Eg diggar omslaget på denne boka! Dess meir eg ser på det, dess betre likar eg det. Joggeskolissene som dannar bokstavar...mmmm! Og fargane. Dette er rett og slett ei bok som tiltalar meg noko heilt enormt.
Sant ho er fin?
Eg greip boka KUN på grunn av utsjånad. Forfattaren hadde eg aldri høyrt om før(!). Han er svensk og har skrive ungsomsbok før. Det har eg funne ut no i ettertid.
Eg vart glad og blid då eg såg at det var Ingelin Røssland som var oversetjar. Ho diggar eg jo og!
Boka handlar om Morris som er ekskjærast med Betty. Han spring. Han spring for å gløyme å tenke på Betty. Morris er nemlig overvelda av kjærlighetssorg. På springeturane er han ilag med sin bipolare far som han har ei voldsom sut for. Han bur ilag med mora.
På ein treningsrunde møter han Lena. Ho er grei og kan kanskje vera ei som Morris kan elske.
Gubba, eg kjeda meg! Eg syns sett og slett at boka var kjedeleg (det er ikkje ofte). Den er godt skrive, men eg "datt av lasset"....kan ikkje anbefala den, desverre. Her var det for lite liv, eg vart irritert på begge foreldra til Morris(jaudå, den har jo vekt nokre kjensler i meg!), og eg syns til tider Morris sjølv var tafatt. Eg merka ingen spenningskurve, og spelte ofte litt chuzzle på telefonen før eg gadd å lese vidare i boka....ikkje bra.
Det som eg faktsik likte svært godt, var dialogane. Eg vart heilt fasinert, fordi personane i boka sa heilt andre ting enn det eg forventa av dei. Det var ganske kult!
Eg har sett litt rundt på nettet, og Lysløypa har jo fått ganske fine omtalar både her og der....det KAN hende at den rett og slett er både kjekk og god og at det det er meg det er noko gale med (men er ikkje det svært lite truleg, då?)
=0)
kun ein måte å finna det ut på: LES SJØLV!
Det er ikke noe galt med deg. Jeg fikk heller ikke helt fot for denne boka, og det var synd, siden jeg synes den hadde mange fine tilløp.
SvarSlett*Pustar letta ut*
SvarSletthehe