Ein ny og god fantasy-serie er her!
Den heiter VILLHEKS og bok nr 1 heiter ELDPRØVA
I dag er eg begeistra. (jubel jubel)
I dag rår eg deg til å lesa den første boka i serien om den heilt vanlige jenta Clara (som sjølvsagt viser seg å ikkje vera spesielt vanleg likevel.)
Å skrive god fantasy for barn er ein kunst. Danske Lene Kaaberbøl er ein meister. Ho skreiv Skammarserien (for ganske mange år sidan!) som er heilt genial. Den handla om Dina som hadde den eigenskapen at ho kunne sjå det som folk skamma seg over når ho såg dei i augene. Huff, for ein eigenskap! Men i heitaste kor bra bøkene var! (Har du ikkje lese dei, spring til biblioteket og lån dei at once!) Og no ligg det an til å bli likeså kjekt å lesa om Villhekser.
Eg vart fengsla med ein gong, sugd inn i handlinga. Det er det beste. I opningscena er Clara på veg opp ei trapp (med sykkelen sin på slep) for å kome seg til skulen. Og så vert ho angripen av ein katt. Ein katt?! Ein diger katt.
I denne boka er det som alltid i fantasysjangeren, det gode mot det vonde. Det vonde er ei skummel heks som heiter Kimæra, og det gode er sjølvsagt vår heltinne Clara. Ho havnar sjølvsagt face-to-face med Kimæra og må gjennom eldprøva for å overtyde alle om at ho er den ho er, med gode intensjonar.
Villhekser er gode hekser som hjelper natur og dyr. Det er fasinerande å lesa om og eg kosar litt ekstra med katten vår no etter at eg har lese den.
Er det berre bra ting å sei om denne boka, då? Ja, eg trur det. Den er i tillegg oversett til nydeleg nynorsk <3
GLER MEG TIL NESTE BOK!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar