onsdag 17. april 2013

Helbredelsen : Jonathan Odell

Vaksenbok!
JUHUU! (Men du ikkje føla deg vaksen for å få ei god lesaroppleving!)
Eg trur det er in i tida å skriva amerikanske sørstatsromanar.  Og det er heilt okei, så lenge dei er gode. Denne er det! God, altså!
"Helbredelsen" er rørande, provoserande, engasjerande og sterk.
Det er Gran Gran si historie me får. Ho er tidlegare slave, og har arbeidd i mange år som jordmor og "medisinkvinne". Det kjem ei sjuk dame til henne ein dag. Ho har med seg eit barn, Violet. Gran Gran klarar ikkje redde livet til kvinna, og sit att med ei morlaus jente i sjokk. Jenta vil ikkje ikkje prate og ho er svært stressa og anspent. Gran Gran finn ut at Violet slappar av når Gran Gran fortel gamle historiar. Slik går det til at me får den fantastiske slavehistoria presentert.
Forteljingane er nydeleg balansert.  Stemninga er så fin.
Eg trur på denne boka. Eg har ei kjensle av at forfattaren veit kva han "snakkar om". Han må ha sett seg godt inn i livet på plantasjane! (dette er berre noko som eg føler og trur, eg har ikkje sjekka det!)
Eller kanskje han berre er fantastisk til å lyga. Uansett: GOD BOK!
ei bok om sjølve livet! Les, min venn! Les!

3 kommentarer:

  1. Jeg har hørt flere snakke varmt om denne boken så nå hoppet den inn på min leseliste også :-) Takk for fint tips!

    SvarSlett
  2. Berre kjekt, det! Eg kjenner at eg er i overkant begeistra for den! Det er så kjekt! Likar Sortland voldsomt godt!
    Dette var noko heilt anna og nytt frå han! yippi!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ohoy! Feil svar! Feil bok! HAHAHA!
      Sorry, helbredelsen e lovely!
      GOD BOK

      Slett