mandag 28. januar 2013

Den sommeren pappa ble homo : Endre Lund Eriksen

"Det har vært en fantastisk sommer, selv om pappaene våre har blitt homo."
Dette er første setningen i boka med den fantastiske tittelen!
Det er litt sånn "pang! Rett på!" og ganske morsomt.
Boka, som i tillegg til den diggbare tittelen også har eit gult, kult omslag, er interessant! åja!
Det handlar om Arvid.
Vanlegvis reiser Arvid med mamma og pappa til syden på ferie. Men mamma og pappa er blitt skilde, og pappa har trong økonomi og elendig humør. Arvid og Pappa er difor på campingtur i ei gammal, lånt campingvogn.  På landet. Langt utpå landet, faktisk. Det er så langt utpå landet at det einaste som er av turistattraksjoner er ein utedo med diskokule og diskomusikk.
Det er eitt jevnaldrande menneske i nærleiken: Indiane!
Ja, Arvid og Indiane er nok like gamle, men Indiane har kome kjempelangt inn i puberteten. Det har ikkje Arvid. Han vil helst ikkje ha så mykje med jenter å gjere. Minst mogeleg.
Pappa og Roger, pappaen til Indiane (det er han som har bygd den utedoen) blir fort venner! Roger er morsom og flink. Han trenar mykje (og går ganske ofte i bar overkropp!), er flink å byggja (handyman!), han er sjarmerande og blid og veldig homo.
Det blir ganske stress for Arvid å passe på at Roger og pappa ikkje får så mykje tid ilag.
Dette er ei kjempemorsom bok om ein campingferie der alt går HEILT på trynet! Eller...det går verfall heilt annleis enn det Arvid (som EIGENTLEG heiter Arvidsjaur, men det prøver han å halda hemmeleg! Haha!) håper.
Eg lo høgt. Mange gonger!
Les og nyt, folk! Fin bok!

fredag 11. januar 2013

Janne, min venn : Peter Pohl



Janne, min venn er ei bok som eg kanskje aldri blir ferdig med. Ei heilt enormt bra og fantastisk bok. Den er mystisk, spesiell vond og nydelig, vanskelig og fin. Og sterk!
Dette er nok den boka som har gitt meg mi aller største lesaroppleving.
Det er Krille som er hovudpersonen, det er han som fortel si (og Janne si) historie.
Janne berre dukkar opp. Han brasar inn i Krille sitt liv. Janne og sykkelen hans. Janne med det fantastiske, raude håret. Ein dag er berre Janne der. Han kræsjlandar inn i Krille sitt liv - og blir der.
Så ein dag står politiet på døra, med janne sin øydelagte sykkel. Janne er forsvunne...!?
FOR EI BOK!
Den er fantastisk! Janne er fantastisk! ..... så vond og sår, og viktig! Vennskapet som veks fram mellom Krille og Janne er nydeleg, heilt spesielt! Det står så mykje mellom linjene. Og så er det veldig mykje som IKKJE står der...Kven er den mystiske Janne og kva er det som skjer med han?
Nei, eg blir nok aldri ferdig med Janne, min venn.
Det er lenge sidan eg las den. Eg las den for fyrste gong då den var heilt ny og eg var ungdomskulejente.
No skal  eg jammen lesa ho  igjen!

Gjer det du og!
Spring til biblioteket! LES,MIN VENN

torsdag 10. januar 2013

Carla, min Carla : Ingeborg Arvola


Inghill er så kul!
Ho er tøff i trynet til tusen!
Ho er ei ekte heltinne. Men alle kan gjera feil, sjølv heltinnene...
Difor diggar eg ho! Jepp, Inghill is the man.
Ho er 11 år og tenker KUN på hest (nesten). Ho har så lyst på sin eigen! Tenk å ha sin eigen hest...
No har eg jo nevnt at Inghill er enormt kul, så det kjem ikkje som ei bombe at ho klarar å skaffa seg ein. Inghill sin hest. CARLA.
Juhuuu

Eg anar ingenting om korleis det er å vera i stall eller ta ridetimar og vera ein del av eit stallmiljø (eller vera utanfor stallmiljøet....). Men det fekk eg eit innblikk i i denne boka. I stallane er det futt og fart, viss me skal tru på Carla og Inghill! Det hadde eg ikkje forventa meg.
(Når ei bok gjev meg meir enn det eg forventar, er det supert, for eg har som oftast høge forventningar til kvar einaste bok eg byrjar å lesa!) Eg hadde fordommar. Eg trudde at alle hestebøker var snille, trege og milde, med kun enkle konflinkar (td at "det er for dyrt å ha hest, sa far" eller " du er så dårlig til å ri, sa Lene"....bla bla bla). Slik er det visst ikkje!

Sidan eg ikkje er glad i hestar, var det ekstra kjekt å bli oppslukt av hesteboka! Den er jo realistisk, jo! (trur eg...)
-Inghill som er hissig, tøff og gal. Diggbar
-Carla som er vanskeleg å tøyle ho og
Dette var action!
I tillegg fekk me ei bra historie om mobbing. Denne boka omhandlar vennskap på ein fin måte. Eg har lese bøker av Ingeborg Arvola før. Ho er flink. "Blod, snørr og tårer" har eg lese ofte! Den omhandlar barndom, ungdom, skilsmisse, omsorgsvikt på ein smidig og viktig måte. Og med humor!
Eg er imponert!
Koman! LES. Les Carla, min Carla! (og gjerne "Blod, snørr og tårer)

tirsdag 8. januar 2013

Charliblogg av Eldrid Johansen



Ei bok om ein blogg? ...lat meg blogge om den =0)

Eg trudde at "Charliblogg" skulle vera dum og teit og dårleg.
(Eg hadde lese nokre omtalar av den, og dei var ikkje fine)
MEN DEN ER KJEKK!
Dette er ei super bok for jenter.  Jenter som kanskje er 12-16 år.
Eg er ikkje målgruppa, men likevel klarte eg heilt fint å kosa meg gjennom heile boka. Den var lettlest og eg ville heile tida lesa vidare og sjå korleis det skulle gå!
Eg håpar at mange kjem til å lesa Charliblogg.  Ikkje gå glipp av den!
Det handlar om Charlotte, eller Lotte som ho kallar seg. Ho går på ungdomskulen og er oppteken av mote, sang og dans. Ho har ei besteveninne og fleire venner. Mora hennar er "ung og kul". Lotte har det bra. MEN
....mora får ny jobb og bestemmer flytting til utkantnorge. Lotte må sjølvsagt bli med, endå ho SLETT IKKJE vil bu på ei øy langt frå "normale folk med normale liv"
Det nye livet på øya vert ikkje bra for Lotte. Ho kvidde seg til ny skule, og det hadde ho all grunn til. Ho blir fryst ut av alle, særleg Josefine og jentene i klassen er fæle mot henne.
Lotte har det fælt, og for å overleve startar ho ei anonym blogg (Charliblogg). Her skriv ho humoristisk om det tragiske livet på øya. Men ho lyg. Ho fantaserer seg inn i eit liv der ho er den mest populære og vellukka på øya. Ho byrjar å disse dei andre som bur der, og legg ut stygge bilete med stygge og sårande kommentarar. Bloggen blir kjempepopulær! Ho blir lest av folk frå heile landet....

Dette er ei bok om mobbing på fleire plan. Forteljinga fekk meg verkeleg til å tenke. Det er ei viktig bok med tanke på at me no lever i ei verd der facebook og blogg er blitt  faste element i kvardagen. Kor stor makt har nettet over oss? Kor langt er me villige til å gå?
Dette er på ingen måte ei dårleg bok! Eg forstår ikkje dei som har uttalt seg så negativt (jfr omtalane eg har lese). Mykje av kritikken går på at alt er så overdrive, at Charlotte overdriv. Men det er då typisk for ungdom?
De må vurdera sjølv, folk! Men eg meiner svært bestemt at dette er ei bra og viktig (og KJEKK!) bok om to enormt viktige og aktuelle tema : mobbing og nettvett! Den er lett å lese. Jubeljippi!  LES LES LES!

torsdag 3. januar 2013

ILD av Mats Strandberg

Eg lese og lese og lese....herreminhatt! Skal eg ALDRI bli ferdig med denne boka, då?  Eg som hadde gleda meg sånn...
For gleda meg, det hadde eg! Eg skreiv med stor entusiasme om Sirkelen (som er første bok i trilogien om ungdomane i Engelsfors!) Den var så kjekk og eg gledde meg so enormt til neste bok!
(No ville eg laga ein link til den omtalen, men HÆ?! Den er vekk! Den er like vanskelig å finna som min eigen begeistring for boka. Kva var det eg likte så godt med Sirkelen, då?)

Eg innrømmer det: eg er berre litt over halvvegs i Ild, men eg har byrja å tvila på at eg kjem til å lesa den ut...
MEN
Me er altså i Sverige. Hovudpersonane (dei utvalgte) skal byrja i 2.kl på vidaregåande. Dei ventar og ventar på åtak frå magiske, vonde, demoniske makter. Noko er ramlande gale i byen, og me blir dratt langt tilbake i tid, for å få ein liten forståelse av kva det er som skjer nett no! Dette blir for seigt for meg. Eg gidd ikkje. Den var tung i starten og klarte ikkje fanga meg (i STOR motsetning til første bok, som eg anbefalar voldsomt).
Er det berre meg, elle er denne boka mindre interessant?