Mahmona Khan debuterte for eitpar år sidan med boka "Skitten snø" (som eg vart begeistra for og skreiv om HER. Det handla om valdtekt i innvandrarmiljø, og jenter som tok hevn). No har eg lese oppfylgjaren!
Jentene er tilbake : Sumera, Charlotte, Anila og Ambar.
Ambar er i Lahore. Ho gifta seg med Omar (sjølv om både veninnene og bror hennar råda henne frå det) og no bur ho med hans storfamilie. Omar ser ho lite til, han er mykje på jobb og er stressa. Han veit at Ambar har lyst å bruka meir tid på han og ekteskapet. Han kjøper ein luksusferie til dei i Dubai. Ambar er himmelfallen (det må jo ha kosta enorme summar, og ho trur ikkje at dei har så mykje pengar), men lukkeleg. Ho nyt hudpleie og spabehandling og alt er deilig: Eller...? er det noko som skurrar?
Ambar kjem inn på hotelrommet deira ein dag og finn Omar i ein blodpøl.
Slik byrjar denne historien, og herfrå er det berre å sluka boka! Det er action i massevis!
Tøff bok og tøffe jenter og godt vennskap.
Språkleg sett er ikkje denne boka ei perle. Nei. Men det betyr ikkje så mykje. Ein har heile tida lyst å lesa vidare, sjå korleis det går. Eg trur at denne boka kan passa til dei som er glad i å lesa (fordi det er ei kjekk bok), men også til dei som IKKJE LIKAR BØKER (ja, eg veit dei fins, sjølv om eg slett ikkje kan forstå at det er mulig!). Den er lettlest. Enkel og grei, men med eit solid tema og futt og fart nok i massevis
LES, min venn!
Takk for omtale. Og godt nytt år!
SvarSlett