torsdag 28. februar 2013

Et offer til Molok av Åsa Larsson

Har du lest Åsa Larsson før?
Det har eg! Det anbefalast. Really!
Dette er 5.boka med  Rebecka Martinsson som hovudperson. Eg likar dei så godt, så godt! For meg er dette krim på sitt beste. Det er så uhyggelig og spennande at eg gyser. Boka vart lesen på tre kveldar - berre fordi den var heilt umogleg for meg å leggja vekk.
Me er i traktene rundt Kiruna ved Norrbotten.
Det heile startar med at ein Elghund vert drept og spist av ein bjørn. I magen til bjørnen finn dei i tillegg restar av menneskeknoklar... Berre nokre veker seinare vert ei kvinne stukken ihel med høygaffel. Over hundre stikk! Inne i sitt eige hus. Sjuåringen Marcus ser mordet men klarar å stikke av og kome seg i sikkerhet.
Marcus er ein så fin fyr, men han er sjølvsagt livredd. Der er så hjarteskjærande å lesa historien hans. Det viser seg snart at nokon er ute etter å ta livet av han og. Heile familien hans skal drepast....
I tillegg til drapshistorien, får me lesa ein hundre år gammal historie om den unge lærerinna Elina som dreg til Kiruna for å arbeide i det nyetablerte samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta og malmutvinninga. Ho vert forelska og har eit hemmelig forhold til gruvedisponenten Hjalmar.
Boka vekslar uproblematsik mellom dei to historiane, og dei utfyller kvarandre på finurleg vis.
Eg elskar måten Larsson fortel på! Eg elskar stemningane som ho serverer meg!Ho gir lesaren nydelige leidetrådar, men eg forstod ikkje. Ikkje før til slutt! Jippi og Grøss
Vil du har ein god krim? Les "Et offer til  Molok"! Vil du ha fem gode krimbøker? Les alle fem bøkene om Rebecka Martinsson. Dei er strålande!

onsdag 27. februar 2013

Engel i Paris av Elin Husebø

No har eg lese ein lettlest roman for vaksne. Det var ei kjekk oppleving, men eg vart ikkje "blown away" eller no'
Engel i Paris handlar om Unge Alexander L. Kielland. Han er 29 år og eig og driv ein mursteinsfabrikk i Stavanger. Men han vil noko meir. Han lengtar ut i verda. Han vil bli forfattar.
So be it. Han diskuterer med kona Beate og ho syns at han må få lov til å reise. Til Paris. Endå om fabrikken går dårleg og økonomien snører ein stram knute for dei, reiser Alexander og Beate sit att heime med tre små barn.
Alexanders år i Paris er vakkert gjengitt i denne boka. han bur på ulike hotel og har møte med Camilla Collett og rett før han må reisa heim er han så heldig å bli venner med Bjørnstjerne Bjørnson! Dette var eit heldig samantreff, for på den måten vart han introdusert for ein forleggar som ville gje ut bøkene hans.
"Engel i Paris" har lette, korte setningar og er til tider ganske poetisk. Språket er enkelt, og det syns eg er ein kunst når ein skal skrive om noko så komplisert som Alexander Kielland. Han var jo (er han endå? neeeeei) ein av "dei fire store". 
Har du lyst (på ein enkel og grei måte) å setja deg inn i korleis Kielland sitt liv var før han vart kjendis? Les denne!

onsdag 20. februar 2013

Mirakel av R.J. Palacio

Har du lyst å lesa ei annleis bok? Føler du deg annleis enn andre? Har du  lyst til å lesa ei annleis bok om ein som er heilt heilt annleis enn alle andre du har "møtt"?
Les om August!
"Mirakel" handlar om August, som er 10-11 år. Han er fødd med ei misdanning i ansiktet. Det er på grunn av ein genfeil. Og det er tragisk.
Me får ikkje vita korleis Auggie (som han vert kalla) eigentleg ser ut, berre at han er svært annleis enn alle andre. Han omtalar segsjølv som eit misfoster på dårlege dagar. Uansett kva du ser for deg, er det verre, seier han.
Og det må det vera! For sjølv om me ikkje får vita korleis han ser ut, får me vita korleis folk reagerar når dei ser han. Med redsel, skrik, avsky, kvalme, panikk...
Stakkar Auggie!
Han har gjennomgått 27 operasjonar til no i sitt korte liv. Av den grunn har han ikkje gått på skule, men fått heimeundervisning.
No skal han byrje på ein vanleg skule. Han er livredd!
Men det trur eg nok både lærarane og medelevane hans er også....
WOW for ei bok!
Denne gav meg verkeleg mykje å tenka på. I "Mirakel" er det fleire forteljarstemmer. I tillegg til August, får storesyster og fleire venner fortelja korleis dei opplever det. Dette er verkeleg tøft. EI knalltøff bok! Men den er ikkje sentimental. Eg måtte ikkje gråta....eg måtte berre tenka!
Utsjånad HAR mykje å sei...eller?
LES! Les! Den er god og viktig! Sjølv om det er ei nokså tjukk bok, går det raskt å lesa den. Enkelt og greitt. LES, MIN VENN!

mandag 18. februar 2013

Der hvor roser aldri dør - Gunnar Staalesen

Bok nr 16 om Varg Veum? Eg trur det er det. Eg har ikkje lese alle. Men ein heil del
Eg likar så godt å lesa om Varg i Bergen. Som vestlending er det jo lett å kjenna seg att. Og språket er enkelt og artig, med humoristiske samanlikningar. Likar du krim, er dette eit godt val.
Det handlar om Mette-saken.  Mette vart borte frå sandkassen utanfor huset for 25 år sidan (!). Ho var tre år då ho sporlaust vart borte. Saka vart aldri oppklart og no  har mora kontakta (ein forfallen og fordrukken) privatetterforskar Varg Veum og bede han sjå nærare på saka. Kan noko ha blitt oversett den gongen? Kva skjedd eigentleg?
Varg spør og grev. Han oppsøkjer alle som kan tenkast å ha ein eller annan forbindelse til saka. Ein mann vart drepen i samband med eit ran for ikkje lenge sidan. Han viser seg å ha hatt noko med Mette-saka å gjera. Vår sorgtunge helt (Ja, han er so i sorg. Hans kjære Karin døydde jo i forrige bok...!), har plutseleg to mysterium å rota i. I kjent Veum-stil går han fram og trakkar glatt på nokre tær undervegs. Han vert truga på livet og me får ein passeleg dose action. Litt slosskamp og litt råkøyring. I tillegg får me vita om nokre slitt spesielle nyttårsleikar som familiane i nabolaget til Mette innførte for 25 år sidan. Desse leikane førte ikkje noko godt med seg...
I tillegg til å vera ein god krim, er dette ei bok som set lys på det som er alle foreldre sitt verste mareritt : at eit barn blir borte!
"Der hvor roser aldri dør", er eit godt val viss du vil lesa ei bok. Den er bra. Og Varg er kul. Og eg likar humoren
Les, min venn!

fredag 15. februar 2013

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Ja, du må gjerne juble for meg : eg han nemlig lese ein vaksen roman igjen! (eg klappar megsjølv på skuldra) (men klappar endå meir for boka!)
Då eg var ung las eg "Huset med den blinde glassveranda" (Wassmo). Eg gråt og vart forferda og elska den! I vaksen alder har eg lese "Et glass melk, takk" (Wassmo). Den var aldeles grusom, og eg elska den!
Det er vondt å lese om overgrep, men ....det er akkurat som at dess verre innhaldet/handlinga er, di betre er bøkene? Har du opplevd det?
I "Hundre år" tek Herbjørg Wassmo oss med inn i ein historisk roman som er basert på hennar eigne formødre. Frå 1842, då oldemora vart fødd til 1942, då ho sjølv vart fødd. Hundre år!
Denne romanen er sterk og stor! Eg vart oppslukt både av kvinnene, dramatikken og ikkje minst det flotte språket!
Eg vil gjerne at du les den!
Kva du får?
KJÆRLEIK, FEST, SLIT, SORG, SINNE, GLEDE, SJØLVE LIVET!
Knallbra, folkens!

lørdag 2. februar 2013

Bebe2 : Ingen ting som før av Bente Bratlund

Kan de hugsa at eg har skrive om Bebe før?
Det har eg. Viss du vil lese kva eg har skrive, kan du gjera det her.
No har bok nr to kome.
Den er KNALLBRA!
Det skal vera nyttårsball. Bebe og dei andre i tiande klasse har gledd seg i evigheiter...Sara og Bebe har nye kjolar, alt er klart! Men...så er det akuratt som om Sara har slutta å bry seg.
Det må ha skjedd noko i juleferien, for Sara er heilt forandra. Kva har skjedd? Kvifor vil ho ikkje dela det med Bebe?
Dette er ei bok om å stå sammen, om å vera venner - både gjennom gode og vonde periodar. Viktig bok!
Og i tillegg er det kjærlighet (<3 <3  <3)

Og dessutan: boka er kjempetynn! Og superlettlest! Dette er eit fantastisk kunststykke! 50 pittesmå sider. Les, min venn! LES