torsdag 31. mai 2012

Aston Martin : Magnus Buen Halvorsen

Far er død.
Sverre er sint.
Mor ...har nok med seg sjølv.


Ja, dette er Sverre si forteljing. Sverre sit i vindauget og registrerar kva for bilar som køyrer forbi. Han tenker å bruka all informasjonen til å laga eit flott søylediagram. Eit som mor skal få sjå. Slik at ho kanskje legg merke til han...
Livet til Sverre er ikkje enkelt.  Han er ikkje populær. Han vert plaga av Alex og nokre av dei andre på skulen. Han trur ikkje mora likar han. Han saknar far sin. Han veit ikkje kva faren døydde av. Han kjempar med sorga si.
Og han er redd. Han er redd for at mora må flytta på sjukehus
Men Sverre har Ida. Ho er ein trufast venn (som han endåtil er litt forelska i <3).
Og så har han tante og onkel. Dei bur langt vekke, men viser han både kjærleik og omsorg.


Dette er ein så sår og vond historie (som heldigvis går litt betre mot slutten av boka. puh!)
Den er fin. Og original!
I byrjinga av boka møter me berre ein sint og frustrert gut. Han vil gjerne vere grei og gjere mora glad, men når ha ikkje klarar det, vert han sint og gjer dumme ting.
Men litt etter litt får me vita meir om kva som har skjedd. Kvifor er mamma som ho er, og kvifor er Sverre så sint?
Les! Les!


Passar kanskje frå ca 11 år og oppover

Blackout - Elen Betanzo

Eg røska med meg tre ungdomsromanar til sist helg. Eg tok med meg "Blackout" mest på grunn av at det var bilete av ein Shar Pei (ein hund) på framsida. Eg diggar dei!

Denne boka handlar om  fem ungdomar (ca 17 år?). Handlinga strekker seg ikkje over meir enn tre-fire dagar, men alikevel klarar me å få god oversikt og bli godt kjende med alle hovudpersonane. Me møter Siss, Maria, Joakim, Sebastian og Irina.

Vanlegvis likar ikkje eg at synsvinkelen/forteljarstemma skiftar, men det fungerar faktisk strålande her. I byrjinga måtte eg konsentrera meg for å vita kven eg las om, men det varte ikkje lenge før eg hadde eit godt overblikk! Alle fem ungdomane fekk kvar sine kapittel. Kapitla var korte. Det hadde ein slik effekt at eg følte eg las fortare enn eg eigentleg gjer! God kjensle =0)
Blackout er veldig ungdomsbok! Her har me alt som kan forventast å vera i ei slik: forelsking, fortviling, idealisme, den første heime-aleine-festen, svik, kjærleik, spiseforstyrringar, tjuveri, fråverande foreldre...ja, det meste (til og med ein Shar Pei!). Og forfattaren (som eg aldri har høyrt om før...er dette ein debut, kanskje? Det må eg sjekka) minna meg på korleis det var å vera ungdom. Det var jo heilt intenst. Det er denne boka og.
Kvardagane til dei fem ungdomane flettar seg fint inn i kvarandre. Kanskje denne boka hadde gjort seg betre som film? Eg syns av og til sånne filmar der me følgjer ulike personar som nærmar seg eit møtepunkt utan å vita det, er stilige! Irina skal ha fest og alle dei fire andre dukkar opp på denne festen. Festen er det magiske (?) møtepunktet. Kva skjedde eigentleg på Irina sin fest? 
(det må du naturlegvis lesa sjølv)
Eg skal vera ærleg: eg likte ikkje boka kjempegodt. Eg kosa meg medan eg las, men sat heile tida med ei forventning om at ei endring måtte kome snart. Men "Den Store Endringa" følte eg ikkje kom. Så eg sat litt "tom" tilbake då eg var ferdig å lesa. Handlinga tok meg ikkje.
Men ein ting likte eg knallgodt: Elen Betanzo har vore så flink at ho ikkje har lete nokon av personane i boka vera berre gode eller berre dårlege. Dei framstår alle fem som heile og svært samansette menneske - dette medverkar enormt til at eg TRUR på dei og på historiane deira. Dei har gode og dårlege sider, er teite og kloke om ein annan ...nett slik som dei fleste ungdomar (og vaksne!) er!
Det største problemet er eigentleg at eg vil ha meir! Eg var rett og slett ikkje ferdig med desse ungdomane når boka var lesen. Eg vil vita korleis det går "til slutt"....

fredag 25. mai 2012

Spøkelsene på Frostøy : Bak dødsfjellet



Eg likar Hilde Hagerup! Eg har hatt sans for ho lenge. Ho har skrive fleire realistiske ungdomsromanar som eg beundrar ho for.
No har ho bytt sjanger.
Det er difor eg har utsett å lesa "Bak dødsfjellet" ganske lenge. Eg tenkte nemleg at eg kom til å bli skuffa. Eg er ikkje så glad i spøkelsesforteljingar.

Eg hadde ikkje behøvd å bekymra meg!
DENNE BOKA ER KJEKK!
Ho handlar om Jens. Han er sikkert 11år og bur på Frostøy. På Frostøy går ingen på skogsturar. INGEN! Ingen har nokon gong kome levande tilbake frå tur til den lokale fjelltoppen. Den har (logisk nok) fått tilnamnet Dødsfjellet. Det aular av spøkelser på Frostøy. Og dei er ikkje snille "lakenspøkelser"!
Jens er ein forsiktig og upopulær gut. Han står nederst på listene over kven det er lurt å vera ven med. Heilt nedst. Til og med under skiten under skøytebeskyttarane til Bård. Ingen vil vera vener med Jens.
Men så dukkar Wilma opp. Ei ny jente. Ho er tøff og uredd - ho let ingen styre seg.
Jens har det ikkje strålande enkelt heime heller: Mora er mykje sjuk. Somme dagar orkar ho ikkje eingong å stå opp. Ho er svært sær og Jens må i stor grad ta ansvar for kvardagane sine sjølv.
Ein kveld røper mor ein stor løyndom for han.
Heile verda til Jens endrar seg med eitt! Kva gjer du når du får vita at  du er den einaste levande i familien - at mor di og andre slektningar er spøkelse?

Dette er ein original og god histoire! Eg diggar den! Forteljargleda er stor!  Det er passeleg (!) skummelt (Ganske skummelt og grostesk, faktisk! Men det skal det jo vera! Det er ikkje koseforteljing!) og svært lettlest. Setningane er korte og enkle, men bileta eg fekk i hovudet var fæle!
-jippi! Eg likte det likevel!
Eg kjem til å lesa dei andre bøkene i serien "Spøkelsene på Frostøy" - gler meg already!

fredag 18. mai 2012

Blomstenes hemmelige språk (Vanessa Diffenbaugh)

Eg har brukt litt tid på å bli ferdig med denne boka.  Voksenbøker...! =0)
Det er ein  kjærleiksroman - ikkje tvil om det!



Victoria har vakse opp i mange ulike fosterheimar og barne/ungdomsheimar. Då ho var 9 kom ho til Elizabeth. Elizabet viste genuin interesse for Victoria - her var det annleis enn i dei andre heimane ho hadde vore.  Victoria trudde ei stund på at ho skulle bli adoptert og elska. Men slik gjekk det ikkje. Som vaksen er Victoria blitt hard og let ingen koma tett innpå seg. Ho har lært seg (av Elizabeth) kva alle ulike blomar symboliserar, og dette blir etterkvart hennar måte å kommunisera med verda.
Ho møter Renata, som driv blomebutikk. Renata vert imponert over Victoria og tilbyr henne arbeid. Renata og Victoria går på marknaden i lag kvar veke for å kjøpa blomar. Der treff Victoria ein mystisk mann som viser seg å kunna blomespråket like godt som ho sjølv.
Det er vondt og søtt og morsomt og romantisk og trist.
Denne boka handlar om å sleppe taket i det "trygge" - å tore å satse på å bli lykkelig ilag med andre menneske. Det handlar om å stole på andre. Om å tore å ta imot hjelp og kjærleik.
Eg trur ærlig tala at dette er ei bok for damer. Den er superpopulær (me har ganske lang venteliste på biblioteket) - og damer: LES! Kos dykk!
Eg vart ikkje oppslukt, men det var ein fin historie - fin avkopling!
Boka er lett å lesa og eg likte mange av personane.
Blomstenes hemmelige språk er Diffenbaugh sin debutroman, og eg gler meg til å lesa meir av henne!

VERDENSREDDERNE av Simon Stranger



Lyst til å gjøre en forskjell?

Lyst til å forandre noe?

Kontakt Verdensredderne.

www.verdensredderne.blogspot.com

Eller: Les denne boka! 

Simon Stranger har klart å skriva ei kjekk, opplysande, medrivande, ærleg og ikkje minst viktig ungdomsbok! 
Emilie er 17 år
(Ja, det er den samme Emilie som me møter i boka "Barsakh" som Stranger gav ut i 2009)
Ho er ei normal tenåringsjente, oppteken av å vera fin og å ha den riktige kjolen på den riktige festen. Men ein dag ho er ute for å shoppe, ser ho ein gut som klistrar klistremerke på t-skjortene i butikken. Det står: "Kos deg med T-skjorten. Slavene som sydde den gjorde det ikke."
Emilie blir nyfiken og vert etterkvart kjent men Antonio, som guten heiter. Ho vert med i aktivistgruppa hans - dei vil redda verden, eller i det minste gjera ein forskjell!

Denne boka er smart! Samtidig som me får romantikk, sjalusidrama, action og spenning, er den spekka med opplysningar om korleis stoda er for barn rundt i verda. Det fins barn som slavar på fabrikkar. Det fins mykje som er urettferdig i verda vår, og denne boka peikar på noko av det. Den visar oss ei tydeleg peikefing (og det har me jo ganske godt av, me som flottar oss med ting som  iPhone, iPad, iPod etc etc).  Eg syns at forfattaren er ein kunstnar som klarar å belæra oss og kritisera oss, utan at me sit att med ei kjensle av å vera dårlege menneske. Den kjensla som eg sat att med, var i alle fall at eg har lyst til å bli eit betre menneske! 
Kunst!
Det er ikkje verst!

Den passar godt for både gutar og jenter på ungsomskulen.

søndag 13. mai 2012

Min tid kommer (Nina Vogt-Østli)

For ei facinerande bok!
Når ein er på besøk hjå gode venner, skal ein vel ikkje sitja med nasa i ei bok? Nei...men eg klarte ikkje la det vera. Eg vart heilt oppslukt av fortellingen til Hans Petter i "Min tid kommer".  Det gjekk fort å lesa den (jippi, den var lettlerst!), så eg var ikkje HEILT asosial heile helga, men laurdagsettermiddag var det nok ikkje så lett å få kontakt med meg.

Det byrja litt sånn standard, kanskje. Hans Petter er eit mobbeoffer. Det fins jo eindel ungdomsbøker om mobbing ifrå før. Men så er det slik at denne boka har ein heit ny vri.

Hans Petter er ein smarting som går siste år på ungdomskulen. Han  HATAR både læraren og medelevane sine. Særleg hatar han Andreas, som er den verste mobbaren. Han er ond frå inst til ytst, og Hans Petter er ganske hjelpelaus. Og vennelaus. Kor kjekt er det å vera 15 år og bruka tilbringa dei fleste kveldane i lag med mor si?
Han brukar eindel tid på å spela på nettet og. Og det er her det skjer: ein kveld får Hans Petter kontakt med ei jente som heiter Fera. Ho seier ho kjem frå framtida. Hans Petter trur sjølvsagt ikkje på ho. Kan det vera den onde Andreas som køddar seg?



Eg vil ikkje røpa noko frå særlig frå handlinga. Det kulaste var nemlig det at eg fekk meg ein stor overraskelse når det nærma seg slutten.


LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES LES


torsdag 10. mai 2012

Sangen om en brukket nese av Arne Svingen



Den fantastiske Arne Svingen har klart det igjen! HURRA for denne boka!
"Sangen om en brukket nese" er sangen om Bart. Han er 13 år og faktisk oppkalt etter Bart Simpson (Haha!). 
DIGGBAR BARNE/UNGDOMSBOK
Bart har ikkje noko enkelt liv.
Han bur ilag med mora si i ein bitteliten og svært shabby leilighet i eit belasta strøk. I oppgangen deira ligg det stadig brukte sprøyter.  Ambulansen kjem ofte dit og hentar folk som har tatt overdose. Bart si mor jobbar ikkje. Ho er svært overvektig og ho har alkoholproblem. Ho går ut om nettene og det er slett ikkje alltid Bart får mat, for mora gløymer at dei treng det. Mormor kjem av og til på besøk. Då lyg dei til henne slik at ho skal tru at mamma er i jobb og at dei snart skal flytta til ein betre stad.

Bart har ingen vener. På skulen er han ein av dei minst populære. Han er liten og veldig tynn. Han går på boksing, mest for å glede mora som gjerne vil ha ein tøffing i huset.
Han veit ikkje kven faren er, og han gjer faste søk på google for å finna han.
Men  sjølv når alt ser svart ut, syns ikkje Bart synd i seg sjølv. Han har alltid meint at ingenting blir betre av å vera negativ, så Bart er ganske glad og positivt innstilt til det meste. Dagane kan berre bli betre.
Bart er glad i opera. Og han kan synga sjølv! Men berre når han er åleine innelåst på do.
No skal det vera sommaravslutning, og Bart rotar seg inn i eit opplegg der han skal stå på scenen og synge for ein heil sal...
Og så er det Oda. <3 
Oda som ikkje kan halda på ein einaste hemmelighet, men som har eit stort smil og mange tenner.

SANGEN OM EN BRUKKET NESE - ei knallbra bok!

Jeg vil være meg (Hilde Hylleskaar)



"Jeg vil være meg" er ei klok bok.
Lydia, som er hovudpersonen, begeistrar meg! Ho er ei spesiell jente som har flytta frå Trondheim for å bu i Bergen hjå besteforledra sine og gå vidaregåande skule. "Jeg vil være meg" er Lydia si ærlege dagbok desse tre åra.
Lydia har det ikkje lett. Ho har enorme humørsvingingar og ho forstår ikkje sjølv kvifor ho reagerar som ho gjer. Ho er kreativ og musikalsk, og ho tek oppgåvene på skulen svært alvorleg. Men når det buttar i mot (og det gjer det!) skulkar ho.
Sentralt i forteljinga står nokre av lærarane hennar (som ho har vore svært heldig med!) og veninna Tuva. 

Lydia forstår ikkje segsjølv, men ved å lesa dagboka hennar, syns nesten eg at eg gjer det! Det er så kjekt! Det var derfor eg vart begeistra.  Denne boka har gitt meg lyst til å vera eit betre medmenneske. (wow)


Eg håpar at mange vil lesa den. Den høver for alle som er 13 år eller meir. Har du litt interesse for folk, er denne boka relevant. Eg kunne godt tenke meg å diskutera den med nokon.
Boka er ikkje spennande (det er det jo ikkje ofte at dagbøker er), den er ikkje full av action. Heller litt monoton i handlinga, kanskje. MEN IKKJE EIT SEKUND ER DET KJEDELIG!



God bok, folkens!




mandag 7. mai 2012

TEGN av Anne Ch. Østby



JA!
Denne er god! Denne er viktig!
Viss alle skulle velge seg  ei ungdomsbok å lesa, skulle eg ynskja at MANGE ville ta denne.
...Litt rart at eg valgte den, forresten. Den har jo fotball-framside....ikkje exactly my cup of tea. Men denne boka var my cup of tea!  


I "Tegn" møter me mellom anna Sofie, Jonna, Espen, Karine, Julie og Kasper.
(Mange personar å forhalda seg til - og det krev litt konsentrasjon) 
Alle spelar fotball. Det er haust og fotballsesongen er snart over, men årets høgdepunkt står att: cupen! Alle er opptekne av den. Vil dei frå plass på laget til å spela i cupen?

Julie har vondt i kneet sitt og gjer kva ho kan for å skjule det. Ho vil gjera sitt aller beste for laget og ikkje minst for Karine, trenaren. Julie må etterkvart innrømma for seg sjølv at ho er forelska i Karine. Av og til er det lettare å forhalda seg til at ein har vondt i kneet, enn at ein har vondt i hjarte...

Sofie og Jonna er forelska i kvarandre, men nokså sjenerte. Den gode kjensla av forelsking vert uansett døyvd av ei stor bekymring som Sofie har: broren Espen.
Espen er best på gutelaget, og er sikra plass. Det trur alle. Men Espen er blitt så rar.  Han held seg borte frå treningar og sender kryptiske meldingar til Karine. Han går ingen stadar utan å ta med seg eit balltre, og han byrjar å vise interesse for den vesle toåringen Christoffer. Ei veldig rar interresse...
Espen er sjuk.
Han er sjuk i hovudet og det er mange som ser det. Det er mange teikn.  Men kven tek tak i det?
Kven sitt ansvar er det å hjelpa dei som slit med psykisk sjukdom? Kanskej dette er eit av få tabu som me framleis har?  Anne Ch Østby får veldig godt fram kor vanskeleg dette er å ta opp. Korleis skal du gå fram viss du vil sei til ein forelder at du trur det har "klikka for" barnet hans?


Kasper  har vore borti slik sjukdom før. Espen sin rare oppførsel minnar Kasper om faren. Det er vonde minner som han ikkje vil opna for.
Denne boka er ikkje enkel. Men den er god! Eg koste meg heile tida medan eg las. Den gav meg ikkje berre gode kjensler, men den greip meg skikkelig! Og eg vart redd. Eg vart redd på slutten, då Espen tok den vesle toåringen som sat aleine i ein bil.


Boka er fin.
gripande. tankevekkande. romantisk.  trist. søt. varm. vond. og ikkje minst spennande.

LES! LES! plis!
-dette er noko av det beste eg har lese på lenge!

torsdag 3. mai 2012

Leo og Mei

Synne Lea har gitt ut sin første barne/ungdomsroman; LEO OG MEI
Er den ikkje vakker?
Eg fekk kjempelyst å lesa boka med ei gong eg såg den! Grøn og fin!
(Så då las eg den, då!)

Det handlar om nabobarna Leo og Mei. Dei bur på motsatt side av gata for  kvarandre. Dei er motsett av kvarandre!
Leo har ein skavank, ein fot som ikkje veks seg lang og fin som den andre. Mei har kraft i begge beina og spring som ein vind! Mei bur i ein trygg heim, Leo er redd heime. Leo og Mei er heilt ulike, og heilt avhengige av kvarandre.Dei prøver å gje kvarandre det beste - å gjera det beste for kvarandre.  Denne boka handlar aller mest om vennskap.

Om nettene vert Leo låst inne i kjellaren. Mei er hans reddande engle som kjem og slepper han ut. Nesten kvar natt?

Det er ei utruleg poetisk og vakker og sår bok. Eg syns den er nydelig, men eg er usikker på om lesarar på Leo og Mei sin alder ville synast det same. Den er ikkje kjedeleg (faktisk er det ein heil masse action - med Leo som klatrar opp i tretoppen sjølv om han ikkje kan klatra - og så dett han ned og skadar seg -og Mei føler at ho har svikta, sian ho sprang vekk frå faren til Leo), men det er litt vanskeleg å tru på forteljinga og karakterane i den. Eg har aldri møtt nokon som Leo eller Mei. Dei er spesielle born!

Eg likte boka. Kjempegodt, faktisk!
Det blir spennande å sjå om ho blir populær blandt dei unge lesarane på biblioteket! =0)

GOD BOK, folks!

Maiblomst av Chris Fabry



Dette var ein søt historie.
Maiblomst er ni år. Ho bur ilag med far sin i ein bubil og dei er aldri lenge på same staden. Dei bur ofte på parkeringsplassar utanfor store varemagasin. Maiblomst er både smart og kvikk. Ho har det godt i lag med faren sin, men ho har byrja å lengte etter eit hus å hu i. Ho vil ha venner og ein sykkel.
Ein dag då Maiblomst står ved oppslagstavla i butikken, ser ho eit bilete av segsjølv. Namnet på plakaten stemmer ikkje, men Maiblomst veit at det er henne det står om på oppslaget. Ho er ei sakna jente! Bortført som lita....

Spørsmåla er mange og litt etter litt får me svara. Kven er han som seier han er far? Kvifor tok han henne som lita? Kven er mora, og har ho besteforeldre i live?

Men, ærleg tala : dette var litt for kjedeleg for meg! Gjeeeesp! Det KUNNE vore bra, men blir platt og opplagt og ....eg gadd ikkje lese siste kapittel!  (oj....!)
Eg vart ikkje engasjert i Maiblomst og far hennar. Men eg TRUR det er ei bok som kan fenge mange  godt vaksne damer. Det er som sagt ein søt (og ikkje minst snill og fin) historie. Men eg var klar for litt meir action nett i dag...!