Denne har eg gledd meg til!
No har eg lese den. Forlaget seier om denne boka: "spennende sommerkrim!"
Bortsett frå at eg er ENORMT lei av ordet spennande for tida, er eg einig. Dette er ei spenningsbok som fungerar knallbra.
Det handlar om Victor. Han skal på hyttetur : sommarferie med mor og far og ei lita søster. På ei øy.
Utan mobildekning og internett. Juuuubel! ...eller? Victor er ikkje spesielt klar for denne turen. Han føler at han er stor nok til å få vera att heime, medan dei andre "leikar familie". Men ut i skjærgårdsidyllen må han, og han bestemmer seg likegodt for å gjera det beste ut av situasjonen. Det er fire andre ungdomar på øya. Victor blir facinert av den vakre og mystiske Vero med ein gong. I tillegg er tvillingane Trym og Thea der. Og så er det Lukas. Han er sur og avmålt og ikkje på ferie.
Ungdomane har ikkje så mykje å ta seg til. Øya er lita og har ruinar av eit gammalt fort. Dette vert "leikeplassen" deira. Ja, dei byrjar på ein måte å leike...Dei får tida til å gå ved å leite etter "spor".
(det ligg i korta at den uskuldige leiken, plutseleg vert meir alvorleg enn dei likar!)
Leiken blir farleg og dei klarar ikkje slutte!
Det som eg likar aller best, er den realistiske settingen. Eg for står jo så godt atå vera "låst" på ei øy i tre veker utan nett og utan ein bestevenn, ikkje er høgast på ynskjelista til mange unge. Victor er sur. Det trur eg på!
Dei fire ungdomane famlar når dei skal bli kjedt med kvarandre. Dei er ikkje positivt innstilt til kvarandre ein gong! Dei er så ulike, og hadde det ikkje vore for at dei på ein måte vert tvinga til å feriera i lag, hadde dei ikkje valgt kvarandre til vener. Det er stilig og det gjer at eg trur på historien.
Dei er EINGENTLEG ikkje så voldsomt interressert i det dei finn heller, men dei har ikkje anna å ta seg til enn å begynne å grave og snoke. Endå det er barnsleg....
Eg likar det!
Å avgrense alt til ei øy, er kult og får meg til å føla at eg les ein klassisk roman.
Eg vart riven med og måtte lesa boka fort ut!
Passeleg med fjortis-faktor
Passeleg med romantikk
Passeleg dose nervepirring
Tommel opp!
PS! Det går heilt fint å lesa "sommarkrim" om vinteren!
(Passar best for for dei som er 11-16 år, kanskje)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar