torsdag 30. august 2012

Giftige hjerter S. B. Hayes


"Giftige hjerter" kom inn på biblioteket i sommar, og eg tok den med heim på grunn av det fine, raude håret på framsida. (Ja, eg har jo nettopp bytta til raudt hår sjølv! Klart eg ville lesa denne då!)
Av og til er det kjekt å lesa bøker utan å ana kva ein går til, men eg hadde ein mistanke om at det var fantasy.
Det var det IKKJE  =0)

Historien er mystisk og medrivande.
Hovudpersonen heiter Katy. Ho er 17 år og lever eit vanleg liv. Ho strevar litt med at ho føler seg litt kjedelig og utanfor, men er i det store og heile fornøgd.
Ho er forelska i ein vakker og populær gut, og det ser ut til å vera gjensidig...
Men ein dag møter ho blikket til ei jente med intenst grøne auge. Katy kjenner at dei to har ein spesiell kontakt. Denne mystiske jenta dukkar opp overalt. Det er som om ho kan lese Katy sine tankar.
Katy tek mot til seg og tek kontakt. Den framande jenta rører leppene, men det kjem ikkje ein lyd. Alikevel høyrer Katy heilt tydelig:
"Jeg skal gjøre livet ditt til et mareritt"
Livet blir snudd opp ned for Katy.
Giftige hjerter er ein ordentlig ungdomsthriller.

Eg vil ikkje røpa så mykje, for eg vil at du skal lesa den sjølv.
But I can say this much: slutten overraska meg! Det er det beste eg veit!

LES, MIN VENN!

Hockeysveis fører til dårlige rim av Siv Wyller

HIPP HURRA!
HAr du nokon gong sett ei kulare bok?
Har du nokon gong lese ein stiligare boktittel?
Har du nokon gong sett ei meir fantastisk framside (eller, heile omslaget, faktisk!)?

Denne boka er ei gåve - intet mindre!
Eg ler berre av å lesa tittelen.

Boka handlar om den kule og glade frisøren Lazze som forsyner alle med hokeysveis. han klypper og friserer hokey til ALLE høve:
    … hver eneste dag fører Lazze folket og frisyren mot nye høyder. Han klipper hverdagshockey, festhockey, bryllupshockey, begravelseshockey, kontorhockey, bingohockey, krisehockey, hentehockey, friskushockey, kioskhockey, tjukkashockey, dansehockey, kirkehockey, bursdagshockey og kyssehockey. (s. 7)

    Lazze elskar dansebandmusikk og er blodfan av bandet Lasse Stefans. Til kvardags lagar han glade (litt grove) og festlege rim til kundane i frisørsalongen.
    Men Lazze har eit stor problem: når han vert nervøs, vert rima han lagar stygge, sårande og ondskapsfulle. Lazze blir kjempenervøs kvar gong han skal rima til Gunn (ho er den vakraste, den einaste, den viktigaste <3)

    Lazze har dessutan to fiendar. Det er Fru Holm og den skalla presten, han som ikkje går med hockeysveis (av naturlege årsaker)

    Boka er proppa med humor og intrigar, samfunnskritikk og kloke (om enn banale) tankar. Her er det krimgåte, slektshistorie, kjærleiksroman og satire! Alt i boka er motsatt av sånn eg syns det skal vera...det som er teit, er kult!
    Eg diggar den! Denne boka svingar som pokker!

    Kven passar den til?
    Alle, trur eg. Les den og sjå om den passar for deg?

onsdag 29. august 2012

Mariahagen av Liv Frohde



Det er  alltid morro å lesa om tre veninner! Viss du er jente og går i 5., 6. eller 7. klasse, trur eg denne boka er perfekt for deg! I "Mariahagen" møter me tre veninner som skal på sommarferie heilt åleine for første gong. Dei skal nemlig passe båthuset (og båten og katten) til ein slektning (som må på sydentur med kona si). Dette båthuset er eigentleg berre eit vanleg naust, og jentene må sova på golvet i soveposar. Dei har verken kjøleskap eller do. Det er utruleg kult! (eg veit at eg hadde digga det viss eg hadde fått ha ei slik veke då eg var i den alderen)
I nærleiken av naustet står eit hus, heilt forlatt. Det var der Maria budde. Maria, ho som forsvann i fjor. Politiet trudde at ho tok sjølvmord.
Jentene vert forundra ein kveld då dei ser at det lyser frå rommet til Maria. Huset er visst ikkje så forlatt som dei trudde. Jentene byrjar sjølvsagt å "snoke", og det dukkar opp spor etter Maria både her og der....

Boka er lettlest! Og kjekk. Den er ikkje så spennande som eg hadde håpt, og diverre vart eg skuffa over avslutninga...oppklaringa av mysteriet er for banalt, syns eg.  Eg trur ikkje heilt på ekskjærasten. Han er for vag. Og det meste går litt for glatt for detektivjentene...Men no er jo eg vaksen, og boka er skrive for barn.
Eg diggar boka! Kosa meg med den. Den var ikkje nervepirrande, men kjekk heile tida =0)

LES GODTFOLK!

fredag 17. august 2012

Inn i elden av Aina Basso

Inn i eldenAina Basso har eit nydeleg språk!
Ho skriv vakkert og truverdig. Eg ynskjer meg at ho aldri skal slutta å skriva historiske romanar. Først var det "Ingen må vite", så kom "Fange 59. Taterpike" og no:

INN I ELDEN
Boka byrjar i København der Dorothe bur. Ho er ei ung jente frå ein velståande familie. Eg trong ikkje lesa mange sidene før eg vart glad i henne. Ho føler seg slett ikkje klar, men ho vert gift med Johann og må fylgje han til Vardø. Johann er fut, og oppgåva hans er å finne heksene og straffe dei.
Der oppe i nord bur Elen. Ho er ei ung jente frå tronge og vanskeleg kår. Me forstår at Elen si mor er ei spesiell dame, ei "klok kone" som sambygdingane kjem til når dei har ulike problem. Ho tilbyr "trøyst" til mennene og kan mellom anna kunsten å stogge blod. Elen er ei skjønn jente med mange vonde problem. Medan eg las, ville eg  så gjerne hjelpe henne...
Elen og Dorothe sine vegar kryssar kvarandre.
"Inn i elden" er ei spennande og  svært dramatisk forteljing. Det er ei ungdomsbok, men denne vil eg låne ut til vaksne folk og! Eg syns sjølv at eg hadde stort utbytte (og ikkje minst stor glede) av å lese den. Eg lærte mykje. Dei to hovudpersonane stod på kva si side av "hekseprosessen" og gav meg eit fyldig innblikk. Det er alltid viktig å prøve å sjå (og ikkje minst forstå) saka frå meir enn ei side!
Genialt!
LES, MIN VENN! LES!