Eg har fått med meg at Bøge har skrive fleire romanar for vaksne dei siste åra, men eg har ikkje lese dei. Men no gjer ho "comeback" som ungdomsforfattar! Jippi, tenkte eg og tok med meg boka heim med ein gong!
YESS! det var kjekt!
Me møter Emilie. Ho går første året på vidaregåande skule. Mora hennar har bestemt at Emilie skal flytte til faren. Frå Sørlandet til Drammen! Der kjenner ho ingen. Ikkje faren eingong.
Emilie har det ikkje greit. Ho kjenner på at mora er glad for å bli kvitt henne. (Eg er kjempeirritert på denne mora! FOR ei dårleg mor! Ho skriv stygge ting om Emilie på facebook... Sånn sett er det berre bra at Emilie kjem seg bort frå henne). I tillegg har ho blitt stygt mobba av "vennene". Ho tenker på om ho kan få ein ny og betre start i Drammen? Eller er ho ein evig looser?
Det blir ikkje heilt forferdelig i Drammen. Ho og faren finn eit fint mønster å leva etter, og Emilie får ei veninne i den nye klassen. Denne veninna er mystisk og spesiell. Men ho støttar Emilie. og bygger henne opp. Litt etter litt avslører dei historiane sine for kvarandre (og oss som les). Vonde og fæle hemmeligheiter kjem til overflata og vippa meg litt av pinnen...
Denne boka er fin og viktig.
Er du ute etter action, er ikkje dette den riktige boka. Men viss du vil lesa om livet, då er den perfekt!
Dette er ei ungdomsbok, men eg syns nok at den bør lesast av vaksne og. Og iallefall av foreldre som er skilde og som delar på barna sine.
Det var mange (og store) tema i "Slutt". overgrep, omsorgsvikt, mobbing, overforbruk i samfunnet....berre for å nevne noko... Eg fekk mykje å tenka på. Dessutan var det ei god lesaroppleving. Eg likte Emilie og faren hennar. Dei var truverdige. LES då! LES, vel!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar