tirsdag 20. mars 2012

Borderline av Liza Marklund


Eg har lese alle dei åtte tidlegare bøkene om juornalistheltinna Annika Bengtzon - og likt dei godt! Annika er ei tøff dame og gjennom bøkene har eg liksom blitt kjent med ho privat og. Og sjølv om ho er dyktig i jobben sin har privatlivet halta skikkelig. I forrige bok "En plass i solen", var ho og ektemannen Thomas separert. Han hadde ny kjærast og livet til Annika hadde låst seg.
Eg gledde meg til å lesa ny krim i kjent Annika-stil : BORDERLINE!

MEN...dette er ikkje krim!
Riktignok får me ei "mordgåte". Fleire unge kvinner er blitt knivstukke og drept på kort tid. Politiet (og redasjonen i Kveldspressen) dannar seg eit bilete av ein seriemordar, men Annika trur ikkje på desse teoriane. Men gåta om dei myrda kvinnene forsvinn litt i alle dei andre aspekta i boka:

Thomas og Annika er tilbake ilag og prøver å redda ekteskapet. Thomas er ofte utro og Annika er sjalu. Då Thomas reiser på konferanse i Nairobi, vert han kidnappa nær grensa til Somalia. Annika er livredd heime og Thomas er livredd i Afrika.

Boka er delt inn i eigne kapittel der Thomas fortel om dei grusomme timane han er kidnappa - dette er det desidert beste med boka! Desse blokkene er spennande og medrivande.
Resten av boka, der Annika framstår som litt patetisk og keitete (og dessuten blir malplassert forelska i Thomas sin sjef), syns eg er rotetet og forvirrande.


Som sagt:  ingen krim-roman. Og forventar du deg krim, vert du skuffa.
Men me vil jo gjerne vita korleis det går med Thomas og Annika, då! Dei som har lese dei tidlegare bøkene, bør absolutt lese denne og! Den er slett ikkje dårleg. Språket er lett og kjekt, og samlivsdrama er jo også medrivande...

2 kommentarer:

  1. Noen ganger er det lurt å vite hva en går til: De som forventer en tradisjoenll spenningskrim når de skal lese Borderline blir nok skuffet. Denne boken passer nok best for de som er nysgjerrige på relasjonen mellom Thomas og Annika, altså Marklunds trofaste leserskare. Selv om det manglet et skikkelig krimplot, fenget Borderline meg :)

    SvarSlett
  2. Jepp, eg trur du har rett. Eg sat med feilande forventningar og det prega nok mitt syn på boka litt meir enn det burde! Eg diggar jo eigentleg å lesa om Annika! hehe! =0)

    SvarSlett