torsdag 31. mai 2012

Blackout - Elen Betanzo

Eg røska med meg tre ungdomsromanar til sist helg. Eg tok med meg "Blackout" mest på grunn av at det var bilete av ein Shar Pei (ein hund) på framsida. Eg diggar dei!

Denne boka handlar om  fem ungdomar (ca 17 år?). Handlinga strekker seg ikkje over meir enn tre-fire dagar, men alikevel klarar me å få god oversikt og bli godt kjende med alle hovudpersonane. Me møter Siss, Maria, Joakim, Sebastian og Irina.

Vanlegvis likar ikkje eg at synsvinkelen/forteljarstemma skiftar, men det fungerar faktisk strålande her. I byrjinga måtte eg konsentrera meg for å vita kven eg las om, men det varte ikkje lenge før eg hadde eit godt overblikk! Alle fem ungdomane fekk kvar sine kapittel. Kapitla var korte. Det hadde ein slik effekt at eg følte eg las fortare enn eg eigentleg gjer! God kjensle =0)
Blackout er veldig ungdomsbok! Her har me alt som kan forventast å vera i ei slik: forelsking, fortviling, idealisme, den første heime-aleine-festen, svik, kjærleik, spiseforstyrringar, tjuveri, fråverande foreldre...ja, det meste (til og med ein Shar Pei!). Og forfattaren (som eg aldri har høyrt om før...er dette ein debut, kanskje? Det må eg sjekka) minna meg på korleis det var å vera ungdom. Det var jo heilt intenst. Det er denne boka og.
Kvardagane til dei fem ungdomane flettar seg fint inn i kvarandre. Kanskje denne boka hadde gjort seg betre som film? Eg syns av og til sånne filmar der me følgjer ulike personar som nærmar seg eit møtepunkt utan å vita det, er stilige! Irina skal ha fest og alle dei fire andre dukkar opp på denne festen. Festen er det magiske (?) møtepunktet. Kva skjedde eigentleg på Irina sin fest? 
(det må du naturlegvis lesa sjølv)
Eg skal vera ærleg: eg likte ikkje boka kjempegodt. Eg kosa meg medan eg las, men sat heile tida med ei forventning om at ei endring måtte kome snart. Men "Den Store Endringa" følte eg ikkje kom. Så eg sat litt "tom" tilbake då eg var ferdig å lesa. Handlinga tok meg ikkje.
Men ein ting likte eg knallgodt: Elen Betanzo har vore så flink at ho ikkje har lete nokon av personane i boka vera berre gode eller berre dårlege. Dei framstår alle fem som heile og svært samansette menneske - dette medverkar enormt til at eg TRUR på dei og på historiane deira. Dei har gode og dårlege sider, er teite og kloke om ein annan ...nett slik som dei fleste ungdomar (og vaksne!) er!
Det største problemet er eigentleg at eg vil ha meir! Eg var rett og slett ikkje ferdig med desse ungdomane når boka var lesen. Eg vil vita korleis det går "til slutt"....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar