lørdag 25. februar 2012

I dette treet

To av Sverige sine beste ungdomsbokforfattarar (Per Nilsson og Katarina Kieri) har skrive denne boka saman!  Ein vakker duett.  I mine auge er den verkeleg GOD. Bør lesast! Koman, folkens!
I dette treet Katarina Kieri og Per Nilsson
Har du blitt mobba? Då vil du kanskje kjenna deg att i denne forteljinga. 
Har du problem heime? Då vil du kanskje og kjenna deg att i denne forteljinga.
Er du litt undrande til dei andre i klassen din? Då vil du kanskje like Siri og Jakob, som denne boka handlar om.
Vil du gjerne ta eit oppgjer med ein vanskelig far? Det vil Siri.


Det handlar (som sagt) om Siri og Jakob. Dei bur og lever i same miljø, men kjenner kvarandre ikkje. Dei har det ikkje lett,  og historiane deira kryssar kvarandre av og til. Til slutt møtes dei, såvidt. Men du treng ikkje tru at dei skal bli kjærestar eller noko slikt! Dette er ikkje ei sånn bok.
Skulekatalogane har kome. Siri brukar knappenåler og stikk ut augene til mobbarane i klassen. Woodoo-Siri.  Carro skal først ut, for ho er verst.... 
Siri drikk seg full...
Jakob er litt forelska i Ida, og strevar litt med å bli kjendt.  Forsnakkar seg...


Eg vart så glad for å bli kjent med Siri og med Jakob. Dei er så interresante. Og sjølv om dei berre har vonde hemmeligheitar og rimelig vonde historiar, er dei omgitt med ein positivitet som gjer boka så kjekk å lesa. Dette gjer og at eg vert overraska når fasaden til Siri eller Jakob av og til "sprekk" og fæle ting får sleppa ut.  Eg vil gjerne lesa meir om dei! 


Det er jo to forfattarar. Eg går ut frå at dei har skrive kvar sine kapittel (Jakob og Siri sin historie blir fortalt i annakvart kapittel) og kvar sin historie. Eg syns det haltar litt. Det likar eg kjempegodt! Eg trur på alt eg les

torsdag 23. februar 2012

Sannsynligheten for kjærlighet ved første blikk

Eg jublar HURRA for denne boka! ENDELIG ei skjønn bok! Eg sette i gang å lesa og boka var så søt og lettlest og medrivande, at eg ikkje kunne legga den vekk før eg var ferdig <3 <3 (fordi det er kjærlighetsbok, må det jo vera hjerter!)


Me møter Hadley. Ho er 17  år og er på veg frå New York til London
for å delta i faren sitt bryllup. Faren sin har ho ikkje trefft på eit år, og den nye kona hans har ho aldri møtt før. Hadley vil ikkje reise. Ho vil ikkje møta Charlotte og faren sitt nye liv. 
Og så skjer det teitaste: Hadley kjem fire minutt for seint til flyet! Ho rekk det ikkje! Så flaut...alle veit jo at ho ikkje ville dra, og no kjem dei til å tru at ho kom for seint med vilje.
Men, hadde ho ikkje kome forseint, hadde ho ikkje møtt Oliver, den flotte britiske studenten som også skal til London.....
Oliver og Hadley vert sitjane side om side på (det neste) flyet. Flytida er 7 timar og dei brukar kvart minutt til å bli betre kjende med kvarandre. Eg trur ikkje dei veit at dei blir forelska, men me som les, me forstår! Og det er noko av det som gjer denne boka så fin og kjekk!
Og så er det mykje humor i dialogane deira. Oliver er morsom!


Hadley rekk bryllupet til faren og Charlotte, men det blir noko heilt anna enn det ho forventa seg. Og (dette er viktig) noko heilt anna enn det eg som lesar forventa meg! Eg vart overraska og glad av å lesa boka (sjølv om eg måtte gråta to gonger og!)


