Eg likar Hilde Hagerup! Eg har hatt sans for ho lenge. Ho har skrive fleire realistiske ungdomsromanar som eg beundrar ho for.
No har ho bytt sjanger.
Det er difor eg har utsett å lesa "Bak dødsfjellet" ganske lenge. Eg tenkte nemleg at eg kom til å bli skuffa. Eg er ikkje så glad i spøkelsesforteljingar.
Eg hadde ikkje behøvd å bekymra meg!
DENNE BOKA ER KJEKK!
Ho handlar om Jens. Han er sikkert 11år og bur på Frostøy. På Frostøy går ingen på skogsturar. INGEN! Ingen har nokon gong kome levande tilbake frå tur til den lokale fjelltoppen. Den har (logisk nok) fått tilnamnet Dødsfjellet. Det aular av spøkelser på Frostøy. Og dei er ikkje snille "lakenspøkelser"!
Jens er ein forsiktig og upopulær gut. Han står nederst på listene over kven det er lurt å vera ven med. Heilt nedst. Til og med under skiten under skøytebeskyttarane til Bård. Ingen vil vera vener med Jens.
Men så dukkar Wilma opp. Ei ny jente. Ho er tøff og uredd - ho let ingen styre seg.
Jens har det ikkje strålande enkelt heime heller: Mora er mykje sjuk. Somme dagar orkar ho ikkje eingong å stå opp. Ho er svært sær og Jens må i stor grad ta ansvar for kvardagane sine sjølv.
Ein kveld røper mor ein stor løyndom for han.
Heile verda til Jens endrar seg med eitt! Kva gjer du når du får vita at du er den einaste levande i familien - at mor di og andre slektningar er spøkelse?
Dette er ein original og god histoire! Eg diggar den! Forteljargleda er stor! Det er passeleg (!) skummelt (Ganske skummelt og grostesk, faktisk! Men det skal det jo vera! Det er ikkje koseforteljing!) og svært lettlest. Setningane er korte og enkle, men bileta eg fekk i hovudet var fæle!
-jippi! Eg likte det likevel!
Eg kjem til å lesa dei andre bøkene i serien "Spøkelsene på Frostøy" - gler meg already!
Eg trur den passar best for dei som er mellom ca 8 og ca 14 år??
SvarSlett