Ha!
Ein eksplosjon! Av GULT.
Og gult er kult.
"Anarchy in Åmot" har eg blitt anbefalt å lesa! Eller rettare sagt, å høyra! Naboen min høyrde lydboka og etterpå snakka han seg varm om kor utruleg kjekk og morsom og god den er. Eg innrømmer at eg ikkje har vore så veldig freista. Eg utsette det. Men for kvar gong han spurde om eg hadde lese den endå, vart det meir teit å svara "nei", så tok eg vel med meg boka heim, då. Ja, boka! Og den var kjekk! Stilig. Skrive på dialekt. og med tøffe, unge menn i hovudrolla. JIPPI! Men eg innsåg fort at Herr Nabo hadde rett! Dette ville nok vera endå kjekkare på lydbok.
Så eg har høyrt siste del! ÅJA, det anbefalar eg og!
Det er forfattaren sjølv som les. På riktig dialekt!
Vår hovudperson og helt heiter HP. Det er sommaren før 9.klasse. Det er 1978. Boka er lang, men handlinga rullar fort, fort! Opptakten: HP, Perry, Bønna og Deniro høyrer "Anarchy in the UK" med Sex Pistols og blir "frelste". Dei startar Åmot sitt første punk-band. Me er med dei i medgang og motgang. Dei er tøffe og galne. Dei er redde og små.
Punk er nytt og farleg. Det fins eit rivaliserande band. Det fins damer med pupper og lår. Det fins fedre som ikkje forstår. Boka har alt og endå litt meir. Me er innom mange alvorlege (veldig alvorlege) tema (eg nemner i fleng: incest, sjølvmordforsøk, depresjon, fedre som slår...)tte går (naturlegvis) inn på HP, men det er ikkje han som opplever det. På denne måten skapar forfattaren fin balanse mellom det tragiske og det humoristiske. Den er ein nydeleg oppvekstroman som er spekka med humor. HP er gløgg, kjapp i replikken og hysterisk morsom til tider. Eg lo mykje! Det er lett å kjenna seg igjen i alt det som ein skal gjannom i ungdomstida! Eg likar HP! Eg likar Anarchy in Åmot. Eg likar denne lydboka!
Eg trur faktisk at eg skal gå i hylla på biblioteket og leita fram fleire bøker av samme forfattar!
KJEKT!
Les, min venn. Eller HØYR!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar