Har du høyrt om sommerfugleffekten? Det er ein teori om at små vibrasjonar frå sommarfuglvenger kan vera årsak til store omveltningar andre stadar... som "lita tue kan velte stort lass", eller noko!
I "Marco-effekten" er det den 15 år gamle guten, Marco, som veltar den berømmelige tuva.
Marco er med i Zola sin klan. Kvar dag må han og "søskna" ut i Københavns gater og stjele, naske og tigge slik at Zola får sin daglege dose med kontantar. Marco er ein kjempegod lommetjuv, men han hatar det. Ein kveld overhøyrer han at Zola vil gjere Marco til krøpling for å auke tiggarintektene (og forhindra eit opprør som han ser i guten). Marco stikk av. Men heile klanen er etter han....
Dette er den femte boka om Carl Mørch, den sære leiaren for avdeling Q. (Avdeling Q etterforskar gamle, uoppklarte drap. I avdelig Q jobbar ein fargerik bukett menneske. I tillegg til Carl, møter me Assad frå Irak, Rose som har fleire personlegdomar og nykomaren i denne boka, den irriterande Gordon. FESTLIG!)
Sjølv om eg ikkje er så flink til å lesa krim, ELSKAR eg alle dei fem bøkene om Avdeling Q.
Ja, eg må berre sei det med ein gong: "Marco-effekten" er storarta! Storarta! Her møter me mellom anna fæle finanshaiar, korrupsjon, gatekriminalitet, drap i Kamerun og økonomisk svindel av svimlande store summar. Alt omkransa av skruppellause skurkar, den eine verre enn den neste! Det er heilt forferdelig spennande!
Eg vil berre at du skal vita ein ting: DENNE BOKA BØR DU LESA! Eg kan nesten garantera at du ikkje vil vera upåvirka av den. Den er spennande som ein thriller, festlig og totalt uforutsigbar og overraskande! Knall!
Jussi Adler-Olsen er dansk og er visstnok ein av danmark sine mest leste forfattarar! Det kan eg godt forstå. Han er omsett til mange språk, og heldigvis er norsk eitt av dei!
Les, min ven! Du kjem ikkje til å angra!
Bibliotekaren din
om bøker
onsdag 22. mai 2013
BLODTÅKE : Thomas Enger
Jess
"Blodtåke" er bok nr tre i ein serie på seks bøker om den brannskadde journalisten Henning Juul.
Dette er KRIM.
Krim er tøft.
Den forrige boka (Fantomsmerte) var full fart, action og litt vanskelig å følga (er eg D U M M?) (nei, sjølvsagt ikkje!). Denne nye var meir meg. Går det an å kalla ein krim for stillferdig? Denne var det, følte eg. Henning Juul er på eit vis mindre "helt" og let politiet ta seg av mordgåtene denne gongen. Ja, det er jo sjølvsagt mord! Heile historien byrjar med at den svært gamle Erna Pedersen blir drept (på forferdelig vis)(bestialsk! Det heiter bestialsk når nokon til dømes har hamra inn strikkepinnar i augene til den drepte...) Ikkje lenge etter blir ei ung kvinne drept. Det fins likskapar mellom drapa og politiet kan leite etter ein seriemordar.
Henning Juul er derimot passeleg engasjert i desse drapa. Han går og studerar på kva som eigentleg skjedde då sonen vart drept i brann for nokre år sidan. I tillegg vert systera hans utsett for ein "skitpakke" i media. Trine Juul Osmundsen er justisminister. Henning har lyst til å hjelpe henne, men han er usikker på korleis han skal gå fram. DETTE likte eg! Ut frå dei tidlegare bøkene om Henning, har eg forstått at det var noko spesielt mellom Trine og han, og eg har vore nyfiken på å finna ut kva! Supert! Eg syns at heile forteljinga om Henning og livet rundt han tek sikkelig form i "Blodtåke". Forklaringane er nok meir opplagte her, og eg vart ikkje kjempeimponert over løysinga ¨på mordgåta, men eg vart faktisk ganske imponert over korleis dei ulike karakterane veks fram som truverdige personar.
Eg GLER meg til fortsetjinga. ja!
Blodtåke er GODT skrive. Lett å lesa! Den fanga meg, og eg ville ikkje slutta å lesa.
Prøv du og! Les, min venn!

mandag 6. mai 2013
Anarchy in Åmot : Sturle Brustad
Ha!
Ein eksplosjon! Av GULT.
Og gult er kult.
"Anarchy in Åmot" har eg blitt anbefalt å lesa! Eller rettare sagt, å høyra! Naboen min høyrde lydboka og etterpå snakka han seg varm om kor utruleg kjekk og morsom og god den er. Eg innrømmer at eg ikkje har vore så veldig freista. Eg utsette det. Men for kvar gong han spurde om eg hadde lese den endå, vart det meir teit å svara "nei", så tok eg vel med meg boka heim, då. Ja, boka! Og den var kjekk! Stilig. Skrive på dialekt. og med tøffe, unge menn i hovudrolla. JIPPI! Men eg innsåg fort at Herr Nabo hadde rett! Dette ville nok vera endå kjekkare på lydbok.
Så eg har høyrt siste del! ÅJA, det anbefalar eg og!
Det er forfattaren sjølv som les. På riktig dialekt!
Vår hovudperson og helt heiter HP. Det er sommaren før 9.klasse. Det er 1978. Boka er lang, men handlinga rullar fort, fort! Opptakten: HP, Perry, Bønna og Deniro høyrer "Anarchy in the UK" med Sex Pistols og blir "frelste". Dei startar Åmot sitt første punk-band. Me er med dei i medgang og motgang. Dei er tøffe og galne. Dei er redde og små.
Punk er nytt og farleg. Det fins eit rivaliserande band. Det fins damer med pupper og lår. Det fins fedre som ikkje forstår. Boka har alt og endå litt meir. Me er innom mange alvorlege (veldig alvorlege) tema (eg nemner i fleng: incest, sjølvmordforsøk, depresjon, fedre som slår...)tte går (naturlegvis) inn på HP, men det er ikkje han som opplever det. På denne måten skapar forfattaren fin balanse mellom det tragiske og det humoristiske. Den er ein nydeleg oppvekstroman som er spekka med humor. HP er gløgg, kjapp i replikken og hysterisk morsom til tider. Eg lo mykje! Det er lett å kjenna seg igjen i alt det som ein skal gjannom i ungdomstida! Eg likar HP! Eg likar Anarchy in Åmot. Eg likar denne lydboka!
Eg trur faktisk at eg skal gå i hylla på biblioteket og leita fram fleire bøker av samme forfattar!
KJEKT!
Les, min venn. Eller HØYR!

mandag 29. april 2013
Drømmetypen : Kjersti Scheen
Drømmetypen
Drømmetypen
Dagdrømmetypen?
Er du typen som dagdrøymer? Eg er. Eg likar det kjempegodt.
Det gjer Moa (vår heltinne) og. Ho dagdrøymer så veldig at ho ikkje alltid klarar å skilje det sanne frå det som ho har dagdrøymt...
Moa er 13 år når me møter henne. Ho er litt bansleg. Og ho er ganske skjønn, syns eg. Besteveninna hennar heiter Sisken, og dei ser begge fram til den dagen då begge to har fått seg kjærast.
Ein dag dei to jentene har bestemt seg for å gå på kino, møter dei to gutar. Han eine er berre NYDELEG, syns Moa. Ho veit ikkje kva han heiter, men døyper han for Lasse i dagdraumane sine. Ho drøymer at ho og Lasse er kjærestar. Når jentene i klassen spør, seier Moa at ho er ilag med Lasse....
Huff, slike løgner er ikkje så smarte. Dei kjem som oftast tilbake til deg på ein eller annan måte...
På 17. mai ser Moa Lasse igjen, og klarar å oppspore han. Det viser seg at han har kjærast, men at han er litt interessert likevel.
Denne boka handlar om forelsking, om å bli vaksen, om å lengte og undre. Kanskje er ikkje drøymetypen den du har gått å drøymt om? Av og til kan dag draumen stå i vegen slik at du ikkje får auga på drøymetypen...
Eg likar denne boka!
Det er ei lang bok, og det er kjekt! Slik fekk eg tid til å bli "skikkelig kjendt med" Moa. Og no grip eg megsjølv i å tenke på henne ofte, sjølv om boka vart utlesen på fredag!
Kjersti Scheen er ein så solig forfattar! JIPPI!
Les, jenter!
Drømmetypen
Dagdrømmetypen?
Er du typen som dagdrøymer? Eg er. Eg likar det kjempegodt.Det gjer Moa (vår heltinne) og. Ho dagdrøymer så veldig at ho ikkje alltid klarar å skilje det sanne frå det som ho har dagdrøymt...
Moa er 13 år når me møter henne. Ho er litt bansleg. Og ho er ganske skjønn, syns eg. Besteveninna hennar heiter Sisken, og dei ser begge fram til den dagen då begge to har fått seg kjærast.
Ein dag dei to jentene har bestemt seg for å gå på kino, møter dei to gutar. Han eine er berre NYDELEG, syns Moa. Ho veit ikkje kva han heiter, men døyper han for Lasse i dagdraumane sine. Ho drøymer at ho og Lasse er kjærestar. Når jentene i klassen spør, seier Moa at ho er ilag med Lasse....
Huff, slike løgner er ikkje så smarte. Dei kjem som oftast tilbake til deg på ein eller annan måte...
På 17. mai ser Moa Lasse igjen, og klarar å oppspore han. Det viser seg at han har kjærast, men at han er litt interessert likevel.
Denne boka handlar om forelsking, om å bli vaksen, om å lengte og undre. Kanskje er ikkje drøymetypen den du har gått å drøymt om? Av og til kan dag draumen stå i vegen slik at du ikkje får auga på drøymetypen...
Eg likar denne boka!
Det er ei lang bok, og det er kjekt! Slik fekk eg tid til å bli "skikkelig kjendt med" Moa. Og no grip eg megsjølv i å tenke på henne ofte, sjølv om boka vart utlesen på fredag!
Kjersti Scheen er ein så solig forfattar! JIPPI!
Les, jenter!
onsdag 24. april 2013
ELENA : Gerd-Ragna Bloch Thorsen
I dag fann eg ei fin bok i hyllene her på biblioteket. Den er lita og gammal, og eg tenkte. "Den kan eg kassere!". Men så begynte eg å lesa....
Elena er 11 år og me møter ho midt i ei stor krise. Mora er sjuk. Ho ligg heilt apatisk til sengs og bryr seg om ingenting. Faren jobbar og jobbar. Man er banksjef og må på møter heile tida. Elena er heilt åleine. I bygda og på skulen vert det kviskra om at mora til Elena er gal. Der er hjarteskjerande. Elena har det forferdelig. Og ho har ingen å gå til. Ingen å få hjelp av. Mor og far er "borte", men ingen skal få sjå Elena som ein svak person. Sakte men sikkert surrar Elena seg inn i eit nett av løgner og rot og tilslutt er ho redd for at ho og er blitt galen, nett som mora....
Denne boka er viktig! Denne kan eg ikkje hiva! Denne må de lesa!
LES LES

fredag 19. april 2013
Miss Peregrine og øyas hemmelighet : Ransom Riggs
Eg er jo ikkje så glad i fantasy.
Men eg likte framsida. Det var difor eg valgte den. Etterpå oppdaga eg at det var ei fantasybok, men då var eg jo allereide igang...! Was it worth it? oh yess!
For ei kul og original bok!
Jacob er 16 år gammal når bestefaren døyr. Jacob og bestefaren hadde eit nært og spesielt forhold. Bestefaren var oppvaksen på ein barneheim på ei øy, og fortalde alltid "eventyr" frå den tida. Jacob får store problem og treng psykologhjelp etter at bestefaren er borte. Foreldra og fagfolk meiner at det beste for Jacob ville vera å få vitja øya og barneheimen han har høyrt så mykje om. Så dreg dei. Og det er no det byrjar. Alt er ikkje som det ser ut! Nei, langt i frå!
Eg vil faktisk ikkje røpa noko. Denne forteljinga er så kul og heil! (det er tilogmed litt love! Det er det ikkje alltid i denne sjangeren!)
Men eg kan fortelja at eg ELSKAR fotografia som "dokumenterer" heile historia og gjer henne sann!
Eit strålande sjakktrekk i mine auge! NOkre av bilda er så spesielle at eg nesten fekk litt creepy kjensle berre av å sjå på dei!
Boka er ganske lang, men det går hylande fort å lesa: det er så mykje handling og det er så ufatteleg interresant - heile tida! Les boka og la deg forføre!
(men viss du er ute etter ei realistisk bok om sjølve livet, er dette feil valg!)

onsdag 17. april 2013
Nærmere høst : Marianne Kaurin
Det heile byrja som ei litt tafatt og kjedelig bok. Eg vart litt sur. Eg hadde høyrt at denne boka skulle vera bra. På ekte. Om krigen. Og så var det berre Hermann og Ilse som var litt forelska i kvarandre utan å sei det til kvarandre....gjesp! Men heldigvis. Det var berre slik i nokre få sider. Etter det vart det ein svært bra bok. På ekte. Om krigen!
Ilse bur i Oslo med familien sin. Dei bur på Grünerløkka. Ilse har ei storesøster og ei veslesøster. Faren er skreddar. Det er 1942. Det er krig og forretningen hans går elendig. Han prøver å skjule det for kona og døtrene. Familien er jødar. Ein morgon står politiet på døra. Faren vert arrestert.
Synsvinkelen er skiftande. Me føl Ilse, men også storesøster, far og ein nabo. I tillegg får me kjennskap til Hermann (han som Ilse er forelska i) sin STORE og farlege løyndom.
Desse historiane gjorde så sterkt inntrykk på meg. Eg las boka for nesten to veker sidan, men framleis grip eg meg i å tenka på dei ulike personane i boka.
Det som eg likte best, var at boka på ein måte er knapp på informasjon. Eg måtte bruka hovudet! (Og det kan jo vera ei utfordring...) "Nærmere høst" er ikkje belærande på nokon måt, men den set litt krav til ein aktiv lesar. Faktisk trur eg det er ein fordel å vita litt om deporteringa av jødane i Oslo før du les. Dessutan trur eg at ein føresetnad for ei god lesaroppleving med denne boka, er å ha evna til å setja seg inn i korleis personane opplever alle dei ulike situasjonane.
Det går jo ikkje bra! Historia er grusom, og i denne boka blir me tvinga til å opna augene...me blir faktisk med heilt inn i gasskammera. Det er vondt. Men viktig!
Kunststykket er at boka ikkje føles svart å lesa. Den er faktsik fylt med mykje håp. Den handlar om lengt og håp. Og krig. På ekte.
Konklusjonen vert altså: knallgod bok! Og ein skal ikkje undervurdera kjensla av å føla seg som eit klokare eller meir opplyst menneske etter å ha lese ei bok. Denne boka var slik for meg.
Og så var språket lett. og godt. Eg gler meg til å lesa meir av samme forfattar!

Abonner på:
Innlegg (Atom)