men det fungerar faktisk strålande her. I byrjinga måtte eg konsentrera meg for å vita kven eg las om, men det varte ikkje lenge før eg hadde eit godt overblikk! Alle fem ungdomane fekk kvar sine kapittel. Kapitla var korte. Det hadde ein slik effekt at eg følte eg las fortare enn eg eigentleg gjer! God kjensle =0)
Blackout er veldig ungdomsbok! Her har me alt som kan forventast å vera i ei slik: forelsking, fortviling, idealisme, den første heime-aleine-festen, svik, kjærleik, spiseforstyrringar, tjuveri, fråverande foreldre...ja, det meste (til og med ein Shar Pei!). Og forfattaren (som eg aldri har høyrt om før...er dette ein debut, kanskje? Det må eg sjekka) minna meg på korleis det var å vera ungdom. Det var jo heilt intenst. Det er denne boka og.
Kvardagane til dei fem ungdomane flettar seg fint inn i kvarandre. Kanskje denne boka hadde gjort seg betre som film? Eg syns av og til sånne filmar der me følgjer ulike personar som nærmar seg eit møtepunkt utan å vita det, er stilige! Irina skal ha fest og alle dei fire andre dukkar opp på denne festen. Festen er det magiske (?) møtepunktet. Kva skjedde eigentleg på Irina sin fest? 
(det må du naturlegvis lesa sjølv)
Eg skal vera ærleg: eg likte ikkje boka kjempegodt. Eg kosa meg medan eg las, men sat heile tida med ei forventning om at ei endring måtte kome snart. Men "Den Store Endringa" følte eg ikkje kom. Så eg sat litt "tom" tilbake då eg var ferdig å lesa. Handlinga tok meg ikkje.
Men ein ting likte eg knallgodt: Elen Betanzo har vore så flink at ho ikkje har lete nokon av personane i boka vera berre gode eller berre dårlege. Dei framstår alle fem som heile og svært samansette menneske - dette medverkar enormt til at eg TRUR på dei og på historiane deira. Dei har gode og dårlege sider, er teite og kloke om ein annan ...nett slik som dei fleste ungdomar (og vaksne!) er!
Det største problemet er eigentleg at eg vil ha meir! Eg var rett og slett ikkje ferdig med desse ungdomane når boka var lesen. Eg vil vita korleis det går "til slutt"....

fredag 25. mai 2012

Spøkelsene på Frostøy : Bak dødsfjellet



Eg likar Hilde Hagerup! Eg har hatt sans for ho lenge. Ho har skrive fleire realistiske ungdomsromanar som eg beundrar ho for.
No har ho bytt sjanger.
Det er difor eg har utsett å lesa "Bak dødsfjellet" ganske lenge. Eg tenkte nemleg at eg kom til å bli skuffa. Eg er ikkje så glad i spøkelsesforteljingar.

Eg hadde ikkje behøvd å bekymra meg!
DENNE BOKA ER KJEKK!
Ho handlar om Jens. Han er sikkert 11år og bur på Frostøy. På Frostøy går ingen på skogsturar. INGEN! Ingen har nokon gong kome levande tilbake frå tur til den lokale fjelltoppen. Den har (logisk nok) fått tilnamnet Dødsfjellet. Det aular av spøkelser på Frostøy. Og dei er ikkje snille "lakenspøkelser"!
Jens er ein forsiktig og upopulær gut. Han står nederst på listene over kven det er lurt å vera ven med. Heilt nedst. Til og med under skiten under skøytebeskyttarane til Bård. Ingen vil vera vener med Jens.
Men så dukkar Wilma opp. Ei ny jente. Ho er tøff og uredd - ho let ingen styre seg.
Jens har det ikkje strålande enkelt heime heller: Mora er mykje sjuk. Somme dagar orkar ho ikkje eingong å stå opp. Ho er svært sær og Jens må i stor grad ta ansvar for kvardagane sine sjølv.
Ein kveld røper mor ein stor løyndom for han.
Heile verda til Jens endrar seg med eitt! Kva gjer du når du får vita at  du er den einaste levande i familien - at mor di og andre slektningar er spøkelse?

Dette er ein original og god histoire! Eg diggar den! Forteljargleda er stor!  Det er passeleg (!) skummelt (Ganske skummelt og grostesk, faktisk! Men det skal det jo vera! Det er ikkje koseforteljing!) og svært lettlest. Setningane er korte og enkle, men bileta eg fekk i hovudet var fæle!
-jippi! Eg likte det likevel!
Eg kjem til å lesa dei andre bøkene i serien "Spøkelsene på Frostøy" - gler meg already!

fredag 18. mai 2012

Blomstenes hemmelige språk (Vanessa Diffenbaugh)

Eg har brukt litt tid på å bli ferdig med denne boka.  Voksenbøker...! =0)
Det er ein  kjærleiksroman - ikkje tvil om det!



Victoria har vakse opp i mange ulike fosterheimar og barne/ungdomsheimar. Då ho var 9 kom ho til Elizabeth. Elizabet viste genuin interesse for Victoria - her var det annleis enn i dei andre heimane ho hadde vore.  Victoria trudde ei stund på at ho skulle bli adoptert og elska. Men slik gjekk det ikkje. Som vaksen er Victoria blitt hard og let ingen koma tett innpå seg. Ho har lært seg (av Elizabeth) kva alle ulike blomar symboliserar, og dette blir etterkvart hennar måte å kommunisera med verda.
Ho møter Renata, som driv blomebutikk. Renata vert imponert over Victoria og tilbyr henne arbeid. Renata og Victoria går på marknaden i lag kvar veke for å kjøpa blomar. Der treff Victoria ein mystisk mann som viser seg å kunna blomespråket like godt som ho sjølv.
Det er vondt og søtt og morsomt og romantisk og trist.
Denne boka handlar om å sleppe taket i det "trygge" - å tore å satse på å bli lykkelig ilag med andre menneske. Det handlar om å stole på andre. Om å tore å ta imot hjelp og kjærleik.
Eg trur ærlig tala at dette er ei bok for damer. Den er superpopulær (me har ganske lang venteliste på biblioteket) - og damer: LES! Kos dykk!
Eg vart ikkje oppslukt, men det var ein fin historie - fin avkopling!
Boka er lett å lesa og eg likte mange av personane.
Blomstenes hemmelige språk er Diffenbaugh sin debutroman, og eg gler meg til å lesa meir av henne!

VERDENSREDDERNE av Simon Stranger



Lyst til å gjøre en forskjell?

Lyst til å forandre noe?

Kontakt Verdensredderne.

www.verdensredderne.blogspot.com

Eller: Les denne boka! 

Simon Stranger har klart å skriva ei kjekk, opplysande, medrivande, ærleg og ikkje minst viktig ungdomsbok! 
Emilie er 17 år
(Ja, det er den samme Emilie som me møter i boka "Barsakh" som Stranger gav ut i 2009)
Ho er ei normal tenåringsjente, oppteken av å vera fin og å ha den riktige kjolen på den riktige festen. Men ein dag ho er ute for å shoppe, ser ho ein gut som klistrar klistremerke på t-skjortene i butikken. Det står: "Kos deg med T-skjorten. Slavene som sydde den gjorde det ikke."
Emilie blir nyfiken og vert etterkvart kjent men Antonio, som guten heiter. Ho vert med i aktivistgruppa hans - dei vil redda verden, eller i det minste gjera ein forskjell!

Denne boka er smart! Samtidig som me får romantikk, sjalusidrama, action og spenning, er den spekka med opplysningar om korleis stoda er for barn rundt i verda. Det fins barn som slavar på fabrikkar. Det fins mykje som er urettferdig i verda vår, og denne boka peikar på noko av det. Den visar oss ei tydeleg peikefing (og det har me jo ganske godt av, me som flottar oss med ting som  iPhone, iPad, iPod etc etc).  Eg syns at forfattaren er ein kunstnar som klarar å belæra oss og kritisera oss, utan at me sit att med ei kjensle av å vera dårlege menneske. Den kjensla som eg sat att med, var i alle fall at eg har lyst til å bli eit betre menneske! 
Kunst!
Det er ikkje verst!

Den passar godt for både gutar og jenter på ungsomskulen.

søndag 13. mai 2012

Min tid kommer (Nina Vogt-Østli)

For ei facinerande bok!
Når ein er på besøk hjå gode venner, skal ein vel ikkje sitja med nasa i ei bok? Nei...men eg klarte ikkje la det vera. Eg vart heilt oppslukt av fortellingen til Hans Petter i "Min tid kommer".  Det gjekk fort å lesa den (jippi, den var lettlerst!), så eg var ikkje HEILT asosial heile helga, men laurdagsettermiddag var det nok ikkje så lett å få kontakt med meg.

Det byrja litt sånn standard, kanskje. Hans Petter er eit mobbeoffer. Det fins jo eindel ungdomsbøker om mobbing ifrå før. Men så er det slik at denne boka har ein heit ny vri.

Hans Petter er ein smarting som går siste år på ungdomskulen. Han  HATAR både læraren og medelevane sine. Særleg hatar han Andreas, som er den verste mobbaren. Han er ond frå inst til ytst, og Hans Petter er ganske hjelpelaus. Og vennelaus. Kor kjekt er det å vera 15 år og bruka tilbringa dei fleste kveldane i lag med mor si?
Han brukar eindel tid på å spela på nettet og. Og det er her det skjer: ein kveld får Hans Petter kontakt med ei jente som heiter Fera. Ho seier ho kjem frå framtida. Hans Petter trur sjølvsagt ikkje på ho. Kan det vera den onde Andreas som køddar seg?



Eg vil ikkje røpa noko frå særlig frå handlinga. Det kulaste var nemlig det at eg fekk meg ein stor overraskelse når det nærma seg slutten.


LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES


torsdag 10. mai 2012

Sangen om en brukket nese av Arne Svingen



Den fantastiske Arne Svingen har klart det igjen! HURRA for denne boka!
"Sangen om en brukket nese" er sangen om Bart. Han er 13 år og faktisk oppkalt etter Bart Simpson (Haha!). 
DIGGBAR BARNE/UNGDOMSBOK
Bart har ikkje noko enkelt liv.
Han bur ilag med mora si i ein bitteliten og svært shabby leilighet i eit belasta strøk. I oppgangen deira ligg det stadig brukte sprøyter.  Ambulansen kjem ofte dit og hentar folk som har tatt overdose. Bart si mor jobbar ikkje. Ho er svært overvektig og ho har alkoholproblem. Ho går ut om nettene og det er slett ikkje alltid Bart får mat, for mora gløymer at dei treng det. Mormor kjem av og til på besøk. Då lyg dei til henne slik at ho skal tru at mamma er i jobb og at dei snart skal flytta til ein betre stad.

Bart har ingen vener. På skulen er han ein av dei minst populære. Han er liten og veldig tynn. Han går på boksing, mest for å glede mora som gjerne vil ha ein tøffing i huset.
Han veit ikkje kven faren er, og han gjer faste søk på google for å finna han.
Men  sjølv når alt ser svart ut, syns ikkje Bart synd i seg sjølv. Han har alltid meint at ingenting blir betre av å vera negativ, så Bart er ganske glad og positivt innstilt til det meste. Dagane kan berre bli betre.
Bart er glad i opera. Og han kan synga sjølv! Men berre når han er åleine innelåst på do.
No skal det vera sommaravslutning, og Bart rotar seg inn i eit opplegg der han skal stå på scenen og synge for ein heil sal...
Og så er det Oda. <3 
Oda som ikkje kan halda på ein einaste hemmelighet, men som har eit stort smil og mange tenner.

SANGEN OM EN BRUKKET NESE - ei knallbra bok!

Jeg vil være meg (Hilde Hylleskaar)



"Jeg vil være meg" er ei klok bok.
Lydia, som er hovudpersonen, begeistrar meg! Ho er ei spesiell jente som har flytta frå Trondheim for å bu i Bergen hjå besteforledra sine og gå vidaregåande skule. "Jeg vil være meg" er Lydia si ærlege dagbok desse tre åra.
Lydia har det ikkje lett. Ho har enorme humørsvingingar og ho forstår ikkje sjølv kvifor ho reagerar som ho gjer. Ho er kreativ og musikalsk, og ho tek oppgåvene på skulen svært alvorleg. Men når det buttar i mot (og det gjer det!) skulkar ho.
Sentralt i forteljinga står nokre av lærarane hennar (som ho har vore svært heldig med!) og veninna Tuva. 

Lydia forstår ikkje segsjølv, men ved å lesa dagboka hennar, syns nesten eg at eg gjer det! Det er så kjekt! Det var derfor eg vart begeistra.  Denne boka har gitt meg lyst til å vera eit betre medmenneske. (wow)


Eg håpar at mange vil lesa den. Den høver for alle som er 13 år eller meir. Har du litt interesse for folk, er denne boka relevant. Eg kunne godt tenke meg å diskutera den med nokon.
Boka er ikkje spennande (det er det jo ikkje ofte at dagbøker er), den er ikkje full av action. Heller litt monoton i handlinga, kanskje. MEN IKKJE EIT SEKUND ER DET KJEDELIG!



God bok, folkens!




mandag 7. mai 2012

TEGN av Anne Ch. Østby



JA!
Denne er god! Denne er viktig!
Viss alle skulle velge seg  ei ungdomsbok å lesa, skulle eg ynskja at MANGE ville ta denne.
...Litt rart at eg valgte den, forresten. Den har jo fotball-framside....ikkje exactly my cup of tea. Men denne boka var my cup of tea!  


I "Tegn" møter me mellom anna Sofie, Jonna, Espen, Karine, Julie og Kasper.
(Mange personar å forhalda seg til - og det krev litt konsentrasjon) 
Alle spelar fotball. Det er haust og fotballsesongen er snart over, men årets høgdepunkt står att: cupen! Alle er opptekne av den. Vil dei frå plass på laget til å spela i cupen?

Julie har vondt i kneet sitt og gjer kva ho kan for å skjule det. Ho vil gjera sitt aller beste for laget og ikkje minst for Karine, trenaren. Julie må etterkvart innrømma for seg sjølv at ho er forelska i Karine. Av og til er det lettare å forhalda seg til at ein har vondt i kneet, enn at ein har vondt i hjarte...

Sofie og Jonna er forelska i kvarandre, men nokså sjenerte. Den gode kjensla av forelsking vert uansett døyvd av ei stor bekymring som Sofie har: broren Espen.
Espen er best på gutelaget, og er sikra plass. Det trur alle. Men Espen er blitt så rar.  Han held seg borte frå treningar og sender kryptiske meldingar til Karine. Han går ingen stadar utan å ta med seg eit balltre, og han byrjar å vise interesse for den vesle toåringen Christoffer. Ei veldig rar interresse...
Espen er sjuk.
Han er sjuk i hovudet og det er mange som ser det. Det er mange teikn.  Men kven tek tak i det?
Kven sitt ansvar er det å hjelpa dei som slit med psykisk sjukdom? Kanskej dette er eit av få tabu som me framleis har?  Anne Ch Østby får veldig godt fram kor vanskeleg dette er å ta opp. Korleis skal du gå fram viss du vil sei til ein forelder at du trur det har "klikka for" barnet hans?


Kasper  har vore borti slik sjukdom før. Espen sin rare oppførsel minnar Kasper om faren. Det er vonde minner som han ikkje vil opna for.
Denne boka er ikkje enkel. Men den er god! Eg koste meg heile tida medan eg las. Den gav meg ikkje berre gode kjensler, men den greip meg skikkelig! Og eg vart redd. Eg vart redd på slutten, då Espen tok den vesle toåringen som sat aleine i ein bil.


Boka er fin.
gripande. tankevekkande. romantisk.  trist. søt. varm. vond. og ikkje minst spennande.

LES! LES! plis!
-dette er noko av det beste eg har lese på lenge!