Eg vil ikkje sei at dette er ein stor kjærlighetsroman, for den handlar ikkje berre om kjærligheten mellom Hadley og Oliver. Dette handlar og om å verta såra, om skilsmisse, og sjalusi og einsemd.  Boka gjev verkeleg rom for viktige tankar. 


Dette trur eg nok er ei bok som høver best for jenter. Men den er ikkje suppesøt på nokon måte. Den er nesten stillferdig. Og rett og slett god. Les, då vel!



lørdag 18. februar 2012

Daudinger

Ute av tidenHer får du mordgåte, kjærleiksmysterium og eksistensielle spørsmål PLUSS HUMOR.
Guten det handlar om heiter Steffen. Han er 13 år (trur eg) og må vera med faren på jobb. Det vil sei, han er ikkje eigentleg med faren på jobb, han må berre sitje innelåst i bilen og vente medan faren er på jobb...Faren reiser mykje rundt, så Steffen har ingen vener, men etterkvart vert han lei av opplegget.
Ein dag, når faren er på arbeid "bryt Steffen seg ut" av bilen og ruslar litt rundt på øya. Der treff han på Rita. Mystisk og vakker er ho. 
Samme dagen oppdagar han kva faren jobbar med: han er spøkelsesutdrivar. 


Då her handlinga setla. Steffen får seg etterkvart ein liten kompis, Tobias. Dei to har morsomme dialogar og hjelper både kvarandre og politiet til å løysa mordgåta dei kjem over, på meir eller mindre tradisjonelt vis. Tobias er eit herleg løft i forteljinga!


"Daudinger" er første boka i ein serie som heiter "Ute av tiden", og det skal bli tv-serie av det på NRK.  
Det handlar om spøkelser, men er på ingen måte skummelt! Eg tenker at dei som vil lesa spøkelsesbøker ofte er ute etter den litt grøssande følelsen? Vel, den er i allefall totalt fråverande i Daudinger. Kanskje det kan koma betre fram på tv?
Eg er ikkje veldig imponert. Vart skuffa. Sånn er det. sukk!

fredag 17. februar 2012

Satans yngel!


Boka heiter "Satans yngel", forfattaren heiter Sanne Munk Jensen og no skal eg fortelja!
Eg låg på sjukehus når eg las den, og det passa i grunnen godt fordi den handlar om to som skal bli foreldre for første gong og me får litt sjukehus!

Tobi og Alma er studentar og kjærestar i København. Deira næraste vener har nettopp fått ein baby og Tobi har sjølv lyst til å bli pappa. Ein god pappa. Alma er ikkje så sikker på om ho vil, men ho går med på prosjektet.
Me blir med dei på ei turbulent reise gjennom planleggingsfasen, svangerskapet, fødselen og spebarnstadiet. 

Til tider var dette kjempemorsomt! Dei fleste kan kjenna seg att i noko, om ikkje i sjølve situasjonane, så i allefall nokre av dei hysteriske dialogane. Tobi er morsom og sympatisk. Almas veninde, Trina, er noko av det mest irriterande eg har "møtt". Ein "besserwisser" av dimensjonar! I førsten vart eg skikkelig irritert, men etterkvart vart samtalane med Trina ein form for absurde høgdepunkt. Ho er jo heilt gal...
Alma slit med tankar om at ho ikkje kjem til å bli betre mor enn det hennar eige mor var. Ho er redd for å ikkje strekka til og ho er redd for å finna ut kven faren hennar er. 
Historia om korleis Alma finn fram til sin biologiske pappa, er ein søt og sår bi-historie som eg elskar!

Sjølv om boka er skriven i ein lett og humoristisk tone, er det jammen meg viktige tema som vert tatt opp:
Det er ikkje så lett å ta seg av eit lite barn når du eigentleg ikkje var heilt klar.
Det er ikkje så lett å kommuneisera med kjærasten når du er full av hormonar som du ikkje klarar å styre.
Det er ikkje så lett å framstå som vellukka kjernefamilie med "babylykke", når babyen skrik og du sjølv slett ikkje er lukkeleg, men heller på felgen.

