onsdag 21. mars 2012

Odd og frostkjempene

Neil Gaiman har skrive denne! FOR EIN FORFATTAR! Dei som ikkje veit om at bøkene til denne mannen er tilgjengelege, må opplysast! LES GAIMAN, folkens! Han skriv ekte (!) eventyr!




"Odd og frostkjempene"  fekk eg i hende i fjor - eg veit ikkje kvifor det har tatt meg så lang tid å starta å lesa den! Den er fantastisk! TOMMEL OPP! (ja, eg innser at eg har brukt mange ropeteikn no, men eg meinar dei)


Odd er ein kul, liten vikinggut som smiler og smiler. Han har stukke av heimefrå, fast bestemt på aldri å vende attende til bygda. Han har ein øydelagt fot, og har problemar med å gå. Han er avhengig av ei krykke. Å gå gjennom skog og ur, byr på utfordringar, men Odd smiler og held humøret oppe.
Langt inne i skogen møter han ein rev, ei ørn og ein bjørn. Og det er no eventyret byrjar...
Reven, ørna og bjørnen er eigentleg gudar frå Åsgard. No må Odd dra til Åsgard å prøve å overvinne frostkjempane.
Odd : ein klok og diggbar helt!





Det er eit herleg eventyr! Så enkelt fortalt at det er ei glede å lesa! Me har lese den høgt i heimen og det har blitt  mykje latter! Me får vikinghisotrie, norrøn mytologi og  eventyr! All this in one little book =0)
Denne høver for alle, trur eg

tirsdag 20. mars 2012

Borderline av Liza Marklund


Eg har lese alle dei åtte tidlegare bøkene om juornalistheltinna Annika Bengtzon - og likt dei godt! Annika er ei tøff dame og gjennom bøkene har eg liksom blitt kjent med ho privat og. Og sjølv om ho er dyktig i jobben sin har privatlivet halta skikkelig. I forrige bok "En plass i solen", var ho og ektemannen Thomas separert. Han hadde ny kjærast og livet til Annika hadde låst seg.
Eg gledde meg til å lesa ny krim i kjent Annika-stil : BORDERLINE!

MEN...dette er ikkje krim!
Riktignok får me ei "mordgåte". Fleire unge kvinner er blitt knivstukke og drept på kort tid. Politiet (og redasjonen i Kveldspressen) dannar seg eit bilete av ein seriemordar, men Annika trur ikkje på desse teoriane. Men gåta om dei myrda kvinnene forsvinn litt i alle dei andre aspekta i boka:

Thomas og Annika er tilbake ilag og prøver å redda ekteskapet. Thomas er ofte utro og Annika er sjalu. Då Thomas reiser på konferanse i Nairobi, vert han kidnappa nær grensa til Somalia. Annika er livredd heime og Thomas er livredd i Afrika.

Boka er delt inn i eigne kapittel der Thomas fortel om dei grusomme timane han er kidnappa - dette er det desidert beste med boka! Desse blokkene er spennande og medrivande.
Resten av boka, der Annika framstår som litt patetisk og keitete (og dessuten blir malplassert forelska i Thomas sin sjef), syns eg er rotetet og forvirrande.


Som sagt:  ingen krim-roman. Og forventar du deg krim, vert du skuffa.
Men me vil jo gjerne vita korleis det går med Thomas og Annika, då! Dei som har lese dei tidlegare bøkene, bør absolutt lese denne og! Den er slett ikkje dårleg. Språket er lett og kjekt, og samlivsdrama er jo også medrivande...

lørdag 3. mars 2012

H A N G M A N

Dette hadde eg hørt om boka frå før:
"en ungdomsroman om sannhet og løgn - om fedre, tilgivelse og kjærlighet"
SPOT ON, vil eg sei! Det stemte heilt, det!


HangmanGunn (snart voksen) hadde ein far som var svært alkoholisert. I små (og litt større) drypp får me høyra om Gunn sin problematiske og tragiske oppvekst.  Ho fortel til Einar som ho gjerne vil vera kjærast med. Men Einar har sjølv vonde minner og svarte hemmelige forteljingar. 


Vondt og trist, vart og vakkert  - sånn er det mellom Einar og Gunn!


Gunn og faren spelte Hangman, all the time, difor er boka spekka med
 _ _ _ _ _ _ _ (STREKAR) - og me må bruka skallen litt for å finna ut kva for ord som skal stå der. Dette diggar eg!  For eg elskar bokstavar og ord og gåter og Hangman!


Håpar nokon vil lesa denne. Den er fin! Gunn har ei utruleg kul tante som eg vart begeistra for! Gle deg til å bli kjent med henne!
PS forfattaren heiter Martina Gaux