Dette hadde eg hørt om boka frå før:
"en ungdomsroman om sannhet og løgn - om fedre, tilgivelse og kjærlighet"
SPOT ON, vil eg sei! Det stemte heilt, det!
Gunn (snart voksen) hadde ein far som var svært alkoholisert. I små (og litt større) drypp får me høyra om Gunn sin problematiske og tragiske oppvekst. Ho fortel til Einar som ho gjerne vil vera kjærast med. Men Einar har sjølv vonde minner og svarte hemmelige forteljingar.
Vondt og trist, vart og vakkert - sånn er det mellom Einar og Gunn!
Gunn og faren spelte Hangman, all the time, difor er boka spekka med
_ _ _ _ _ _ _ (STREKAR) - og me må bruka skallen litt for å finna ut kva for ord som skal stå der. Dette diggar eg! For eg elskar bokstavar og ord og gåter og Hangman!
Håpar nokon vil lesa denne. Den er fin! Gunn har ei utruleg kul tante som eg vart begeistra for! Gle deg til å bli kjent med henne!
PS forfattaren heiter Martina Gaux
Har også lest denne. Elsker den!
SvarSlett