torsdag 16. februar 2012

DØDENS SKYGGE

Ragna er i det kritiske hjørnet: IKKJE LES DENNE BOKA, for den er ikkje god!
Dødens skygge


"Skorpionen : Dødens skygge" er første bind i ein ny ungdomskrimserie frå Jacob Weinreich. Og hjelpe meg!
Det handlar om Ida Toft. Livet hennar er som ein berg-og-dalbane. 
Ho er skulelei, men byrjar på vidaregåande. Ho har ein travel ekstrajobb på eit hotell (med ein sur sjef som ser ut til å like henne). Ho strevar med forholdet til mora og storesystera. Ho lengtar etter ein politifar som ganske nyleg døydde. Ho hatar den nye politimannen som flyttar inn ilag med mora. Og så treff ho David - og alt (ALT) skjer på ein gong.
Ho er facinert av han, forelska og nyfiken. Men han har store og alvorlege løyndomar. Både politiet og nokre skumle russarar er ute etter han. Det visar seg å vera livsfarleg for Ida å pleia venskapen/kjærleiken til David....


Historien er bra! Boka er elendig!


Det må vera lov å stilla høgare krav til språket (det verkar svært lite gjennomarbeidd)  - i dei mest spennande sekvensane verkar det som om forfattaren misser fokus og eg opplever noko av det som skal vera intenst og nervepirrande (t.d skotvekslinga på parkeringsplassen utanfor hotellet) som latterlig og svært lite truverdig.


Fleire gonger kjem me innpå såre og viktige tema, men når det byrjar å bli interresant, vert alt feia av med noko slikt som "noe i smilet hans gjorde at hun også måtte smile selv om hun egentlig kokte innvendig".


Eg kjem ikkje til å lesa fortsetjinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar