lørdag 25. februar 2012

I dette treet

To av Sverige sine beste ungdomsbokforfattarar (Per Nilsson og Katarina Kieri) har skrive denne boka saman!  Ein vakker duett.  I mine auge er den verkeleg GOD. Bør lesast! Koman, folkens!
I dette treet Katarina Kieri og Per Nilsson
Har du blitt mobba? Då vil du kanskje kjenna deg att i denne forteljinga. 
Har du problem heime? Då vil du kanskje og kjenna deg att i denne forteljinga.
Er du litt undrande til dei andre i klassen din? Då vil du kanskje like Siri og Jakob, som denne boka handlar om.
Vil du gjerne ta eit oppgjer med ein vanskelig far? Det vil Siri.


Det handlar (som sagt) om Siri og Jakob. Dei bur og lever i same miljø, men kjenner kvarandre ikkje. Dei har det ikkje lett,  og historiane deira kryssar kvarandre av og til. Til slutt møtes dei, såvidt. Men du treng ikkje tru at dei skal bli kjærestar eller noko slikt! Dette er ikkje ei sånn bok.
Skulekatalogane har kome. Siri brukar knappenåler og stikk ut augene til mobbarane i klassen. Woodoo-Siri.  Carro skal først ut, for ho er verst.... 
Siri drikk seg full...
Jakob er litt forelska i Ida, og strevar litt med å bli kjendt.  Forsnakkar seg...


Eg vart så glad for å bli kjent med Siri og med Jakob. Dei er så interresante. Og sjølv om dei berre har vonde hemmeligheitar og rimelig vonde historiar, er dei omgitt med ein positivitet som gjer boka så kjekk å lesa. Dette gjer og at eg vert overraska når fasaden til Siri eller Jakob av og til "sprekk" og fæle ting får sleppa ut.  Eg vil gjerne lesa meir om dei! 


Det er jo to forfattarar. Eg går ut frå at dei har skrive kvar sine kapittel (Jakob og Siri sin historie blir fortalt i annakvart kapittel) og kvar sin historie. Eg syns det haltar litt. Det likar eg kjempegodt! Eg trur på alt eg les

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar