KRIM. Sommarlesing. Avslapping.
Eg har lese dei to tidlegare krimbøkene om journalisten Kajsa. Dei var gode. Eg vart imponert.
Denne var også kjekk! Trude Teige er flink.
"Svik" har driv! Den var til stor underhaldning. Det syns eg bøker skal vera. Det er jo difor eg les....
Men den var kanskje ikkje heilt fantastisk glitrande. Eg kjem nok til å gløyme den ganske kjapt. Ingen av personane i boka har fulgt meg etter at eg vart ferdig å lesa.
Det er drap. Det er historie. Det er eit godt plot. Det er lett og fint språk. Det var fin stiging i spenningskurva og det var nett før Kajsa mista sin kjære, gode, nye mann. Eg heldt pusten av spenning!
Alt i alt : krim slik som det skal vera. Eg er godt fornøgd
Det eg likte best, var at boka får fram korleis jentene som var uheldige å bli forelska i tyske soldatar under krigen, har måtta betala ...og betala...og betala! Det historiske. Og sjølvsagt det at eg ikkje fann ut kven den skuldige var med ein gong. Det funka! =0)
Vel verd å lesa!Les, min venn!
(Helsing Ragna som kjenner at det er litt for lenge sidan ho las ein od ungdomsroman...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar