Herlighet, eg er så facinert!
Høyr! Du vaknar opp ved sida av ein mann. Du har aldri sett han før. Han har giftering. Han påstår at de er gift. Med kvarandre! At de har vore det i ei årrekke..... og han kan bevise det!
Sånn er det for Christine.
Kvar morgon!
Ho lir av ein spesiell type hukommelsetap. Ho kan berre huske EIN dag. Når ho søv om natta vert alt viska ut, og kvar morgon må mannen hennar, Ben, forklare henne og overbevise henne om kven han er og at dei er gift og at ho har denne skjeldne typen sjukdom...
SPRØTT!
Det dukkar opp ein Dr Nash ganske tidleg i boka. Han har prøvd å kontakte Ben fordi han trur at han har ein ide om korleis han kan hjelpe Cristine til å hugse. Ben har nekta å ta imot hjelp, men Dr Nash tek kontakt med Cristine og dei begynnar behandlinga bak Ben sin rygg.
Christine byrjar å skrive dagbok. Kvar dag skriv ho ned kva som skjer og kva ho får vite om livet sitt. Kvar dag må Dr Nash ringe henne og fortelje henne kvar dagboka er gøymt. Så må ho lese si eiga historie og på den måten kan ho stylte opp eit slags liv med minner.
Men det er noko som ikkje stemmer. Det er mykje som ikkje stemmer! Kven er det som lyg? er det Dr Nash? er det Ben? er det begge? og kven er Claire og Adam?
CREEPY!
Intenst god!
ANBEFALAST! (her er eg freista til å setje TO ropeteikn, berre for å visa kor lyst eghar til at du og skal lesa den) (Men det held med eitt)
No har eg sjekka litt, men eg finn ikkje andre bøker av denne forfattaren. er det mogeleg å skrive ein så bra debut? Awsome!
Psykologisk thriller, det er det dette er. Eg har lese ein plass at det er ein krim. Det er det ikkje. Men den er ENORMT spennande og heilt umogeleg å leggja frå seg! Eg har aldri lese noko liknande før.. Eg vart hehilt oppslukt, heilt frå dei fyrste sidene. Deilig. Og "Før jeg sovner" MÅ joberre bli ein diggbar film...
LES MIN VEN!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar