Dette er ei jentebok, kanskje? Det er i allefall mange jenter med. Veninner. Kjæreste-prat. Intrigar. Ein kul Scooter. Hjartevarme. Kjærleik. Piercing. Strenge foreldre. Krangel. Slanking. Kjærlighetssorg. Framtidsdraumar.
Det er kjent og kjært. Dette har me jo lese om i så mange ungdomsbøker.
Men så er det annleis likevel! Tenk å leve med at veskenapping og ran er ein del av kvardagen? Tenk å bu i eit så korrupt land, at du aldri er trygg for noko! Skyting og annan grov kriminalitet er fjernt frå min kvardag....
Har du lese Anne Franks dagbok?
Denne boka er litt i slekt...
Annalisa budde i eit av Italia sine farlegaste mafia-strøk. Ein dag vart ho skutt og drept av mafiaen. Faren hennar fann etterkvar Annalisa si hemmelige dagbok, og forfattaren (norsk-italienske Mariangela Cacace) fekk lov til å bruka dagboka som grunnlag for å gje ut denne boka. Me får Annalisa sin historie, som er støtta opp av forfattaren sine eigne tekstar.
Dagboka, og alle tankane til Annalisa, er lette å fatta. Dei er så typiske for ei jente på 14 år. Men miljøet er ukjent. Det er litt godt og sjå kor like me jenter er sjølv om me har det heilt forskjellig!
Livet til Annalisa fekk ein tragisk utgang, men tankane hennar bør lesast av jenter overalt!
LES!
Denne står på nye bøker hylla vår. Den har egentlig en kjedelig forside så jeg har ikke tenkt på å lese den. Det skiftet jeg menig om nå :-) Takk for inspirasjon!
SvarSlettSÅ bra! =0)
SvarSlett