Aurora er ei flink og glad jente. Ho er god på skulen, glad i familien sin og i besteveninna Josefine.
Ho og Josefine spelar handball, og Aurora er svært god.
Ho får eindel ekstra merksemd av trenaren Gaute. Han sender av og til SMS til Aurora. Han har lagt merke til henne. Det er alltid litt deilig når nokon legg ekstra merke til deg.
Men Gaute burde ikkje sende slike meldingar, han er ein vaksen mann. Han er faren til Dorthe i klassen.
Eg har ikkje lyst å avsløre heile handlinga.
Eg er så glad for at denne boka er her!
Den er så lett å lesa at det er eit reint kunststykke frå forfattaren si side! Men det er tyngd i innhaldet. Eit enormt viktig tema behandla på ein god måte.
Tommel opp!
Eg kastar to terningar og gir boka ein sterk 12!
LES, FOLK!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar