tirsdag 29. november 2011

"Det trengs ingen Gud for å skape et mirakel"

Popstjerna Miracle har fiksa det! Ho toppar hitlistene og turnerer verda rundt - spelar for fulle hus og lever eit liv andre drøymer om! Det er festar og glans og ho får fleire sider i avisene! Ho er vellukka og vakker og alt er vel fortent...


Rakel er ei kjekk og snill tenåringsjente(16 år) som er aktivt med i det kristne kormiljøet i Bergen.  Ho har ein fin veninnegjeng og ho er litt forelska.
Talentet hennar vert oppdaga på ein konsert med koret. Ho anar ikkje at dirigenten ordnar med audition til Idol.  Ho går rett til topps i den populære talentkonkurransen og  før ho veit av det er ho ein etablert artist! VIPS! Ho må ta mange val som ho eigentleg er for ung til å ta. Ho blir riven med i ein vind og har ikkje eigentleg styringa. Det er ikkje tvil om at ho har eit fantastisk talent, og karriæren hennar er ein einaste stor opptur.
Men ho har gjort ting som ikkje er så bra for ryktet hennar. Dette har pressa sjølvsagt fått nyss i. No må ho framstå som den perfekte stjerna no er. 
Og som svar frå himlen får ho ein mail frå "fortida" med spørsmål om Mirakelet kan koma heim  til Bergen og delta på ein jubileumskonsert for Ten Sing. Det var jo ein uskuldig solist med ei gudegåve i stemma ho eingong var. Dette er den store sjangsen til å gi eit riktig inntrykk.
I tillegg må ho møta ekskjærast og dirigent Johannes att. Dette er ikkje enkelt og me anar at det ligg noko grums under.

Dette er debutromanen til Renate Nedregård, og eg er imponert. Den er godt og enkelt skrive og handlinga er fint bygd opp. Annakvart kapittel er tilbakeblikk til ungdomstida i koret - der me får heile idol-historien. Dei andre kapitla er notid og me får innblikk i stjernelivet som har både gode og vonde sider! Eg hadde trudd at Gud skulle ha ei større rolle i boka. Han er med, men han er ikkje påtrengande.  Dei refleksjonane som Rakel har i forhold til trua si har ein svært logisk og naturleg plass i forteljinga.
Det eg er litt usikker på, er om denne boka er meint som ein peikefinger på korleis det kan gå om "du vel den breie vegen"....Kva trur de?
Det er ein kjekk roman og den går fort å lesa : berre 169 sider!
Set i gang!

mandag 28. november 2011

Gyldig fravær

5 ungdomar er innesperra i ei t-banevogn. Under Oslo. 
-Det er terror, eller?! Det har vore ein voldsom eksplosjon.

Dette er spesielt! Harald Rosenløw Eegskreiv ferdig denne romanen før 22.juli, men med alt frå i sommar friskt i minne, er denne boka heilt i ein klasse for seg!

Me møter Anjo (som søker den rette veggen i livet), Sherpa (som kan springe fort, fort og er småkriminell), Ida (som slit med tvangstankar og tvangshandlingar), Albert (sonen til sjølvaste statsministeren) og Bruno (taggaren) i timane før og etter den grusomme eksplosjonen. Dei har alle sin litt spesielle historie, er alle litt "outsiders". Dei går i samme klasse på vidaregåande og denne dagen skulle dei på ekskursjon. Av ulike årsaker rakk ikkje desse fem den rette banen, og no ser dei ut til å vera dei einaste overlevande...?

Det er godt skrive! Så godt at det gjer heilt vondt. For det er jo ei vond historie. Harald Rosenløw Eeg har skrive mange ungdomsbøker etterkvart, og felles for dei er at eg TRUR på handlinga. Dette kunne jo ha skjedd?! Likeins denne gongen. Han gir meg så gode bilete av dei fem ungdomane at eg byrjar å tru at dei fins.
Og så er det ikkje kvar gong eg les ein actionroman for ungdom, at eg blir tankefull og filosoferer over livet (og døden). Denne boka innbyr til refleksjon. Den er mektig. Me blir så godt kjent med personane. Dei fortel kvar sin heilt ulike historie og trådane deira flettar seg inn i kvarandre på finurleg vis.
Les den. Den er ubehagelig god.

fredag 18. november 2011

LITT AV EIN PLAN



Er du god til å lyge? Er du god til å finne på "gode" forklaringar i ein fart? Denne boka her handlar om Håkon, og han er kongen av elleville dekkhistoriar, eller noko slikt.
Håkon og veslesyster Ida finn ein dag ein lapp frå pappa. Han har reist ut i verda for å finne den store kjærleiken - og vert borte på ubestemt tid... Ida og Håkon skal bu hjå farmor til han kjem heimatt. Det er berre det at Håkon har meir lyst til å vera heime aleine så lenge...

Arne Svingen er ein glimrande barne- og ungdomsforfattar. No har eg nett lese "Litt av en plan!" og eg likte den! (ja, den og!) Og her er det masse å lika. Det er humor! Eg skratta og lo av alle komiske situasjonar Håkon viklar seg inn i. Fleire gonger tenkte eg "Å, kor eg gler meg til filmen!"  -skikkelig komedie!
Men så er det ikkje BERRE morsomt heller...Det er faktisk ganske tragisk at ein far stikk av frå borna sine på denne måten. Ikkje greit i det heile tatt. Og det viser seg etterkvart som dagane går at han ikkje har betalt rekningar, har hatt MEIR enn ein kjærast, han har lygd til folka rundt seg og  ikkje klart å halda på jobben sin eingong. Pappa er ein stakkarsleg type og det er faktisk svært synd i Håkon og Ida.
Men så er det ikkje BERRE trgisk heller...det er ein fornøyelse å vera med og sjå koleis Håkon etterkvart veks med ansvaret han tek på seg i det å vera heime utan vaksne. Han ser  korleis faren sin dårlege oppførsel verkar inn på andre sine liv, og tek etterkvart LITT lærdom av det. Dessutan får han seg kjærast midt oppi alt sammen! Det hadde verken eg eller han trudd!

Kom an, folkens!  Trim hjernen - jogg til biblioteket! og lån boka! og les den!

onsdag 2. november 2011

DJEVEL I FORKLEDNING!

Har du høyrt om Muffe?
MONS ULRIK FERDINAND ANDRE.....
Den fyrste boka om Muffe er gammal! Sikker frå ´96 eller noko? Men Muffe er herleg! Han er laga av Pelle Parafin (Arne Garvang). Muffe er ein fin, snill og ærleg fyr som kjem ut for litt både det eine og det andre. Verken på heimebane eller på skulen er  livet heilt A4, og Muffe havnar ofte midt i "suppa" - alle slag forviklingar.

Eg er nettopp ferdig med Muffe 4 : Djevel i forkleding.
Muffe sin kompis er forsvunne. Sporlaust. nesten.
Muffe og Nille er "nestenkjærestar" men, det er berre det at ho kanskje likar jenter best...
Og så dukkar det ei ny jente opp!
Dette er kjærlighet med stor K


Eg har digga Muffe sidan fyrste boka. Han har hjartevarme og mykje humor. Muffe er empatisk og lett å lika. Han har ein nydeleg måte å sjå livet på. ANBEFALAR ANBEFALAR! Dette passar for alle, nesten. Frå 11 år og oppover til ca 85, kanskje?
Men for all del:
IKKJE LES BØKENE OM MUFFE!
Høyr lydbøkene i staden! Dei er heilt unike. Arne Garvang (forfattaren sjølv)les. Den munnlege stilen som bøkene er skive i, blir heilt perfekt når han les. Og så er det skjønn musikk i tillegg. Det er legendarisk gudd!
Need I say moore?
GARVANG/MUFFE (her kan du foreksempel inn og høyra lydklipp, slik at du skjønar at du berre MÅ på biblioteket og låne alle lydbøkene om Muffe!)

tirsdag 1. november 2011

Cat fight? jatakk...

Ingunn Aamodt skriv om Pulverheksa for dei heilt små!
Ingunn Aamodt skriv skummelt i Marg og Bein- serien for dei som er litt store!
Ingunn Amodt skriv om Marlena Evenser for jenter på ungdomskulen!
INNERTIAR!
Dette er tredje boka om Marlena og venninnegjengen i 9.klasse.  Marlena er tilbake etter ein fantastisk tur til syden - der ho møtte Ernst <3 ...som teksta med andre jenter heile tida...
PO har alltid vore forelska i Marlena, men så viser det seg at han har blitt ilag med Tonje i løpet av ferien.
Marlena har aldri vore forelska i PO, men no er alt annleis og ho bestemmer seg for å kapre PO tilbake. Her blir det cat fight! Ein kan ikkje gje seg utan kamp!  ...men så er det han der skjønningen i 10. klasse då.

Marlena E fins ikkje IRL, men ho har faktisk sin eigen blogg likevel:
Bloggen til Marlena

Er du jente 12-15 år, les bøkene om Marlene! Lett og kjekt og latter!