Språket er godt. Heldigvis. For nokre av kapitla er etter mi meining "for mykje". Men boka engasjerte meg likevel! Den er lettlest, med mykje morsom dialog. 
Den er utgitt som ungdomsbok. Eg tenker at den gjerne passar best for "unge voksne"

torsdag 16. februar 2012

DØDENS SKYGGE

Ragna er i det kritiske hjørnet: IKKJE LES DENNE BOKA, for den er ikkje god!
Dødens skygge


"Skorpionen : Dødens skygge" er første bind i ein ny ungdomskrimserie frå Jacob Weinreich. Og hjelpe meg!
Det handlar om Ida Toft. Livet hennar er som ein berg-og-dalbane. 
Ho er skulelei, men byrjar på vidaregåande. Ho har ein travel ekstrajobb på eit hotell (med ein sur sjef som ser ut til å like henne). Ho strevar med forholdet til mora og storesystera. Ho lengtar etter ein politifar som ganske nyleg døydde. Ho hatar den nye politimannen som flyttar inn ilag med mora. Og så treff ho David - og alt (ALT) skjer på ein gong.
Ho er facinert av han, forelska og nyfiken. Men han har store og alvorlege løyndomar. Både politiet og nokre skumle russarar er ute etter han. Det visar seg å vera livsfarleg for Ida å pleia venskapen/kjærleiken til David....


Historien er bra! Boka er elendig!


Det må vera lov å stilla høgare krav til språket (det verkar svært lite gjennomarbeidd)  - i dei mest spennande sekvensane verkar det som om forfattaren misser fokus og eg opplever noko av det som skal vera intenst og nervepirrande (t.d skotvekslinga på parkeringsplassen utanfor hotellet) som latterlig og svært lite truverdig.


Fleire gonger kjem me innpå såre og viktige tema, men når det byrjar å bli interresant, vert alt feia av med noko slikt som "noe i smilet hans gjorde at hun også måtte smile selv om hun egentlig kokte innvendig".


Eg kjem ikkje til å lesa fortsetjinga.

Bare venner, altså!

Eva Susso er ein populær forfattar i Sverige, og "Bare venner, altså!" er den tredje boka om veninnene Nisse, Diana og Maja. Serien heiter "Hemmeligheter og pinligheter".  Det er Maja som er hovudperson. Ho er kjærast med Kelly og ho elskar han. Det er berre det at han ikkje alltid støttar henne slik som ho ynskjer. Så kranglar dei. Så slår dei opp. Så blir dei kjærastar att.  Hadde det vore betre å gjort det slutt på ordentlig og berre vore vener i staden, kanskje?
Maja drøymer om å starta ein leseklubb, men det syns vennene hennar ikkje noko om. Skal ho våge?
Bare venner, altså! - Eva Susso Nina Aspen
Oj...
Eg har ikkje lese dei to førre bøkene om jentene i Bjällby, men dette var ALT for platt og ALT for enkelt, syns eg! Eg fekk kjensla av å lesa eigne stilar frå då eg var 10 år; "så gjorde vi ditt, så gjorde vi datt..." 


Eg håpar og ynskjer og trur at ungdomane våre ikkje er fullt så overflatiske?! 
Tema som kjærlighet, vennskap og det å finne seg sjølv i gjengen er superviktige å skriva ungdsomsbøker om, men eg syns at Eva Susso tek alt for lett på det...


Konklusjon: eg likte ikkje denne boka særleg godt!


MEN : 
-Den er faktisk svært lett å lesa, språket er enkelt og godt. 
-Tema er godt og typisk for jentebøker 9-13 år
-Den krev ikkje vidare tankeverksemd, rein avkopling!


Di meir eg tenker på det, di meir innser eg at dette sikkert er ei bok som barn (jenter) syns er kjekk, det er berre eg som er heilt for gammal! 


Er du jente mellom 9 og 13 år? Prøv boka sjølv!