torsdag 14. november 2013

Fra Oslo til Lahore : Mahmona Khan

Mahmona Khan debuterte for eitpar år sidan med boka "Skitten snø" (som eg vart begeistra for og skreiv om HER. Det handla om valdtekt i innvandrarmiljø, og jenter som tok hevn). No har eg lese oppfylgjaren!

Jentene er tilbake : Sumera, Charlotte, Anila og Ambar.
Ambar er i Lahore. Ho gifta seg med Omar (sjølv om både veninnene og bror hennar råda henne frå det) og no bur ho med hans storfamilie. Omar ser ho lite til, han er mykje på jobb og er stressa. Han veit at Ambar har lyst å bruka meir tid på han og ekteskapet. Han kjøper ein luksusferie til dei i Dubai. Ambar er himmelfallen (det må jo ha kosta enorme summar, og ho trur ikkje at dei har så mykje pengar), men lukkeleg. Ho nyt hudpleie og  spabehandling og alt er deilig: Eller...? er det noko som skurrar?
Ambar kjem inn på hotelrommet deira ein dag og finn Omar i ein blodpøl.
Slik byrjar denne historien, og herfrå er det berre å sluka boka! Det er action i massevis!
Tøff bok og tøffe jenter og godt vennskap.

Språkleg sett er ikkje denne boka ei perle. Nei. Men det betyr ikkje så mykje. Ein har heile tida lyst å lesa vidare, sjå korleis det går. Eg trur at denne boka kan passa til dei som er glad i å lesa (fordi det er ei kjekk bok), men også til dei som IKKJE LIKAR BØKER (ja, eg veit dei fins, sjølv om eg slett ikkje kan forstå at det er mulig!). Den er lettlest. Enkel og grei, men med eit solid tema og futt og fart nok i massevis

LES, min venn!

tirsdag 12. november 2013

Vi ses i morgen : Tore Renberg

Eg har høyrt ei lydbok!
"Vi ses i morgen" er ei bok om pengar og kjærleik. Handlinga er lagt til verdas rikaste by (Stavanger), og herr forfattar, Tore Remberg er den som les.
Det er enormt bra! For ei bok (eller lydbok)!
Eg må berre sei det med ein gong: LES MIN VENN! (ja, eller høyr!)

Pål Fagerland er aleinepappa. Han har to tenåringsdøtre. Han har spelt på internett og no har han opparbeidd seg ei milliongjeld. Han har ikkje pengar til å setja mat på bordet lenger. Kva skal han gjera?
Han hugsar ein gjeng som han møtte på 80-talet, den kriminelle Hillevåg-gjengen. Kanskje dei kan hjelpa?

Leiar for Hillevåg-gjengen er Jan Inge. Han lar alt rundt seg forfalla - huset dei bur i er ei rønne. Kroppen han har, blir større og større.Han er inspirert av David Toska og av horrorfilmar.  Han sit i ein rullestol når han er innendørs - fordi det er komfortabelt. Resten av gjengen er Rudi og Cecilie. Rudi, ein lang stake av ein skurk full av ubehandla ADHD. Og Cecilie, som aldri har hatt ein ordentlig jobb, som har gjort det ho kunne best (å pula) sidan ho var 11-12 år...Og Tong, koreanaren som har sont ein dom og er venta heim i desse dagar. Tong er farlig.

Me møter også Sandra. Snille, kristne Sandra som går på ungdomskulen. Ho har møtt Daniel William Moi, barnevernsguten, og ho går nesten til grunne i sin kjærleik til han. Men det er jo fleire jenter som vil gjera alt for å få kloa i Daniel William Moi...

Å herlighet, for ein roman!
Eg syns det er vanskeleg å formidla kvifor den er så god. Den berre er det! Gysla god! Personane i boka har berre vakse fram for meg og eg tenker på dei kvar dag - sjølv om eg var ferdig å  høyra boka på laurdag!
For ei forteljarglede! 600 sider? Lett!


Alt jeg sier er sant : Lisa Bjärbo


Alicia er 16 år. Ho likar ikkje at nokon skal bestemma kva ho skal gjera. Men av og til når ein er 16 år, så skjer tinga berre litt av seg sjølv. Alicia står ein dag innelåst på do (den har gått i vranglås) og innser at ho vil gjera noko anna med livet sitt. Ho vil utretta ein "stordåd"! Dette er den hausten då ho byrja på vidaregåande. Og dette er den hausten då ho droppa ut... Og ikkje nok med det: dette er den hausten då Alicia flyttar ut! Dette er den hausten då ho møter Isak, som ho ikkje kan slutta å stirra på. Og dette er den hausten då mormor, snille gode mormor, kjem på sjukehuset... "Hvor vanskelig kan det være å skaffe seg en jobb og starte på fremtiden, egentlig?" tenker Alicia. Men livet blir ikkje heilt slik som ho tenkte og sotrdåden let vente på seg.
Dette er ei kjekk og viktig bok. Det er ei bok om å finna segsjølv - med andre ord: ein ganske typisk ungdomsroman. Men persongalleriet er ikkje typisk. Eg likar Alicia så godt. Ho er kul, og så MEINER ho det faktisk når ho seier at "alt jeg sier er sant". Ho lyg ikkje.
Det er bra. Det er ikkje greit å lyga. Men det er heller ikkje alltid så greit å sei alt som er sant, eller?

Les, min venn!

VIKTIG:Lisa Bjärbo har ein podcast om ungdomsbøker (ilag med Per Bengtsson). Den heiter Allt vi säger är sant, og den er verd å høyra på :)

fredag 11. oktober 2013

Lengsel etter penger : Jan Mehlum

Tenk deg at du lever eit heilt vanleg liv (veldig lett for meg, verfall!).
Litt stram økonomi, vanlig jobb, eit trygt og greit liv.
Og så får du ein telefon frå eit ukjendt nr. Det er Norsk tipping, og du har vunne over 46 millionar norske kroner!
SHITT! For ein draum!
Det er dette som skjer med Audun, hovudpersonen vår. Han er lærar, har ein liten son på 2 år. Han og sambuaren er einige om at leiligheten dei bur i er for liten, men har ikkje hatt råd til å kjøpa seg noko større.  No har dei plutselig råd! Dei bestemmer seg for å kjøpa ny bustad og bil, men elles ikkje endra så mykje.
Slik blir det ikkje!
Dette er ein thriller.
Her handlar det om kor langt eit menneske er villig til å gå for å få det ein lengtar mest etter. I denne boka er det nokon som lengtar etter pengar, men kva er det Audun lengtar etter?

Eg har lest Mehlum før. Han har skrive mange krimbøker om advokaten Svend Foyn, og eg trudde dette var ei av dei. Eg las og las og venta på at Foyn skulle dukke opp, men slik var det ikkje. Dette er noko nytt frå Mehlum. Eg syns det var ei grei bok. Ikkje kjempegod, men underhaldning god nok.
Eg er glad for at forfattaren har lova å skriva meir om Svend Foyn i 2014.

LES, då vel!

torsdag 10. oktober 2013

Verdens ende : Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad er ein stor forfattar, med lang erfaring! Det trur eg har fekk bruk for i denne romanen. Den handlar om noko av det aller verste som kan skje: å mista eit barn. Den handlar også om kva som skjer med oss når me går gjennom ei slik krise. Går det an å finne fotfeste att?
Dette er eit så ubehagelig og mørkt og vondt tema, at det trengs nok litt livserfaring for å produsera ein god tekst om det.
Boka er god,  klok og veldig god!
Aslak Timbereid og Hanna Lovund har berre ei dotter, Emma. Ho vert mobba på skulen, ho har det ikkje godt der. Faren veit ikkje korleis dei skal gripa fatt i problemet for å hjelpa. Det er tungt og vondt å vera forelder til eit barn som ikkje trivs. Han vil gjera alt, men strekk ikkje til. Det er godt med pausar frå dei vonde skuledagane.  Emma skal vera hjå mora i ferien.  Far reiser med henne på flyturen dit, men då flyet skal lande går noko gale. Understellet på flyet bryt på eit eller anna vis saman. Emma døyr. Ho er den einaste passasjeren som døyr.
Kva skal ein far gjera då?
Les, min venn! LES



tirsdag 24. september 2013

Svar på brev frå Helga : Bergsveinn Birgisson

Denne boka er det mange som har lese.HELDIGVIS FOR DET! (Eg veit  det er mange som har lese ho fordi den stadig vert levert inn her på biblioteket. Og dei som leverer inn har ofte ein kommentar på lur. Kommentarane rundt denne boka har vore meir som djupe hjartesukk!)
Eg har vore spent!
Men den har vore utlånt. Og med venteliste...Men eg var heldig : den var ledig som e-bok ved Bergen off. bibliotek! HURRA!
Så har eg prøvd mitt første e-lån og lest mi første e-bok (på telefonen...!)(Ja, ganske knotete, men eg syns det gjekk greit! Viss eg skulle lese ei lengre bok, ville eg nok heller brukt Ipaden)
No har dette nesten blitt eit blogginnlegg om å lesa e-bok, eller om kva folk seier når dei leverar inn denne boka.
Det beklagar eg.

Svar på brev frå helga:  
Eg smeltar!  Det handlar om Bjarne, ein gammal mann. Han sit og ser tilbake på livet sitt. Boka er eit brev stila til Helga. Bjarne og Helga hadde eit heftig kjærleiksforhold då dei var unge, men begge var gift på kvar sin gard, og alt måtte haldast hemmeleg. Helga vart gravid og Bjarne måtte frå sidelinja sjå si einaste dotter veksa opp på nabogarden, utan å få vera far for henne. Helga ville at ho og Bjarne skulle "rømma" i lag. Ho ville bryta ut og flytta til Reykjarvik og byrja eit nytt liv der. Bjarne var redd for å mistrivast i byen. Han hadde hjarta sitt i garden og bygda.
Heile romanen er brevet som han skriv til si høgt elska Helga. Han freistar å forklara henne (og segsjølv) kvifor det vart slik som det vart.  Dei elska kvarandre, men fekk kvarandre ikkje.
Den korte romanen her er lett å lesa viss du likar (eller elskar) nynorsk. Språket er poetisk, men kan sikkert oppfattast som tungt eller gamaldags. Eg syns at det berre er NYDELIG.
I tillegg til Bjarne og Helga si historie, får me mykje islandsk kulturhistorie. Og boka er proppa med artige kvardagshendingar. Eg lo godt då Bjarne og ein ven  skulle avgarde for å henta eit lik seint på hausten. Eg vil ikkje røpa kva som skjer, men eg veddar 400 kroner på at du ikkje kan gjetta deg til det!
LES, min venn! LES!

mandag 16. september 2013

INFERNO : Dan Brown

Eg prøvde å lesa den.
 
Eg elskar jo  akademiske heltar!    Robert Langden<3
I alle bøkene om Langden vert eg liksom sugd inn i ei verd av hemmelighetar og symbolikk og kunst og historie. Bøkene er spekka med informasjon! Yeah!
Men, dei er diverre også spekka med ord på framande språk... I Inferno var det Italiensk!
Men fortvil ikkje : det fins då lydbøker!
Inferno er ei slik bok som eg på det seterkaste vil rå deg til å høyra. Fordi det er så kjekt!

Eg har ikkje sjekka fakta, me etter det me får vita i Inferno, aukar folketalet i verda med 250 000 kvar einaste dag! Og heile boka dreiar seg rundt dette etiske dilemmaet: ville du ha drept halvparten av folka på jorda no for å redda menneskearten frå utrydding?

Me går rett inn i spenninga - og blir der til siste side. Det er heseblesande, men åh, så medrivande! Vår helt Robert vaknar opp i Firenze - han er på eit sjukehus, og han har totalt hukommelsetap! Han får ikkje tid til å dvele ved dette, for i neste sekund kjem ei kul motorsykkeldame inn og plaffar ned ein lege og peikar deretter pistolen mot Robert.
Han kjem seg unna i siste sekund - hjelpt av ei vakker ung dame... (tilleggsinfo: Ho har ein vanvittig høg IQ. 209!)

Les, eller HØYR, min venn! Dette er god underhaldning!

Adam og Eva : Aarto Paasilinna

HAHAHA!


Eg likar bøkene til Paasilinna. Nesten alle eg har lese.
Adam og Eva kom ut i vår, men den er ikkje ny. Utgitt i Finland i 1995. Men det betyr ingenting! Den er morsom.
Aatami - Adam - Rymättylä er ein lutfattig man som driv ein verkstad. Eller...driv? Bedrifta går så dårleg at namsmannen er for stamgjest å rekna.... Men Adam forskar på fritida si (den har han jo mykje av) og etterkvart forstår han at han har funne svaret på verda i energikrise : han har funne opp eit ultralett batteri som kan erstatta blandt anna all oljeenergi...batteriet har ein så enorm kapasitet og er så bra sett saman, at verda vår skal bli ein GOD stad å leva!

Men her trengs pengar!
Adam får hjelp frå uventa hald: Eva! Den svært så fordrukne, men elleville og hjelpsame advokaten.
Etterkvart vert Adam og Eva til nokre av verdas rikaste menneske - og det viser seg at ALT kan kjøpast for pengar... Framgangen deira kjem sjølvsagt ikkje utan at dei klarar å skaffa seg fiendar. Leigemordaren Luigi frå Italia gjer ein iherdig innsats for å stoppa dei to!
Les og le! Dette er  heilt vilt!

Ikke akkurat noen gresk gud : Katarina Kieri

Eg fann ei bok på stativet "nye bøker for ungdom".
Ikke akkurat noen gresk gud såg kjekk ut, difor tok eg den med meg heim. Eg begynte å lese med ein gong. I tillegg vart eg oppslukt med ein gong! For ei fin bok. =0)
Men den var då litt gamaldags?
Det viste seg kjapt at boka må ha vore feilplassert. Den kom ut på norsk i 2003! Ikkje noko ny bok, akkurat...! Men det gjorde ingenting! Boka vart faktsik gitt ut i sverige i 2002, men oversett til norsk og utgitt her i 03. (Heldigvis kom den hit og!)
Laura er heltinna vår. Ho går siste året på ungdomskulen. Det er desember. Laura og Lena er bestevener. Men...
Laura oppdagar den nye læraren. Han er sikkert over 30 år (og ikkje akkurat ein gresk gud), og ho kan ikkje la vera å bli facinert av han. Men på grunn av han kjem Lena og Laura på kant med kvarandre. Ja, på grunn av han, men også på grunn av noko anna. Noko større. Noko som Lena ikkje klarar å fortelja med ein gong...
Denne boka handlar om vennskap og om å "finna sin plass" - oppdaga segsjølv. Den handlar også om at i dei fleste familiar fins det ting som me held skjult for andre. På godt og vondt!
Dette er ei fin ungdomsbok! Les, min venn! LES

tirsdag 3. september 2013

Spranget : Heidi Sævareid

Spranget er Heidi Sævareid sin første roman. Ungdomsroman!
Me møter Janne og Anna. Tvillingsøstre.
Litt av handlinga er lagt til det året dei slutta på ungsomskulen. Resten skjer i "notid", jentene er blitt vaksne (19?).
Det handlar om å vera ungdom og å få lov til å vera segsjølv. Jentene Janne og Anna kjem inn i eit religiøst miljø, i Zion menighet.
Janne føler seg annleis og utanfor. Anna er den utadvendte, den som lett får vener. Janne har ikkje nokon. Men i Zion opplever ho eit samhald. Ho vert innlemma i gjengen utan atterhald - i allefall i byrjnga. Men etterkvart går det opp for Janne at dei uskrivne levereglane (som er håplaust utdaterte) som gjeld i Zion ikkje passar for henne. Ho vil bryta ut. Ho vil respekterast for den ho er. Ho vil bli sett og anerkjent. Men er det berre å bryte ut? Kor lett er det, når ungdomsleiarane viser seg å vera svært strenge? Og Janne har ikkje andre vener i andre miljø...
Dette er ei god bok, syns eg. Den er  interresant! Og så får me kjærlighet! <3 <3 Det er sjølvsagt ein heilt spesiell ung, tiltrekkjande gut i Zion : Peter
Og så får me søskenhistoria. Anna og Janne.
Les, min venn!


tirsdag 27. august 2013

Så høyt var du elsket : Nikolaj Frobenius

Viktor Ulvdal er blitt ein gamal mann. Han har levd eit langt liv. Han har vore allmenlege, ein høgt respektert ein. Han har vore ein god far. Ein flink mann.
Emil er Viktor sin son. Emil og Viktor har alltid vore svært nært knytt saman.
Dette er Emil si forteljing. Ei forteljing om å sjå sin eigen forelder verta sjuk og pleietrengande. Ei forteljing om kor frustrerande det kan kjennast å ikkje kunne hjelpa slik som ein ynskjer, å ikkje strekka til.
Det handlar også om å sjå ein sjukdom endra eit menneske som du trudde du kjente...
Og dette er, ikkje minst, ei forteljing om ein pårørande sitt møte med det norske helsevesenet.

Det handlar om å å førebu seg på å miste nokon.

Eg har ikkje vore i Emil sin situasjon. Dette er heilt nytt for meg.  Men å lesa denne boka var viktig! Eg hadde ei stor lesaroppleving. Eg fekk tenka heilt nye tankar (for meg!), og fekk kanskje eit meri nyansert syn på livet! Det er vel ikkje verst når ei bok kan gjera slikt?!

Verfall: boka er så god. Den er realistsik og klok. Og ualminnelig godt skrive. Takk til forfattaren!

Og: Les, min venn!

torsdag 8. august 2013

Gregor i underlandet : Suzanne Collins

Gregor er 11 år.
Han bur i New York.
Faren hans er borte. Det har han vore lenge. I over to år!
Gregor må passe på veslesøstera si, Boots i staden for å få sommarferie.
Ein dag då Gregor og Boots er i vaskekjellaren dett dei ned gjennom eit hol. Eller, dei vert på ein måte sugd inn...og så dett dei ned, ned, ned...
Heilt ned til Underlandet.
Underlandet er ekkelt! Dei skapningane som fins her, er enorme kakerlakkar, enorme rotter, enorme flaggermus og edderkoppar. Pluss bleike menneske med lilla auger. Gregor (og Boots) vil heim, så fort som råd.
Men når dei finn ut at faren sit fanga hjå rottene, skjønar dei at dei må redde han.
Så får dei nyss om ein gamal profeti....

Denne boka er slik som fantasy-bøker skal vera. Ein helt er utvalgt til å redda det gode frå det vonde. Litt kjedelig, kanskje. Men det er helst fordi eg er vaksen, og boka passar best for dei som er 10 år og oppover.
Eg er forgammal...
Men kanskje du er nett passelig? I såfall: LES, MIN VENN!

Nu, jävlar : Heidi Linde

Haha!
Eg har kosa meg med ei bok igjen.
Denne gongen var det Heidi Linde. ENDELEG har eg lese noko av Heidi Linde! Eg har jo fått høyre mange gonger at eg burde...
Ja, som sagt: Eg kosa meg.
Det var ikkje heilt fantastisk, men det var bra! Åja!
Me møter fleire personar. Den første er Therese. Ho sat heime og høyrde ein av Obama sine enormt bra talar om endring. Ho fekk eit sterkt sug etter endring sjølv! No sit ho høggravid og lurar på om det var denne endringa ho eigentleg var ute etter. Therese er morsom!
Derfor vart eg litt snurt når neste person  og neste historie vart introdusert. Men eg fekk fort sansen!
Med nydelig snert og humor blir me kjende med Kevin, Jessica og Lydia. Dei har sine såre historiar å fortelje. Eg ser for meg at dette kan bli ein bra film. Alle personane har noko med kvarandre å gjera, dei kryssar kvarandre sine liv.
Eg trur at kven som helst kan kjenna seg att i noko i denne boka!
Småbylivet. Det kan kjennast for stort og for lite på ein gong...

Og du! Gled deg til å bli kjendt med Lydia si veninne! Eg ler meg skakk!
(sjølv om det er så trist)
Les min venn! Les!

tirsdag 30. juli 2013

Hemmeligheter : Kate Morton

Hei

Har du lese nokon av dei kjempepopulære bøkene til Kate Morton før? Dei er veldig fine på framsida og handlar som oftast om familietragediar og kjærleik og litt engelsk historie. Tidslinjene frå notid og fortid vert tvinna saman og så vidare...lalala.
Hemmeligheter er også slik. Nett slik. Den skuffar nok ingen som diggar Kate Morton.
Men den skuffa meg. Eg las heile, men det var på nippet. Eg ville gje meg mange gonger. Eg vart ikkje engasjert i verken historien eller menneska i boka. Gørr bok!
 (HA! Idid it! Ikkje ofte at eg klarar å skrive udelt negativt om ei bok...)
Eg syns den var kjedelig og platt og lang (det kan jo vera eit stort pluss i ei kjekk bok, men i dette tilfellet var det eit MINUS) og ...SLAPP.
eg har berre ein ting å sei :  Ikkje les den, min venn. Det er bortkasta tid!

fredag 26. juli 2013

Fluesommer : Arne Svingen

JA!
Dette likar eg!
Arne Svingen har skrive ei ny bok om ein gut litt på sida av det vanlige!
Arne Svingen, altså!
WOW
Det handlar om Kasper.
Han har ingen venner. Men han har ein stor og mørk hemmelighet.
Pappa slår.
Det er kjempehemmelig. Ingen må finna det ut. Ikkje eingong mamma! (Mamma er kanskje innerst inne klar over kva som eigentleg skjer, men tviheld på teorien om at viss du ynskjer noko hardt nok, blir det sant...)
Det er ikkje noko lett prosjekt Kasper har, men han meiner sjølv at han taklar situasjonen ganske bra.  Han stiltrar seg rundt faren. Må ikkje vekkja sinnet.
For pappa er jo så grei når han ikkje er sint eller har "vondt i hovudet".
Men så ein dag kjem tremenning Bentein for å bu i familien til Kasper. Han ser på saken på ein heilt annan måte enn Kasper...
Arne Svingen skriv atter ein gong KLOKT om dystert tema. Eg har tidlegare skrive om Sangen om en brukket nese. Den likte eg godt! Les om den HER. Fluesommer er endå betre!
Arne Svingen veit kven han skriv for. sjølv om team er heavy, brukar han mykje humor. Det vil me jo ha!
EG JUBLAR! 
Les, min venn! LES!

Sommerhus med svømmebasseng : Herman Koch

Eg las aldri "Middagen", den forrige boka til Herman Koch. Den vart jo skrytt opp i skyene, så eg kjenner på at eg sikkert har gått glipp av noko.
Men no har eg lese "Sommerhus med svømmebasseng".
Jojo, grei den!
Språket er bra. Og hovudpersonen er FANTASTISK! Han er lett å ikkje lika! Han har eit syn på livet som er heilt forskrudd (etter MITT syn, då!) og eg vart facinert av han! Hadde det ikkje vore for at  Marc er så sær og rar, hadde eg ikkje gidda å lesa boka...men han fengsla meg!
OK, This is it:
Marc er fastlege. Han er gift og har to døtre som er 11 og 13 år. Han driv praksisen sin godt. Men det verkar som han syns at folk er ganske avskyelege. I allefall syns han at sjukdomane og skavankane til folk er det...Han er ein uvanleg fastlege. Han gir folk det dei vil ha, heller enn det dei treng. Foreksempel så har han ein pasient på 150 kg. Det er jo eit problem for henne at ho er så tung, men Marc er hyggelig (ALLTID hyggelig!) og utvekslar oppskrifter på feit mat med henne...og tenker på om den tynne mannen hennar ligg oppå eller under når dei har sex!?
Marc har mange kunstnarar i pasientflokken sin. Det ryktes at han "har lett for å skriva ut reseptar". Ein av pasientane er den kjente skodespelaren, Ralph Meier. Marc og Ralph blir einslags omgangsvenner. Mark og familien blir invitert til å feriera ilag med Ralph sin familie i sommarhuset med symjebasseng. Og det er jo no det byrjar. Alt det rare, creepy og ekle som skjer. Les sjølv, det er ganske sprøtt!
Det som er kult med denne boka, er at ho fekk meg til å tenka gjennom ganske mange sider ved mitt liv. Kva ville eg gjort dersom eg var i hans situasjon osv
Vel verd å lesa!

mandag 22. juli 2013

Kimæras hemn : Lene Kaaberbøl

Bok nr 3 i serien VILLHEKS
Herleg!
Vil du lesa det er har skrive om bok 1 og bok 2 i serien, kan du trykka på desse lenkene =0)
Eldprøva (bok 1)
Viridians blod (bok 2)
Og her kjem det som eg har å sei om Kimæras hemn:
Clara opplever at "noko"  frå villverda tek over livet hennar meir og meir. Det skjer oftare og oftare, og alltid har det noko med død å gjera. Clara er redd. Når det til slutt går alvorleg ut over ein gut på skulen, skjønar ho at ho må gjera noko. Clara og Katt, hennar sære men trufaste villven, reiser til tante Isa for å nøste opp i flokane. Det vert sjølvsagt eit drama der Clara må kjempa på liv og død. Og denne gongen er Katt i livsfare.

Har du ikkje lese bøkene om Clara, bør du gjera det no. Dei er glitrande gode. Glitrande nynorsk. Spenning til tusen. Lettlest og kjekt!
Og når boka er lest ut, får du ein liten smakebit på kva neste bok kjem til å innehalda. kult! Bok nr fire kjem allereide i haust, og eg gler meg!
Serien passar for kjekke barn frå 9 år og oppover.
LES, MIN VENN!

torsdag 18. juli 2013

POLITI : Jo Nesbø

Ja!
Eg har lese den. Eller, det er ikkje riktig. Eg har høyrt den! Politi.  Den 10. romanen om Harry Hole (Han tøffe mannen med det teite navnet!).
Eg anbefalar lydboka! Eg er ikkje SÅ glad i å lesa krim, men å få det opplese: Lovely! Og Helge Winther-Larsen les med flott stemme. YES
Eg er imponert over Jo Nesbø! Er det mulig å ikkje bli det? Han skriv så godt. Sjølv om eg kan styra meg for alle dei ekle, valdelege detaljane, er det ikkje tvil om at dei høyrer med. Det er kanskje ikkje like høg litterær kvalitet som Nesbø har vist tidlegare, men ikkje langt i frå. Og who cares anyway når boka er så enormt spennande og underleg morsom!?
Eg kan naturlegvis ikkje skriva så mykje om handlinga (sjølv om eg har inntrykk av at dei fleste lesarane i landet allereide har lese den), eg må jo ikkje røpa noko!
Men eg vil sei litt! Me får fleire drap. Denne gongen er det politifolk som vert drept. Harry er med, naturlegvis! Han døydde ikkje i forrige bok likevel! Jippi!  Alt skjer i Oslo. Me kjenner dei fleste i persongalleriet frå før. Både good guys og bad guys =0)
Likar du den stygge og tiltrekkande etterforskaren på 193cm? Er du Hole-fan?  Eg trur du kjem til å bli begeistra på nytt når du les Politi. Men eg trur også det er heilt kjempeviktig å ha lese tidlegare Hole-bøker først. Det er heilt avgjerande å ha kjennskap til kva som skjedde i Gjenferd.

Nett som i tidlegare bøker narra Nesbø meg til å tru at eg visste kven som stod bak. Om att og om att! Det er kult, det!
LES!
Det er ikkje rart at denne boka sel godt (og ligg på utlånstoppen på biblioteket!)

Harry Hole har endra seg. Det er bra. Der gjer me jo. Då trur eg litt meir på han. Likar han (endå) betre.
Men framleis er det Frelseren som eg syns er den beste Hole-boka.

Nedtelling : Thor Soltvedt

Jørgen Johan Gentoft har slått ein elev. 
Jørgen er eigentleg engelsklærar, men etter at han slo den eleven, vart han forflytta til "Avdeling for konsekvenspedagogisk opplæring". Han skal vera assistent i speisalklassen inntil vidare. Han vert plassert til å jobba med Mikal. Mikal er 15 år gammal. Alle veit at Mikal er fæl. Han har slite ut mange assistentar. Spesialpedagogane orkar ikkje bruka tid ilag med Mikal.
Jørgen kjem litt skeivt ut med spesialpedagogane.
...men han kjem ikkje så verst ut av det med Mikal. Dei finn einslags måte å forstå kvarandre på.
Men kva er det med Mikal. Kvifor har han så mange blåmerker? Og kvifor er han så sløv?
Jørgen finn seg ikkje til rette i jobben. Han vert fortvila av å sjå den apatiske Mikal som makulerar ark dag ut og dag inn. Han finn ikkje tonen med kollegene. Med unntak av Pernilla. Ho er grei og smiler alltid til han. Men når han inviterar henne ut på ei øl, visar det seg at ho har ein sambuar.
Det bygger seg opp eit trykk i Jørgen.
Heile boka vart fyllt av dette trykket. Eg las så fort eg berre kunne, for eg hadde så lyst at alt skulle ordne seg, at alt skulle gå bra til slutt.
Men...eg vil ikkje røpa slutten. Nedtellinga er i gang.
Les, min venn!


onsdag 17. juli 2013

SVIK : Trude Teige

Kajsa Coren. Ho er kul!
KRIM. Sommarlesing. Avslapping.
Eg har lese dei to tidlegare krimbøkene om journalisten Kajsa. Dei var gode. Eg vart imponert.
Denne var også kjekk! Trude Teige er flink.

"Svik" har driv! Den var til stor underhaldning. Det syns eg bøker skal vera. Det er jo difor eg les....
Men den var kanskje ikkje heilt fantastisk glitrande. Eg kjem nok til å gløyme den ganske kjapt. Ingen av personane i boka har fulgt meg etter at eg vart ferdig å lesa.
Det er drap. Det er historie. Det er eit godt plot. Det er lett og fint språk. Det var fin stiging i spenningskurva og det var nett før Kajsa mista sin kjære, gode, nye mann. Eg heldt pusten av spenning!
Alt i alt : krim slik som det skal vera. Eg er godt fornøgd
Det eg likte best, var at boka får fram korleis jentene som var uheldige å bli forelska i tyske soldatar under krigen, har måtta betala ...og betala...og betala! Det historiske. Og sjølvsagt det at eg ikkje fann ut kven den skuldige var med ein gong. Det funka! =0)
Vel verd å lesa!

Les, min venn!

(Helsing Ragna som kjenner at det er litt for lenge sidan ho las ein od ungdomsroman...)

fredag 5. juli 2013

Flink pike : Gillian Flynn

Oj oj!
Eg har nett lese "Flink pike". Det er ein krim. Eller ein slags. Kanskje meir thriller, ja.
At den er spennande (fælt ord...) er HEILt sikkert! Og original! Eg må sei at eg nesten er litt skremt over forfattaren som ser ut til å ha uendeleg med groteske og fæle idear å skrive om! Det er enormt kult!

Det handlar om Amy. og om Nick. Dei har vore gift i fem år. Dei lever vanlige liv. (ganske vanlig, verfall) Dei kjenner kvarandre godt. Dei ser perfekte ut. MEN, på den 5. bryllupsdagen forsvinn Amy. sporlaust. Og alt tyder på at det har vore slosskamp i stova...
Det er jo alltid ektemannen som er skuldig i slike saker (det veit me jo frå alle krim-bøkene...)
Men Nick Dunne nektar. Han har ikkje drept henne, sjølv om ALT tyder på det.
Det er så finurlig og intrikat og ufattelig tøft. Eg skal verfall ikkje røpa noko, men eg anbefalar deg å lesa denne rare, intense og kule  boka om alle mørkesidene i eit samliv (ange fleire enn eg hadde trudd fanst)
OG so var den morsom og! Det likar eg alltid!
Les,
min venn!

tirsdag 25. juni 2013

Før jeg sovner : S J Watson

Herlighet, eg er så facinert!
Høyr! Du vaknar opp ved sida av ein mann. Du har aldri sett han før. Han har giftering. Han påstår at de er gift. Med kvarandre! At de har vore det i ei årrekke..... og han kan bevise det!

Sånn er det for Christine.
Kvar morgon!
Ho lir av ein spesiell type hukommelsetap. Ho  kan  berre huske EIN dag. Når ho søv om  natta vert alt viska ut, og kvar morgon må mannen hennar, Ben, forklare henne og overbevise henne om kven han er og at dei er gift og at ho har denne skjeldne typen sjukdom...
SPRØTT!
Det dukkar opp ein Dr Nash ganske tidleg i boka. Han har prøvd å kontakte Ben fordi han trur at han har ein ide om korleis han kan hjelpe Cristine til å hugse. Ben har nekta å ta imot hjelp, men Dr Nash tek kontakt med Cristine og dei begynnar behandlinga bak Ben sin rygg.
Christine byrjar å skrive dagbok. Kvar dag skriv ho ned kva som skjer og kva ho får vite om livet sitt. Kvar dag må Dr Nash ringe henne og fortelje henne kvar dagboka er gøymt. Så må ho lese si eiga historie og på den måten kan ho stylte opp eit slags liv med minner.
Men det er noko som ikkje stemmer. Det er mykje som ikkje stemmer! Kven er det som lyg?  er det Dr Nash? er det Ben?  er det begge?  og kven er Claire og Adam?
CREEPY!
Intenst god!
ANBEFALAST! (her er eg freista til å setje TO ropeteikn, berre for å visa kor lyst eghar til at du og skal lesa den) (Men det held med eitt)
No har eg sjekka litt, men eg finn ikkje andre bøker av denne forfattaren. er det mogeleg å skrive ein så bra debut? Awsome!
Psykologisk thriller, det er det dette er. Eg har lese ein plass at det er ein krim. Det er det ikkje. Men den er ENORMT spennande og heilt umogeleg å leggja frå seg! Eg har aldri lese noko liknande før.. Eg vart hehilt oppslukt, heilt frå dei fyrste sidene. Deilig. Og "Før jeg sovner" MÅ joberre bli ein diggbar film...
LES MIN VEN!

torsdag 20. juni 2013

og været skiftet og det ble sommer og så videre

Kryss i taket og alt det der! Eg har lese ei voksenbok igjen!
Denne er god! Denne kan eg verkeleg anbefala. Eg vart heilt oppslukt av personane eg las om. Eg drøymte om dei om natta! Kanskje fordi den var så trist og vond? Eg har ofte tenkt at det må vera nok skikkelig tragisk for at bøkene skal bli ordentlig gode...
I første del av boka møter me Kari og Johnny. Kari er norsk og Johnny er amerikansk. Dei blir forelska og giftar seg. Bur i USA og får to nydelige døtre. Dei har det så bra.
Så kjem ulukka!
Døtrene døyr. Verda fell i grus.
Korleis koma seg vidare? Går det an å koma seg vidare etter ei slik oppleving?
Det verkar som ein grei ide å koma seg vekk. Dei vil prøva å byrja eit nytt liv. Dei flyttar til Noreg. Det er alt anna enn lett! Johnny finn seg ikkje til rette. Kari slit! Dei finn ikkje tonen att. den dei hadde før....
Etter nokre år kjem Marita til verda. Men det er ikkje lett å veksa opp i ein heim der sorga rår. Kari mister grepet om livet sitt.
For ei bok! For eit liv Marita må leve. For ein innsikt eg får ved å lese!
Det som eg er glad for, er at dette skal vera første boka av tre om Marita. Eg gler meg til å følga henne.
PS denne boka var lita og tynn, så det er ingen kunst å lesa den. Det gjer du fort! Innhaldet varar lenger.
Les, min venn!

Full pott i hjerter : Svein Børge Hoftun

Kva gjer du når mor di sviktar?
Mora i denne boka har stukke med typen sin, og let Jon og Steinar klare seg sjølve. Det går eigentleg greit, men Jon har planlagt å rømme frå alt. Han har spart pengar lenge. Men så vert Steinar tatt for å knabba øl i butikken! Han er berre 12 år og no har gutane barnevernet på nakken.  Steinar er eldst. Han må ta ansvar. Dei stikk av!

Det er ikkje berre berre å stikka av med ein bror med ADHD...
Det er ikkje berre berre å legga ut på ei reis for å finna ein far som har vore borte sidan før Jon vart fødd.
Det er ikkje berre berre å ha ein far som er drapsmann...

Jon og Steinar reiser frå Oslo, via Sauda til Bergen og seinare til København. Det skjer nok heile tida!
Dette er ei actionbok! Eg ser for meg at det kunne verta ein skikkelig kul film av den! Full fart!
Denne boka har alt, syns eg! Ho er spennande, fengande, litt deilig urealistisk, og så finn Jon KJÆRLIGHETEN heilt uventa! Midt i København!

Boka er ikkje heilt ny, men eg oppdaga den nettopp!
JA! Les då! God fornøyelse!

søndag 9. juni 2013

Katakombens hemmelighet av Tom Egeland

Ohyeah! Her er det mykje av alt : action, spenning, treasurehunting, biljakt, historie, overnaturlege krefter, ekle munkar, spøkelse og eit uhyre gammalt og verdifullt smykke.
Katakombens hemmelighet er BRA! Hadde eg vore ung (sukk) så hadde eg kanskje blitt litt forelska i Robert, hovudpersonen i boka. Han er tøff og modig, smart, snartenkt og akademisk! For ein kombo!
Robert er 14 år. Han blir med mora til Roma for å leita etter funn i ein hittil uoppdaga katakombe.  Dei skal leita etter spor etter norske vikingar som var på tokt i Roma for mange, mange hundre år sidan.  Ein katakombe er ein gravplass....det er ganske creepy å tenka på.
I Roma er det strenge reglar på kven som får vera med ned i katakomben. Robert får ikkje lov. Han er sur og rasande. Han snik seg sjølvsagt ned der ei natt....og blir innestengt!

Dette her er ein glimrande ungdomsbok. Klikk og sjå Kva seier unge lesarar?

Ikkje gå glipp av denne! Les, min venn! LES

tirsdag 4. juni 2013

En mann ved navn Ove : Fredrik Backman

Ove er ein sur grinebitar. Ove bannar og steiker. Han er vrang. Han har ein tendens til å meine at alle rundt han er komplette idiotar. Han vil ikkje ha med andre menneske å gjera.
Sånn er Ove.
Sånn er Ove når me blir kjent med han i begynnelsen av boka i allefall!
Kona til Ove har døydd. Ho var limet i livet hans, ho var den som batt alt saman. Ove er 59 år og har blitt overflødig på jobben. Han vil berre ta livet av seg og møta kona si  att.
MEN!
Ove er ein sånn mann som folk kan stola på når det gjeld. Han sviktar ikkje. Og det er derfor det viser seg å vera så vanskeleg å avslutta livet. Han prøver iherdig, men vert avbroten gong på gong. Stadig er det ein nabo som krev han på ein eller annan måte nett når han skal ta sjølvmord.
Litt etter litt vert me betre kjende med den sure mannen.
Litt etter litt vert me glad i han.
Litt etter litt får me respekt for han.
Eg vart rørt, eg!
Eg gler meg ti å lesa meir a denne forfattaren, dette var ei strålande debutbok! "En mann ved navn Ove" er ei bok som eg vil anbefala til MANGE!
Boka er så interresant! Persongalleriet er heilt fantastisk! Boka er så trist og sår. Den er klok, syns eg.  Og her er humor i bøtter og spann! Og her er sjølve livet! LES!

This may come as a shock : Denne bør du lesa!

mandag 27. mai 2013

Kråkeslottet : Kari Sverdrup

I helga las eg "Kråkeslottet" av Kari Sverdrup. 

Det er ei ungsomsbok. Eg er ganske sikker på at den passar best for jenter.
Eg likte den knallgodt fordi den skil seg litt frå "typiske" ungdomsromanar....samtidig som den er akkurat det! Det handlar jo om ungdom og ungdomstid og alt det som er typisk på ungdomskulen!
Eg skal forklara litt meir kva eg meinar. Som oftast i ein ungdomsroman er det eit tydelig problem, eller eit TEMA...kanskje det handlar om spisevegring eller abort eller nettmobbing eller fotball...ikkje sant? Men: Kråkeslottet handlar litt om alt....liksom! Litt om heile livet. Ja, det er eindel problem - livet går ikkje knirkefritt på nokon måte, men denne boka dreier seg ikkje berre om EIN STOR TING....Skjønar?
Det handlar om Janna. Familien har nettopp gått i oppløysing, og ho har flytta inn i ein leilighet i eit gammalt hus som vert kalla "Kråkeslottet" ilag med småsøsken og mor. Jonna trivst ikkje.
I sommar var Jonna og faren på båttur. Då møtte ho Sebbe  som ho vart så forelska i, men no let han ikkje høyra frå seg...
Janna si beste veninne er Regine som har alt. Ho er einebarn og har rike foreldre. Ho  likar å styre det meste. Ho legg planar og strategiar og lagar intrigar. Janna er glad i Regine, men er dette spelet greit? 
Og så er det haustball og ballkjolar, glitter og stas. Og Ella, outsideren...Kva er det med henne i grunn? Ho er mystisk og rar, og ho har ei slags uforklarleg kraft i seg. Ella er dessutan blitt venner med Georg!
Heile boka handlar eigentleg mest om å ta ansvar for sitt eige liv. Få dagane til å gå, ta dei riktige vala. Janna bur i ei lita bygd, der alle kjenner alle. På godt og vondt!
Eg håpar at du vil lesa "Kråkeslottet"!  Eg likte den så godt. Janna er ei jente som eg gjerne ville blitt kjent med! Og veit du kva? Eg oppdaga nettopp at det er skrive to bøker til om gjengen frå Tvedt : "Tilfeldig engel" og "Heksehot". OPPTUR!
Les, min venn!

fredag 24. mai 2013

Opp ned ... og litt til siden : Øystein Bache

Eg kom over denne i går!
Eg har rett og slett ikkje sett den før, sjølv om den ikkje er ny.
Først trudde eg det var ei ungdomsbok. Då eg byrja å lese, tenkte eg at det nok var ei barnebok. Men personane i boka går frå barn til ungdom, og eg innsåg etterkvart at boka nok passar fint til unge ungdomar!
Den er både morsom og festleg og sær!
To gutar og ei jente brukar sommarferien sin til å ta opp kampen for at Noreg skal bli ein romfartsnasjon.  12 år gamle Sunne er vår helt. Sommarferien blir ikkje slik han hadde tenkt...det blir lite is og bading og mykje dramatikk. For mykje, kanskje?
Han vert i allefall tatt for tjuveri, løgn og innbrot... Og i tillegg får me dødsfall (dei to første passasjerane i Farkosten, døyr desverre...), alkoholisme, psykisk sjukdom, husarrest og forelsking!
That sums it up.
Denne boka passar best til mellomtrinnet, trur eg! Den passar for deg som har humor! og eit liv!
Les, min venn!

onsdag 22. mai 2013

Bikkjefaen : Susanne Agerholm

Oj
Denne boka forundra meg!  Eg veit ikkje heilt kva eg skal meina om den. Eg trur at eg eigentleg ikkje likte den i det heile, men ...litt likevel?
Pernille og Pelle. Tvillingar. På grensa mellom barn og ungdom.
Pernille er flink og oppteken av fairtrade. Alt for idealistisk...
Pelle er lat og giddalaus, frekk med mora. Han forlangar å få chips servert medan han ser tv. Han giddar ikkje bli med på fotballtreninga. Foreldra betalar han for å bli med søstera på joggetur to gonger i veka!
Dei lever nokså "små" liv. Dei har ikkje mange vener.
Nede  igata bur ein fyllik som har ein hund. Han er ikkje snill med hunden sin.
Pelle og Pernille vil redda den hunden. Dei vil ha hunden.

Eg vil ikkje røpa meir av historien. Men eg kan fortelja at me må innom MANGE og STORE tema i denne boka! Spisevegring, dyremishandling, familieforhold, brennevin, hundehald, oppdragelse, fysiske og psykiske overgrep, det å sei unnskyld, det å ha ein sunn livsstil, korleis behandla folk med respekt, ungdom og politikk....eg nevner i fleng.
Me er innom så himla mange viktige sider av livet, men berre såvidt innom...eg trur det er det eg misliker? At det blir tatt for lett på det?
Men boka er ikkje barnsleg. Eg syns  ikkje at den er lettlest.
Den er heller knapp.
Som lesar må du tenke sjølv... (kanskje det er vanskelig for meg?!)
Var denne boka god?
Eg veit ikkje. Den var iallefall noko nytt! Eg har ikkje lese noko liknande før! Litt som på film: at bildene er der, men du må tenke og forstå handlinga for å få noko ut av forteljinga! Nett det er veldig kult!
Les og finn det ut sjølv!
Den (skal) passa for ungdom.

Marco-effekten : Jussi Adler-Olsen

Har du høyrt om sommerfugleffekten? Det er ein teori om at små vibrasjonar frå sommarfuglvenger kan vera årsak til store omveltningar andre stadar... som "lita tue kan velte stort lass", eller noko!
I "Marco-effekten" er det den 15 år gamle guten, Marco, som veltar den berømmelige tuva.

Marco er med i Zola sin klan.  Kvar dag må han og "søskna" ut i Københavns gater og stjele,  naske  og tigge slik at Zola får sin daglege dose med kontantar. Marco er ein kjempegod lommetjuv, men han hatar det. Ein kveld overhøyrer han at Zola vil gjere Marco til krøpling for å auke tiggarintektene (og forhindra eit opprør som han ser i guten). Marco stikk av. Men heile klanen er etter han....

Dette er den femte boka om Carl Mørch, den sære leiaren for  avdeling Q. (Avdeling Q etterforskar gamle, uoppklarte drap. I avdelig Q jobbar ein fargerik bukett menneske. I tillegg til Carl, møter me Assad frå Irak, Rose som har fleire personlegdomar og nykomaren i denne boka, den irriterande Gordon. FESTLIG!)
Sjølv om eg ikkje er så flink til å lesa krim, ELSKAR eg alle dei fem bøkene om Avdeling Q.
Ja, eg må berre sei det med ein gong: "Marco-effekten" er storarta! Storarta!   Her møter me mellom anna fæle finanshaiar, korrupsjon, gatekriminalitet, drap i Kamerun og økonomisk svindel av svimlande store summar. Alt omkransa av skruppellause skurkar, den eine verre enn den neste!   Det er heilt forferdelig spennande!
Eg vil berre at du skal vita ein ting: DENNE BOKA BØR DU LESA!  Eg kan nesten garantera at du ikkje vil vera upåvirka av den.  Den er spennande som ein thriller, festlig og totalt uforutsigbar og overraskande!  Knall!
Jussi Adler-Olsen er dansk og er visstnok ein av danmark sine mest leste forfattarar! Det kan eg godt forstå. Han er omsett til mange språk, og heldigvis er norsk eitt av dei!
Les, min ven! Du kjem ikkje til å angra!

BLODTÅKE : Thomas Enger

Jess
"Blodtåke" er bok nr tre i ein serie på seks bøker om den brannskadde journalisten Henning Juul.
Dette er KRIM.
Krim er tøft.

Den forrige boka (Fantomsmerte) var full fart, action og litt vanskelig å følga (er eg D U M M?) (nei, sjølvsagt ikkje!). Denne nye var meir meg. Går det an å kalla ein krim for stillferdig? Denne var det, følte eg. Henning Juul er på eit vis mindre "helt" og let politiet ta seg av mordgåtene denne gongen. Ja, det er jo sjølvsagt mord! Heile historien byrjar med at den svært gamle Erna Pedersen blir drept (på forferdelig vis)(bestialsk! Det heiter bestialsk når nokon til dømes har hamra inn strikkepinnar i augene til den drepte...) Ikkje lenge etter blir ei ung kvinne drept. Det fins likskapar mellom drapa og politiet kan leite etter ein seriemordar.
Henning Juul er derimot passeleg engasjert i desse drapa. Han går og studerar på kva som eigentleg skjedde då sonen vart drept i brann for nokre år sidan. I tillegg vert systera hans utsett for ein "skitpakke" i media. Trine Juul Osmundsen er justisminister. Henning har lyst til å hjelpe henne, men han er usikker på korleis han skal gå fram. DETTE likte eg! Ut frå dei tidlegare bøkene om Henning, har eg forstått at det var noko spesielt mellom Trine og han, og eg har vore nyfiken på å finna ut kva! Supert! Eg syns at heile forteljinga om Henning og livet rundt han tek sikkelig form i "Blodtåke". Forklaringane er nok meir opplagte her, og eg vart ikkje kjempeimponert over løysinga ¨på mordgåta, men eg vart faktisk ganske imponert over korleis dei ulike karakterane veks fram som truverdige personar.
Eg GLER meg til fortsetjinga. ja!
Blodtåke er GODT skrive. Lett å lesa! Den fanga meg, og eg ville ikkje slutta å lesa.
Prøv du og! Les, min venn!

mandag 6. mai 2013

Anarchy in Åmot : Sturle Brustad

Ha!
Ein eksplosjon! Av GULT. 
Og gult er kult.
"Anarchy in Åmot" har eg blitt anbefalt å lesa! Eller rettare sagt, å høyra! Naboen min høyrde lydboka og etterpå snakka han seg varm om kor utruleg kjekk og morsom og god den er. Eg innrømmer at eg ikkje har vore så veldig freista. Eg utsette det. Men for kvar gong han spurde om eg hadde lese den endå, vart det meir teit å svara "nei", så tok eg vel med meg boka heim, då. Ja, boka! Og den var kjekk! Stilig. Skrive på dialekt. og med tøffe, unge menn i hovudrolla. JIPPI! Men eg innsåg fort at Herr Nabo hadde rett! Dette ville nok vera endå kjekkare på lydbok.
Så eg har høyrt siste del! ÅJA, det anbefalar eg og!
Det er forfattaren sjølv som les. På riktig dialekt!

Vår hovudperson og helt heiter HP. Det er sommaren før 9.klasse. Det er 1978. Boka er lang, men handlinga rullar fort, fort! Opptakten: HP, Perry, Bønna og Deniro høyrer "Anarchy in the UK" med Sex Pistols og blir "frelste". Dei startar Åmot sitt første punk-band. Me er med dei i medgang og motgang. Dei er tøffe og galne. Dei  er redde og små.
Punk er nytt og farleg. Det fins eit rivaliserande band. Det fins damer med pupper og lår. Det fins fedre som ikkje forstår. Boka har alt og endå litt meir. Me er innom mange alvorlege (veldig alvorlege) tema (eg nemner i fleng: incest, sjølvmordforsøk, depresjon, fedre som slår...)tte går (naturlegvis) inn på HP, men det er ikkje han som opplever det. På denne måten  skapar forfattaren fin balanse mellom det tragiske og det humoristiske. Den er ein nydeleg oppvekstroman som er spekka med humor. HP er gløgg, kjapp i replikken og hysterisk morsom til tider. Eg lo mykje! Det er lett å kjenna seg igjen i alt det som ein skal gjannom i ungdomstida! Eg likar HP! Eg likar Anarchy in Åmot. Eg likar denne lydboka!
Eg trur faktisk at eg skal gå i hylla på biblioteket og leita fram fleire bøker av samme forfattar!
KJEKT!
Les, min venn. Eller HØYR!

mandag 29. april 2013

Drømmetypen : Kjersti Scheen

Drømmetypen
Drømmetypen
Dagdrømmetypen?
Er du typen som dagdrøymer? Eg er. Eg likar det kjempegodt.
Det gjer Moa (vår heltinne) og. Ho dagdrøymer så veldig at ho ikkje alltid klarar å skilje det sanne frå det som ho har dagdrøymt...
Moa er 13 år når me møter henne. Ho er litt bansleg. Og ho er ganske skjønn, syns eg. Besteveninna hennar heiter Sisken, og dei ser begge fram til den dagen då begge to har fått seg kjærast.
Ein dag dei to jentene har bestemt seg for å gå på kino, møter dei to gutar. Han eine er berre NYDELEG, syns Moa. Ho veit ikkje kva han heiter, men døyper han for Lasse i dagdraumane sine. Ho drøymer at ho og Lasse er kjærestar. Når jentene i klassen spør, seier Moa at ho er ilag med Lasse....
Huff, slike  løgner er ikkje så smarte. Dei kjem som oftast tilbake til deg på ein eller annan måte...
På 17. mai ser Moa Lasse igjen, og klarar å oppspore han. Det viser seg at han har kjærast, men at han er litt interessert likevel.

Denne boka handlar om forelsking, om å bli vaksen, om å lengte og undre. Kanskje er ikkje drøymetypen den du har gått å drøymt om? Av og til kan dag draumen stå i vegen slik at du ikkje får auga på drøymetypen...
Eg likar denne boka!
Det er ei lang bok, og det er kjekt! Slik fekk eg tid til å bli "skikkelig kjendt med" Moa. Og no grip eg megsjølv i å tenke på henne ofte, sjølv om boka vart utlesen på fredag!
Kjersti Scheen er ein så solig forfattar! JIPPI!
Les, jenter!

onsdag 24. april 2013

ELENA : Gerd-Ragna Bloch Thorsen

I dag fann eg ei fin bok i hyllene her på biblioteket. Den er lita og gammal, og eg tenkte. "Den kan eg kassere!". Men så begynte eg å lesa....

Elena er 11 år og me møter ho midt i ei stor krise. Mora er sjuk. Ho ligg heilt apatisk til sengs og bryr seg om ingenting. Faren jobbar og jobbar. Man er banksjef og må på møter heile tida. Elena er heilt åleine. I bygda og på skulen vert det kviskra om at mora til Elena er gal. Der er hjarteskjerande. Elena har det forferdelig. Og ho har ingen å gå til. Ingen å få hjelp av. Mor og far er "borte", men ingen skal få sjå Elena som ein svak person. Sakte men sikkert surrar Elena seg inn i eit nett av løgner og rot og tilslutt er ho redd for at ho og er blitt galen, nett som mora....

Denne boka er viktig! Denne kan eg ikkje hiva! Denne må de lesa!
LES LES

fredag 19. april 2013

Miss Peregrine og øyas hemmelighet : Ransom Riggs

Eg er jo ikkje så glad i fantasy.
Men eg likte framsida. Det var difor eg valgte den. Etterpå oppdaga eg at det var ei fantasybok, men då var eg jo allereide igang...! Was it worth it? oh yess!

For ei kul og original bok!
Jacob er 16 år gammal når bestefaren døyr. Jacob og bestefaren hadde eit nært og spesielt forhold. Bestefaren var oppvaksen på ein barneheim på ei øy, og fortalde alltid "eventyr" frå den tida. Jacob får store problem og treng psykologhjelp etter at bestefaren er borte. Foreldra og fagfolk meiner at det beste for Jacob ville vera å få vitja øya og barneheimen han har høyrt så mykje om. Så dreg dei. Og det er no det byrjar. Alt er ikkje som det ser ut! Nei, langt i frå!
Eg vil faktisk ikkje røpa noko.  Denne forteljinga er så kul og heil! (det er tilogmed litt love! Det er det ikkje alltid i denne sjangeren!)
Men eg kan fortelja at eg ELSKAR fotografia som "dokumenterer" heile historia og gjer henne sann!
Eit strålande sjakktrekk i mine auge! NOkre av bilda er så spesielle at eg nesten fekk litt creepy kjensle berre av å sjå på dei!
Boka er ganske lang, men det går hylande fort å lesa: det er så mykje handling og det er så ufatteleg interresant - heile tida! Les boka og la deg forføre!

(men viss du er ute etter ei realistisk bok om sjølve livet, er dette feil valg!)

onsdag 17. april 2013

Nærmere høst : Marianne Kaurin

Det heile byrja som ei litt tafatt og kjedelig bok. Eg vart litt sur. Eg hadde høyrt at denne boka skulle vera bra. På ekte. Om krigen. Og så var det berre Hermann og Ilse som var litt forelska i kvarandre utan å sei det til kvarandre....gjesp! Men heldigvis. Det var berre slik i nokre få sider. Etter det vart det ein svært bra bok. På ekte. Om krigen!
Ilse bur i Oslo med familien sin. Dei bur på Grünerløkka. Ilse har ei storesøster og ei veslesøster. Faren er skreddar. Det er 1942. Det er krig og forretningen hans går elendig. Han prøver å skjule det for kona og døtrene. Familien er jødar. Ein morgon står politiet på døra. Faren vert arrestert.

Synsvinkelen er skiftande. Me føl Ilse, men også storesøster, far og ein nabo. I tillegg får me kjennskap til Hermann (han som Ilse er forelska i) sin STORE og farlege løyndom.
Desse historiane gjorde så sterkt inntrykk på meg. Eg las boka for nesten to veker sidan, men framleis grip eg meg i å tenka på dei ulike personane i boka.
Det som eg likte best, var at boka på ein måte er knapp på informasjon. Eg måtte bruka hovudet! (Og det kan jo vera ei utfordring...) "Nærmere høst" er ikkje belærande på nokon måt, men den set litt krav til ein aktiv lesar. Faktisk trur eg det er ein fordel å vita litt om deporteringa av jødane i Oslo før du les. Dessutan trur eg at ein føresetnad for ei god lesaroppleving med denne boka, er å ha evna til å setja seg inn i korleis personane opplever alle dei ulike situasjonane.


Det går jo ikkje bra! Historia er grusom, og i denne boka blir me tvinga til å opna augene...me blir faktisk med heilt inn i gasskammera. Det er vondt. Men viktig!
Kunststykket er at boka ikkje føles svart å lesa. Den er faktsik fylt med mykje håp. Den handlar om lengt og håp. Og krig. På ekte.
Konklusjonen vert altså: knallgod bok!  Og ein skal ikkje undervurdera kjensla av å føla seg som eit klokare eller meir opplyst menneske etter å ha lese ei bok. Denne boka var slik for meg.
Og så var språket lett. og godt. Eg gler meg til å lesa meir av samme forfattar!

Helbredelsen : Jonathan Odell

Vaksenbok!
JUHUU! (Men du ikkje føla deg vaksen for å få ei god lesaroppleving!)
Eg trur det er in i tida å skriva amerikanske sørstatsromanar.  Og det er heilt okei, så lenge dei er gode. Denne er det! God, altså!
"Helbredelsen" er rørande, provoserande, engasjerande og sterk.
Det er Gran Gran si historie me får. Ho er tidlegare slave, og har arbeidd i mange år som jordmor og "medisinkvinne". Det kjem ei sjuk dame til henne ein dag. Ho har med seg eit barn, Violet. Gran Gran klarar ikkje redde livet til kvinna, og sit att med ei morlaus jente i sjokk. Jenta vil ikkje ikkje prate og ho er svært stressa og anspent. Gran Gran finn ut at Violet slappar av når Gran Gran fortel gamle historiar. Slik går det til at me får den fantastiske slavehistoria presentert.
Forteljingane er nydeleg balansert.  Stemninga er så fin.
Eg trur på denne boka. Eg har ei kjensle av at forfattaren veit kva han "snakkar om". Han må ha sett seg godt inn i livet på plantasjane! (dette er berre noko som eg føler og trur, eg har ikkje sjekka det!)
Eller kanskje han berre er fantastisk til å lyga. Uansett: GOD BOK!
ei bok om sjølve livet! Les, min venn! Les!

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar : Bjørn Sortland

FOR EI GLEDE!
Endeleg! Denne boka har eg venta på. Og så kom ho til meg i går. Og så berre las eg ho MED EIN GONG! Kva er det å ikkje elska med denne boka? Ho er så FIN! Og så den tittelen då! Heile boka kunne vore full av piss og eg ville framleis elska ho, trur eg! Sjå på ho, då!
Men saken er jo den at ho ikkje er full av piss! Ho er full av god underhaldning! Ho er full av kjærleik! Ho er full av deilig nynorsk!
Eg nikoste meg!
Boka handlar om Ivar. Han er 40 år. Jobbar i bank. Han er fornuftig og alminneleg....og singel. Eller nei, han er jo ikkje alminneleg! Not at all! Det er berre utanpå at han er vanlig. Ivar er jo ein fundamentalist. Og ikkje berre det, heller! Ein ekstremist, faktsik! Han ser det. Han innrømmer  det sjølv. Han trur på den absolutte kjærleliken. Han vil ha ei kvinne (det har han aldri hatt. ikkje i nærleiken, eingong) som han skal elska og æra. Ikkje noko sex før ekteskapet. Og denne kvinna kan vera kven som helst! Den første og beste, som det heiter. Berre ho er kvinne og ho er hans. Han skal gifta seg med henne og støtta ho i ALLE val til døden skil dei. Det er berre det at ingen kvinne nokonsinne har vist ørlite interresse for han.
Ivar har gått på skrivekurs for mange år sidan. I etterkant av kurset gav han ut to diktamlingar på eige forlag, og kan soleis kalla seg forfattar.
Ein dag får Ivar spørsmål om han kan halda skrivekurs for to tidlegare narkomane kvinner. Han synst ikkje han kan sei nei. Slik møter han Sonya....

Lettlest, enkel og med fine teikningar. Denne boka les du på ein ettermiddag!
Mykje humor. Mykje om livet. Mykje naivt og mykje rart. Eg elskar den (har eg nevnt det?)
Les, folkens!

søndag 31. mars 2013

Faen ta skjebnen : John Green

Eg har aldri hatt lyst å lesa ei bok om kreft. Aldri.
Nokon gonger har eg gjort det likevel, og det har vore forferdelig...Ikkje fordi alle bøker om kreft er dårlege, langt ifrå! Men fordi det er så trist, og eg må gråta så mykje. Og så er det så sant. Og så urettferdig. Kreft er fælt og urettferdig. 
Ei dame som eg kjenner sa noko slikt som dette etter at faren hennar hadde døydd av kreft : "Kreften flytta inn hjå oss. Han var ein ubedd og uvelkomen gjest, men me måtte ta oss betre av han enn av nokon andre gjester me har hatt, for me visste at når han flytta ut, ville han ta far med seg"
Det syns eg var klokt sagt. 
Vel. Boka "Faen ta skjebnen" handlar ein god del om kreft. Ungdomar og kreft. Og døden.
Hazel Grace er 16. Ho har kreft. Lungene hennar er elendige, så ho gr rundt md slangar i nasen og ein lufttank på slep. Hazel har vore stabil ei god stund, men ho veit at ho aldri kjem til å bli frisk. Ho vert tvinga av foreldra til å gå på teite møter i Støttegruppa for barn med kreft. Og kva skjer? Jau, der møter ho the one and only. Mr.Right. Augustus! Den Rette!
Augustus har hatt kreft i beinet og har amputtert ein fot for å unngå spreiing...
Å, rammene er så tragiske!
Men alikevel! Dette er morsomt! Svært morsomt, faktisk! Dei er sjølvironiske, dei har ein lekker humor! Dei er ærlege på ein måte som eg ikkje er vane med! Dei to hovudpersonane har nok måtte reflektere over eindel tunge tema som eg har sluppe unna (til no). Det er på ein måte befriande å lesa om dei. 
I tillegg til å vera morsomt, er det romantisk! ÅJA! Hazel og Augustus havnar på eit tidspunkt på date på ein restaurant i Amsterdam. Det er så fantastisk at eg har kjempelyst å dra dit! No! Med mannen min! 
Og så er dei begge utruleg glade i å lesa! Dette kan jo nesten ikkje bli betre!??
Men skal eg kritisera noko, må det vera tittelen. Eg syns ikkje den passar. Banningen i tittelen gav meg forventningar om at det skulle vera ei "tøffare" bok, eller heltinne eller...eg veit ikkje! Språket i resten av boka matchar ikkje tittelen heilt. Men det er no ein bagatell! 
(PS På originalspråket heitte boka : The fault in our stars)
Det som er viktig her: LES BOKA! Den er god!  Eg diggar humoren til Hazel og Augustus. 
Eg syns det er godt gjort å skrive ei SÅNN bok om kreft og det! Det er klart at det er alvorleg! Denne boka handterar det på ein annleis og enormt god måte. Respekt til forfattaren!
Les då vel!

torsdag 21. mars 2013

Slutt av Kari Bøge

Eg las alle Kari Bøge sine ungsomsbøker før. Eg elska dei! "Ryggen fri", "Speilet fanger" og "Morgenfugl og natteravn". Dette er bøker som eg las meir enn ein gong då eg gjekk på ungdomskulen.
Eg har fått med meg at Bøge har skrive fleire romanar for vaksne dei siste åra, men eg har ikkje lese dei. Men no gjer ho "comeback" som ungdomsforfattar! Jippi, tenkte eg og tok med meg boka heim med ein gong!
YESS! det var kjekt!
Me møter Emilie. Ho går første året på vidaregåande skule. Mora hennar har bestemt at Emilie skal flytte til faren. Frå Sørlandet til Drammen! Der kjenner ho ingen. Ikkje faren eingong.
Emilie har det ikkje greit. Ho kjenner på at mora er glad for å bli kvitt henne.  (Eg er kjempeirritert på denne mora! FOR ei dårleg mor! Ho skriv stygge ting om Emilie på facebook... Sånn sett er det berre bra at Emilie kjem seg bort frå henne). I tillegg har ho blitt stygt mobba av "vennene".  Ho tenker på om ho kan få ein ny og betre start i Drammen? Eller er ho ein evig looser?
Det blir ikkje heilt forferdelig i Drammen. Ho og faren finn eit fint mønster å leva etter, og Emilie får ei veninne i den nye klassen. Denne veninna er mystisk og spesiell. Men ho støttar Emilie.  og bygger henne opp. Litt etter litt avslører dei historiane sine for kvarandre (og oss som les). Vonde og fæle hemmeligheiter kjem til overflata og vippa meg litt av pinnen...
Denne boka er fin og viktig.
Er du ute etter action, er ikkje dette den riktige boka. Men viss du vil lesa om livet, då er den perfekt!
Dette er ei ungdomsbok, men eg syns nok at den bør lesast av vaksne og. Og iallefall av foreldre som er skilde og som delar på barna sine.
Det var mange (og store) tema i "Slutt". overgrep, omsorgsvikt, mobbing, overforbruk i samfunnet....berre for å nevne noko... Eg fekk mykje å tenka på. Dessutan var det ei god lesaroppleving. Eg likte Emilie og faren hennar. Dei var truverdige. LES då! LES, vel!

torsdag 14. mars 2013

Undervannsgåten av Jørn Lier Horst

Tredje bok i CLUE-serien! Dette er ein serie som eg er superbegeistra for. Sjå kva eg skreiv sist. "Undervannsgåten" er bok nr 3 i serien. (bok nr 2 er også heilt digbar!)

Atter ein gong møter me Cicilia, Leo, Une og Egon! JIPPI!
Me blir kasta rett inn i dramaet: det er funne ein avkappa venstrefot på stranda! (creepy) og ikkje nok med det! Dette er den ANDRE venstrefoten som er funnen på kort tid!
Men, HAHA, så viser det seg at det "berre" er filminnspeling i Skutevika. Det er stilig og våre venner føl med frå sidelinja. Det vrimlar av filmfolk og skodespelarar overalt. Hotellet, der Cicilia og Leo bur, husar mange gjester og det viser seg ganske snart at ikkje alle gjestene har "reint mjøl i posen". Ikkje er alle heilt ærlige om kven dei er heller...
KNALLBRA krim for barn! og Ungdom! Knallbra! (sa eg det?)
Lettlest, velskrive og ikkje minst : ein GOD historie!
Les, kos deg! LES!

mandag 11. mars 2013

Fallen engel av Becca Fitzpatrick

Er englar gode eller vonde? Kva er dei ute etter?


USA. Ung, vakker jente. Ung, sexy gut.  Dei må mot sin vilje sitje i lag og samarbeide i biologi.
Har me ikkje høyrt og lest dette før?
Jau!
Men det gjer ingenting om rammene i forteljinga er KLISS LIKE på andre populære ungdomsbøker (eg kan jo nevne "Perfekt kjemi" og "Twilight"), for resten av boka er noko for segsjølv!
Likte eg den? JA

Nora bur i Portland i USA. Ho er ei vanlig, søt jente. Flink på skulen, god i humøret. Besteveninna, som ho brukar all si ledige tid ilag med, heiter Vee. Ho er livlig og humoristisk, ikkje opptatt av skulen, men heller gutar! Dei er eit typisk veninnepar. Så dukkar Patch opp. Han er mystisk og vakker, men både Vee og Nora er einige om at han er skummel og no good.
Biologilæraren plasserar sjølvsagt Nora og Patch ved sida av kvarandre. Frå første stund er det spenningar og dragningar mellom dei.....Love is in the air??
Kva er det med Patch? Er han farlig? Er han god? Nora veit ikkje. Ho veit berre at ho er tiltrekt, nyfiken og litt skremt. Vee er tydeleg på at ho ikkje likar han. Ho likar derimot eitpar nye gutar som dukkar opp på skulen!
Det vert etterkvart tydeleg for alle at nokon er ute etter å drepe Nora.
Fantasy er ikkje den sjangeren eg likar best, men denne boka er kjekk! Og svært lettlest! Oversetjinga har eg ingeting å sei på. Eg syns rett og slett at "Fallen engel" held mål!
ROMANTISK! PIRRANDE! SPENNING I MASSEVIS!
Eg trur at mange, mange jenter (og ein heil del gutar) vil like denne.
Les folkens!

fredag 1. mars 2013

Den beste sommeren av Emilia og Monika Polbratek

GRÅTEBOK!
Snufs!
Før du set deg ned for å lesa denne, bør du forsikra deg om at du har papirlommetørkle i nærleiken. Denne er berre så rørande. Eg trur nesten ikkje det går an å lese den utan å bli påvirka på ein eller annan måte. Eg er ikkje så veldig lettrørt, men tårene rann og rann.
Undertittelen er : En bok om glede, søskenkjærlighet og om å leve på lånt tid.
Gjennom denne boka gir Emilia oss eit innblikk i korleis det kan vera å leva med eit søsken som har uhelbredelig kreft og ikkje kan reddast. Veslesyster Natalia på 5 år skal døy, og Emilia vil gjera dette til den beste sommaren. Ho vil bruka all si tid i lag med si elskede syster. Dette er ikkje ein roman. Dette har skjedd på ordentlig. Dette er Emilia frå Leikanger sin eigen historie - som er så trist og så uendeleg vakker samstundes!
Boka er basert på Emilia sin eigen blogg, kommentarar frå bloggen  og Mamma Monika sine dagboknotatar.
Boka er kjempeviktig. Det Emilia har gjort er fantastisk! Ho er ei super storesyster, eit godt menneske og eit lysande godt eksempel for oss alle.
Takk for denne boka!
LES, min venn! Les, og husk det som står! =0)

torsdag 28. februar 2013

Et offer til Molok av Åsa Larsson

Har du lest Åsa Larsson før?
Det har eg! Det anbefalast. Really!
Dette er 5.boka med  Rebecka Martinsson som hovudperson. Eg likar dei så godt, så godt! For meg er dette krim på sitt beste. Det er så uhyggelig og spennande at eg gyser. Boka vart lesen på tre kveldar - berre fordi den var heilt umogleg for meg å leggja vekk.
Me er i traktene rundt Kiruna ved Norrbotten.
Det heile startar med at ein Elghund vert drept og spist av ein bjørn. I magen til bjørnen finn dei i tillegg restar av menneskeknoklar... Berre nokre veker seinare vert ei kvinne stukken ihel med høygaffel. Over hundre stikk! Inne i sitt eige hus. Sjuåringen Marcus ser mordet men klarar å stikke av og kome seg i sikkerhet.
Marcus er ein så fin fyr, men han er sjølvsagt livredd. Der er så hjarteskjærande å lesa historien hans. Det viser seg snart at nokon er ute etter å ta livet av han og. Heile familien hans skal drepast....
I tillegg til drapshistorien, får me lesa ein hundre år gammal historie om den unge lærerinna Elina som dreg til Kiruna for å arbeide i det nyetablerte samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta og malmutvinninga. Ho vert forelska og har eit hemmelig forhold til gruvedisponenten Hjalmar.
Boka vekslar uproblematsik mellom dei to historiane, og dei utfyller kvarandre på finurleg vis.
Eg elskar måten Larsson fortel på! Eg elskar stemningane som ho serverer meg!Ho gir lesaren nydelige leidetrådar, men eg forstod ikkje. Ikkje før til slutt! Jippi og Grøss
Vil du har ein god krim? Les "Et offer til  Molok"! Vil du ha fem gode krimbøker? Les alle fem bøkene om Rebecka Martinsson. Dei er strålande!