Har du lyst å lesa ei lita bok?
Denne er lita. Det tek ikkje mange timane å lesa den. Men den er mektig likevel. Eg vart tatt litt på senga, eg hadde ikkje sett meg inn i kva denne boka handlar om. Eg berre las.
Og eg vart gripen!
Det handlar om Liv, ei ung jenta som har isolert seg i besteforeldrene sitt gamle hus. Ho har tenkt å ta livet av seg, men så vert ho forstyrra. Det bur ei eldre dame litt lenger oppe i vegen. Ho heiter Irma. Irma har gått tom for matvarer, og no treng ho nokon til å køyre seg til butikken.
Liv hjelper henne motvillig, og tenker at ho får ta livet sitt om eitpar dagar når Irma har fått det ho treng.
Irma og Liv
Begge har ein stor hemmelighet som dei ikkje har fortalt til nokon. før.
Det veks nokre sterke band opp mellom dei to damene. Dei finn ei slags meining i det å ha møtt kvarandre. Er det tilfeldig når me støyter på folk som sidan vert viktige i liva våre? Denne boka visar kor viktig det er å samtala med andre. Kor avhengige me er av kvarandre. ...og kor stor makt det er i ei forteljing!
Magisk!
I denne boka ligg det mykje kunnskap, historie og livsvisdom. Og tapt kjærleik og fint venskap...
Tips: Dette er ei fin julegåve!
LES!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar