torsdag 9. januar 2014

PAUSE

Eg har ikkje tatt pause i lesinga, men eg er litt lei av blogg
Kanskje eg tek det opp att. You never know

torsdag 14. november 2013

Fra Oslo til Lahore : Mahmona Khan

Mahmona Khan debuterte for eitpar år sidan med boka "Skitten snø" (som eg vart begeistra for og skreiv om HER. Det handla om valdtekt i innvandrarmiljø, og jenter som tok hevn). No har eg lese oppfylgjaren!

Jentene er tilbake : Sumera, Charlotte, Anila og Ambar.
Ambar er i Lahore. Ho gifta seg med Omar (sjølv om både veninnene og bror hennar råda henne frå det) og no bur ho med hans storfamilie. Omar ser ho lite til, han er mykje på jobb og er stressa. Han veit at Ambar har lyst å bruka meir tid på han og ekteskapet. Han kjøper ein luksusferie til dei i Dubai. Ambar er himmelfallen (det må jo ha kosta enorme summar, og ho trur ikkje at dei har så mykje pengar), men lukkeleg. Ho nyt hudpleie og  spabehandling og alt er deilig: Eller...? er det noko som skurrar?
Ambar kjem inn på hotelrommet deira ein dag og finn Omar i ein blodpøl.
Slik byrjar denne historien, og herfrå er det berre å sluka boka! Det er action i massevis!
Tøff bok og tøffe jenter og godt vennskap.

Språkleg sett er ikkje denne boka ei perle. Nei. Men det betyr ikkje så mykje. Ein har heile tida lyst å lesa vidare, sjå korleis det går. Eg trur at denne boka kan passa til dei som er glad i å lesa (fordi det er ei kjekk bok), men også til dei som IKKJE LIKAR BØKER (ja, eg veit dei fins, sjølv om eg slett ikkje kan forstå at det er mulig!). Den er lettlest. Enkel og grei, men med eit solid tema og futt og fart nok i massevis

LES, min venn!

tirsdag 12. november 2013

Vi ses i morgen : Tore Renberg

Eg har høyrt ei lydbok!
"Vi ses i morgen" er ei bok om pengar og kjærleik. Handlinga er lagt til verdas rikaste by (Stavanger), og herr forfattar, Tore Remberg er den som les.
Det er enormt bra! For ei bok (eller lydbok)!
Eg må berre sei det med ein gong: LES MIN VENN! (ja, eller høyr!)

Pål Fagerland er aleinepappa. Han har to tenåringsdøtre. Han har spelt på internett og no har han opparbeidd seg ei milliongjeld. Han har ikkje pengar til å setja mat på bordet lenger. Kva skal han gjera?
Han hugsar ein gjeng som han møtte på 80-talet, den kriminelle Hillevåg-gjengen. Kanskje dei kan hjelpa?

Leiar for Hillevåg-gjengen er Jan Inge. Han lar alt rundt seg forfalla - huset dei bur i er ei rønne. Kroppen han har, blir større og større.Han er inspirert av David Toska og av horrorfilmar.  Han sit i ein rullestol når han er innendørs - fordi det er komfortabelt. Resten av gjengen er Rudi og Cecilie. Rudi, ein lang stake av ein skurk full av ubehandla ADHD. Og Cecilie, som aldri har hatt ein ordentlig jobb, som har gjort det ho kunne best (å pula) sidan ho var 11-12 år...Og Tong, koreanaren som har sont ein dom og er venta heim i desse dagar. Tong er farlig.

Me møter også Sandra. Snille, kristne Sandra som går på ungdomskulen. Ho har møtt Daniel William Moi, barnevernsguten, og ho går nesten til grunne i sin kjærleik til han. Men det er jo fleire jenter som vil gjera alt for å få kloa i Daniel William Moi...

Å herlighet, for ein roman!
Eg syns det er vanskeleg å formidla kvifor den er så god. Den berre er det! Gysla god! Personane i boka har berre vakse fram for meg og eg tenker på dei kvar dag - sjølv om eg var ferdig å  høyra boka på laurdag!
For ei forteljarglede! 600 sider? Lett!


Alt jeg sier er sant : Lisa Bjärbo


Alicia er 16 år. Ho likar ikkje at nokon skal bestemma kva ho skal gjera. Men av og til når ein er 16 år, så skjer tinga berre litt av seg sjølv. Alicia står ein dag innelåst på do (den har gått i vranglås) og innser at ho vil gjera noko anna med livet sitt. Ho vil utretta ein "stordåd"! Dette er den hausten då ho byrja på vidaregåande. Og dette er den hausten då ho droppa ut... Og ikkje nok med det: dette er den hausten då Alicia flyttar ut! Dette er den hausten då ho møter Isak, som ho ikkje kan slutta å stirra på. Og dette er den hausten då mormor, snille gode mormor, kjem på sjukehuset... "Hvor vanskelig kan det være å skaffe seg en jobb og starte på fremtiden, egentlig?" tenker Alicia. Men livet blir ikkje heilt slik som ho tenkte og sotrdåden let vente på seg.
Dette er ei kjekk og viktig bok. Det er ei bok om å finna segsjølv - med andre ord: ein ganske typisk ungdomsroman. Men persongalleriet er ikkje typisk. Eg likar Alicia så godt. Ho er kul, og så MEINER ho det faktisk når ho seier at "alt jeg sier er sant". Ho lyg ikkje.
Det er bra. Det er ikkje greit å lyga. Men det er heller ikkje alltid så greit å sei alt som er sant, eller?

Les, min venn!

VIKTIG:Lisa Bjärbo har ein podcast om ungdomsbøker (ilag med Per Bengtsson). Den heiter Allt vi säger är sant, og den er verd å høyra på :)

fredag 11. oktober 2013

Lengsel etter penger : Jan Mehlum

Tenk deg at du lever eit heilt vanleg liv (veldig lett for meg, verfall!).
Litt stram økonomi, vanlig jobb, eit trygt og greit liv.
Og så får du ein telefon frå eit ukjendt nr. Det er Norsk tipping, og du har vunne over 46 millionar norske kroner!
SHITT! For ein draum!
Det er dette som skjer med Audun, hovudpersonen vår. Han er lærar, har ein liten son på 2 år. Han og sambuaren er einige om at leiligheten dei bur i er for liten, men har ikkje hatt råd til å kjøpa seg noko større.  No har dei plutselig råd! Dei bestemmer seg for å kjøpa ny bustad og bil, men elles ikkje endra så mykje.
Slik blir det ikkje!
Dette er ein thriller.
Her handlar det om kor langt eit menneske er villig til å gå for å få det ein lengtar mest etter. I denne boka er det nokon som lengtar etter pengar, men kva er det Audun lengtar etter?

Eg har lest Mehlum før. Han har skrive mange krimbøker om advokaten Svend Foyn, og eg trudde dette var ei av dei. Eg las og las og venta på at Foyn skulle dukke opp, men slik var det ikkje. Dette er noko nytt frå Mehlum. Eg syns det var ei grei bok. Ikkje kjempegod, men underhaldning god nok.
Eg er glad for at forfattaren har lova å skriva meir om Svend Foyn i 2014.

LES, då vel!

torsdag 10. oktober 2013

Verdens ende : Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad er ein stor forfattar, med lang erfaring! Det trur eg har fekk bruk for i denne romanen. Den handlar om noko av det aller verste som kan skje: å mista eit barn. Den handlar også om kva som skjer med oss når me går gjennom ei slik krise. Går det an å finne fotfeste att?
Dette er eit så ubehagelig og mørkt og vondt tema, at det trengs nok litt livserfaring for å produsera ein god tekst om det.
Boka er god,  klok og veldig god!
Aslak Timbereid og Hanna Lovund har berre ei dotter, Emma. Ho vert mobba på skulen, ho har det ikkje godt der. Faren veit ikkje korleis dei skal gripa fatt i problemet for å hjelpa. Det er tungt og vondt å vera forelder til eit barn som ikkje trivs. Han vil gjera alt, men strekk ikkje til. Det er godt med pausar frå dei vonde skuledagane.  Emma skal vera hjå mora i ferien.  Far reiser med henne på flyturen dit, men då flyet skal lande går noko gale. Understellet på flyet bryt på eit eller anna vis saman. Emma døyr. Ho er den einaste passasjeren som døyr.
Kva skal ein far gjera då?
Les, min venn! LES



tirsdag 24. september 2013

Svar på brev frå Helga : Bergsveinn Birgisson

Denne boka er det mange som har lese.HELDIGVIS FOR DET! (Eg veit  det er mange som har lese ho fordi den stadig vert levert inn her på biblioteket. Og dei som leverer inn har ofte ein kommentar på lur. Kommentarane rundt denne boka har vore meir som djupe hjartesukk!)
Eg har vore spent!
Men den har vore utlånt. Og med venteliste...Men eg var heldig : den var ledig som e-bok ved Bergen off. bibliotek! HURRA!
Så har eg prøvd mitt første e-lån og lest mi første e-bok (på telefonen...!)(Ja, ganske knotete, men eg syns det gjekk greit! Viss eg skulle lese ei lengre bok, ville eg nok heller brukt Ipaden)
No har dette nesten blitt eit blogginnlegg om å lesa e-bok, eller om kva folk seier når dei leverar inn denne boka.
Det beklagar eg.

Svar på brev frå helga:  
Eg smeltar!  Det handlar om Bjarne, ein gammal mann. Han sit og ser tilbake på livet sitt. Boka er eit brev stila til Helga. Bjarne og Helga hadde eit heftig kjærleiksforhold då dei var unge, men begge var gift på kvar sin gard, og alt måtte haldast hemmeleg. Helga vart gravid og Bjarne måtte frå sidelinja sjå si einaste dotter veksa opp på nabogarden, utan å få vera far for henne. Helga ville at ho og Bjarne skulle "rømma" i lag. Ho ville bryta ut og flytta til Reykjarvik og byrja eit nytt liv der. Bjarne var redd for å mistrivast i byen. Han hadde hjarta sitt i garden og bygda.
Heile romanen er brevet som han skriv til si høgt elska Helga. Han freistar å forklara henne (og segsjølv) kvifor det vart slik som det vart.  Dei elska kvarandre, men fekk kvarandre ikkje.
Den korte romanen her er lett å lesa viss du likar (eller elskar) nynorsk. Språket er poetisk, men kan sikkert oppfattast som tungt eller gamaldags. Eg syns at det berre er NYDELIG.
I tillegg til Bjarne og Helga si historie, får me mykje islandsk kulturhistorie. Og boka er proppa med artige kvardagshendingar. Eg lo godt då Bjarne og ein ven  skulle avgarde for å henta eit lik seint på hausten. Eg vil ikkje røpa kva som skjer, men eg veddar 400 kroner på at du ikkje kan gjetta deg til det!
LES, min venn! LES!

mandag 16. september 2013

INFERNO : Dan Brown

Eg prøvde å lesa den.
 
Eg elskar jo  akademiske heltar!    Robert Langden<3
I alle bøkene om Langden vert eg liksom sugd inn i ei verd av hemmelighetar og symbolikk og kunst og historie. Bøkene er spekka med informasjon! Yeah!
Men, dei er diverre også spekka med ord på framande språk... I Inferno var det Italiensk!
Men fortvil ikkje : det fins då lydbøker!
Inferno er ei slik bok som eg på det seterkaste vil rå deg til å høyra. Fordi det er så kjekt!

Eg har ikkje sjekka fakta, me etter det me får vita i Inferno, aukar folketalet i verda med 250 000 kvar einaste dag! Og heile boka dreiar seg rundt dette etiske dilemmaet: ville du ha drept halvparten av folka på jorda no for å redda menneskearten frå utrydding?

Me går rett inn i spenninga - og blir der til siste side. Det er heseblesande, men åh, så medrivande! Vår helt Robert vaknar opp i Firenze - han er på eit sjukehus, og han har totalt hukommelsetap! Han får ikkje tid til å dvele ved dette, for i neste sekund kjem ei kul motorsykkeldame inn og plaffar ned ein lege og peikar deretter pistolen mot Robert.
Han kjem seg unna i siste sekund - hjelpt av ei vakker ung dame... (tilleggsinfo: Ho har ein vanvittig høg IQ. 209!)

Les, eller HØYR, min venn! Dette er god underhaldning!

Adam og Eva : Aarto Paasilinna

HAHAHA!


Eg likar bøkene til Paasilinna. Nesten alle eg har lese.
Adam og Eva kom ut i vår, men den er ikkje ny. Utgitt i Finland i 1995. Men det betyr ingenting! Den er morsom.
Aatami - Adam - Rymättylä er ein lutfattig man som driv ein verkstad. Eller...driv? Bedrifta går så dårleg at namsmannen er for stamgjest å rekna.... Men Adam forskar på fritida si (den har han jo mykje av) og etterkvart forstår han at han har funne svaret på verda i energikrise : han har funne opp eit ultralett batteri som kan erstatta blandt anna all oljeenergi...batteriet har ein så enorm kapasitet og er så bra sett saman, at verda vår skal bli ein GOD stad å leva!

Men her trengs pengar!
Adam får hjelp frå uventa hald: Eva! Den svært så fordrukne, men elleville og hjelpsame advokaten.
Etterkvart vert Adam og Eva til nokre av verdas rikaste menneske - og det viser seg at ALT kan kjøpast for pengar... Framgangen deira kjem sjølvsagt ikkje utan at dei klarar å skaffa seg fiendar. Leigemordaren Luigi frå Italia gjer ein iherdig innsats for å stoppa dei to!
Les og le! Dette er  heilt vilt!

Ikke akkurat noen gresk gud : Katarina Kieri

Eg fann ei bok på stativet "nye bøker for ungdom".
Ikke akkurat noen gresk gud såg kjekk ut, difor tok eg den med meg heim. Eg begynte å lese med ein gong. I tillegg vart eg oppslukt med ein gong! For ei fin bok. =0)
Men den var då litt gamaldags?
Det viste seg kjapt at boka må ha vore feilplassert. Den kom ut på norsk i 2003! Ikkje noko ny bok, akkurat...! Men det gjorde ingenting! Boka vart faktsik gitt ut i sverige i 2002, men oversett til norsk og utgitt her i 03. (Heldigvis kom den hit og!)
Laura er heltinna vår. Ho går siste året på ungdomskulen. Det er desember. Laura og Lena er bestevener. Men...
Laura oppdagar den nye læraren. Han er sikkert over 30 år (og ikkje akkurat ein gresk gud), og ho kan ikkje la vera å bli facinert av han. Men på grunn av han kjem Lena og Laura på kant med kvarandre. Ja, på grunn av han, men også på grunn av noko anna. Noko større. Noko som Lena ikkje klarar å fortelja med ein gong...
Denne boka handlar om vennskap og om å "finna sin plass" - oppdaga segsjølv. Den handlar også om at i dei fleste familiar fins det ting som me held skjult for andre. På godt og vondt!
Dette er ei fin ungdomsbok! Les, min venn! LES

tirsdag 3. september 2013

Spranget : Heidi Sævareid

Spranget er Heidi Sævareid sin første roman. Ungdomsroman!
Me møter Janne og Anna. Tvillingsøstre.
Litt av handlinga er lagt til det året dei slutta på ungsomskulen. Resten skjer i "notid", jentene er blitt vaksne (19?).
Det handlar om å vera ungdom og å få lov til å vera segsjølv. Jentene Janne og Anna kjem inn i eit religiøst miljø, i Zion menighet.
Janne føler seg annleis og utanfor. Anna er den utadvendte, den som lett får vener. Janne har ikkje nokon. Men i Zion opplever ho eit samhald. Ho vert innlemma i gjengen utan atterhald - i allefall i byrjnga. Men etterkvart går det opp for Janne at dei uskrivne levereglane (som er håplaust utdaterte) som gjeld i Zion ikkje passar for henne. Ho vil bryta ut. Ho vil respekterast for den ho er. Ho vil bli sett og anerkjent. Men er det berre å bryte ut? Kor lett er det, når ungdomsleiarane viser seg å vera svært strenge? Og Janne har ikkje andre vener i andre miljø...
Dette er ei god bok, syns eg. Den er  interresant! Og så får me kjærlighet! <3 <3 Det er sjølvsagt ein heilt spesiell ung, tiltrekkjande gut i Zion : Peter
Og så får me søskenhistoria. Anna og Janne.
Les, min venn!


tirsdag 27. august 2013

Så høyt var du elsket : Nikolaj Frobenius

Viktor Ulvdal er blitt ein gamal mann. Han har levd eit langt liv. Han har vore allmenlege, ein høgt respektert ein. Han har vore ein god far. Ein flink mann.
Emil er Viktor sin son. Emil og Viktor har alltid vore svært nært knytt saman.
Dette er Emil si forteljing. Ei forteljing om å sjå sin eigen forelder verta sjuk og pleietrengande. Ei forteljing om kor frustrerande det kan kjennast å ikkje kunne hjelpa slik som ein ynskjer, å ikkje strekka til.
Det handlar også om å sjå ein sjukdom endra eit menneske som du trudde du kjente...
Og dette er, ikkje minst, ei forteljing om ein pårørande sitt møte med det norske helsevesenet.

Det handlar om å å førebu seg på å miste nokon.

Eg har ikkje vore i Emil sin situasjon. Dette er heilt nytt for meg.  Men å lesa denne boka var viktig! Eg hadde ei stor lesaroppleving. Eg fekk tenka heilt nye tankar (for meg!), og fekk kanskje eit meri nyansert syn på livet! Det er vel ikkje verst når ei bok kan gjera slikt?!

Verfall: boka er så god. Den er realistsik og klok. Og ualminnelig godt skrive. Takk til forfattaren!

Og: Les, min venn!

torsdag 8. august 2013

Gregor i underlandet : Suzanne Collins

Gregor er 11 år.
Han bur i New York.
Faren hans er borte. Det har han vore lenge. I over to år!
Gregor må passe på veslesøstera si, Boots i staden for å få sommarferie.
Ein dag då Gregor og Boots er i vaskekjellaren dett dei ned gjennom eit hol. Eller, dei vert på ein måte sugd inn...og så dett dei ned, ned, ned...
Heilt ned til Underlandet.
Underlandet er ekkelt! Dei skapningane som fins her, er enorme kakerlakkar, enorme rotter, enorme flaggermus og edderkoppar. Pluss bleike menneske med lilla auger. Gregor (og Boots) vil heim, så fort som råd.
Men når dei finn ut at faren sit fanga hjå rottene, skjønar dei at dei må redde han.
Så får dei nyss om ein gamal profeti....

Denne boka er slik som fantasy-bøker skal vera. Ein helt er utvalgt til å redda det gode frå det vonde. Litt kjedelig, kanskje. Men det er helst fordi eg er vaksen, og boka passar best for dei som er 10 år og oppover.
Eg er forgammal...
Men kanskje du er nett passelig? I såfall: LES, MIN VENN!

Nu, jävlar : Heidi Linde

Haha!
Eg har kosa meg med ei bok igjen.
Denne gongen var det Heidi Linde. ENDELEG har eg lese noko av Heidi Linde! Eg har jo fått høyre mange gonger at eg burde...
Ja, som sagt: Eg kosa meg.
Det var ikkje heilt fantastisk, men det var bra! Åja!
Me møter fleire personar. Den første er Therese. Ho sat heime og høyrde ein av Obama sine enormt bra talar om endring. Ho fekk eit sterkt sug etter endring sjølv! No sit ho høggravid og lurar på om det var denne endringa ho eigentleg var ute etter. Therese er morsom!
Derfor vart eg litt snurt når neste person  og neste historie vart introdusert. Men eg fekk fort sansen!
Med nydelig snert og humor blir me kjende med Kevin, Jessica og Lydia. Dei har sine såre historiar å fortelje. Eg ser for meg at dette kan bli ein bra film. Alle personane har noko med kvarandre å gjera, dei kryssar kvarandre sine liv.
Eg trur at kven som helst kan kjenna seg att i noko i denne boka!
Småbylivet. Det kan kjennast for stort og for lite på ein gong...

Og du! Gled deg til å bli kjendt med Lydia si veninne! Eg ler meg skakk!
(sjølv om det er så trist)
Les min venn! Les!

tirsdag 30. juli 2013

Hemmeligheter : Kate Morton

Hei

Har du lese nokon av dei kjempepopulære bøkene til Kate Morton før? Dei er veldig fine på framsida og handlar som oftast om familietragediar og kjærleik og litt engelsk historie. Tidslinjene frå notid og fortid vert tvinna saman og så vidare...lalala.
Hemmeligheter er også slik. Nett slik. Den skuffar nok ingen som diggar Kate Morton.
Men den skuffa meg. Eg las heile, men det var på nippet. Eg ville gje meg mange gonger. Eg vart ikkje engasjert i verken historien eller menneska i boka. Gørr bok!
 (HA! Idid it! Ikkje ofte at eg klarar å skrive udelt negativt om ei bok...)
Eg syns den var kjedelig og platt og lang (det kan jo vera eit stort pluss i ei kjekk bok, men i dette tilfellet var det eit MINUS) og ...SLAPP.
eg har berre ein ting å sei :  Ikkje les den, min venn. Det er bortkasta tid!

fredag 26. juli 2013

Fluesommer : Arne Svingen

JA!
Dette likar eg!
Arne Svingen har skrive ei ny bok om ein gut litt på sida av det vanlige!
Arne Svingen, altså!
WOW
Det handlar om Kasper.
Han har ingen venner. Men han har ein stor og mørk hemmelighet.
Pappa slår.
Det er kjempehemmelig. Ingen må finna det ut. Ikkje eingong mamma! (Mamma er kanskje innerst inne klar over kva som eigentleg skjer, men tviheld på teorien om at viss du ynskjer noko hardt nok, blir det sant...)
Det er ikkje noko lett prosjekt Kasper har, men han meiner sjølv at han taklar situasjonen ganske bra.  Han stiltrar seg rundt faren. Må ikkje vekkja sinnet.
For pappa er jo så grei når han ikkje er sint eller har "vondt i hovudet".
Men så ein dag kjem tremenning Bentein for å bu i familien til Kasper. Han ser på saken på ein heilt annan måte enn Kasper...
Arne Svingen skriv atter ein gong KLOKT om dystert tema. Eg har tidlegare skrive om Sangen om en brukket nese. Den likte eg godt! Les om den HER. Fluesommer er endå betre!
Arne Svingen veit kven han skriv for. sjølv om team er heavy, brukar han mykje humor. Det vil me jo ha!
EG JUBLAR! 
Les, min venn! LES!

Sommerhus med svømmebasseng : Herman Koch

Eg las aldri "Middagen", den forrige boka til Herman Koch. Den vart jo skrytt opp i skyene, så eg kjenner på at eg sikkert har gått glipp av noko.
Men no har eg lese "Sommerhus med svømmebasseng".
Jojo, grei den!
Språket er bra. Og hovudpersonen er FANTASTISK! Han er lett å ikkje lika! Han har eit syn på livet som er heilt forskrudd (etter MITT syn, då!) og eg vart facinert av han! Hadde det ikkje vore for at  Marc er så sær og rar, hadde eg ikkje gidda å lesa boka...men han fengsla meg!
OK, This is it:
Marc er fastlege. Han er gift og har to døtre som er 11 og 13 år. Han driv praksisen sin godt. Men det verkar som han syns at folk er ganske avskyelege. I allefall syns han at sjukdomane og skavankane til folk er det...Han er ein uvanleg fastlege. Han gir folk det dei vil ha, heller enn det dei treng. Foreksempel så har han ein pasient på 150 kg. Det er jo eit problem for henne at ho er så tung, men Marc er hyggelig (ALLTID hyggelig!) og utvekslar oppskrifter på feit mat med henne...og tenker på om den tynne mannen hennar ligg oppå eller under når dei har sex!?
Marc har mange kunstnarar i pasientflokken sin. Det ryktes at han "har lett for å skriva ut reseptar". Ein av pasientane er den kjente skodespelaren, Ralph Meier. Marc og Ralph blir einslags omgangsvenner. Mark og familien blir invitert til å feriera ilag med Ralph sin familie i sommarhuset med symjebasseng. Og det er jo no det byrjar. Alt det rare, creepy og ekle som skjer. Les sjølv, det er ganske sprøtt!
Det som er kult med denne boka, er at ho fekk meg til å tenka gjennom ganske mange sider ved mitt liv. Kva ville eg gjort dersom eg var i hans situasjon osv
Vel verd å lesa!

mandag 22. juli 2013

Kimæras hemn : Lene Kaaberbøl

Bok nr 3 i serien VILLHEKS
Herleg!
Vil du lesa det er har skrive om bok 1 og bok 2 i serien, kan du trykka på desse lenkene =0)
Eldprøva (bok 1)
Viridians blod (bok 2)
Og her kjem det som eg har å sei om Kimæras hemn:
Clara opplever at "noko"  frå villverda tek over livet hennar meir og meir. Det skjer oftare og oftare, og alltid har det noko med død å gjera. Clara er redd. Når det til slutt går alvorleg ut over ein gut på skulen, skjønar ho at ho må gjera noko. Clara og Katt, hennar sære men trufaste villven, reiser til tante Isa for å nøste opp i flokane. Det vert sjølvsagt eit drama der Clara må kjempa på liv og død. Og denne gongen er Katt i livsfare.

Har du ikkje lese bøkene om Clara, bør du gjera det no. Dei er glitrande gode. Glitrande nynorsk. Spenning til tusen. Lettlest og kjekt!
Og når boka er lest ut, får du ein liten smakebit på kva neste bok kjem til å innehalda. kult! Bok nr fire kjem allereide i haust, og eg gler meg!
Serien passar for kjekke barn frå 9 år og oppover.
LES, MIN VENN!

torsdag 18. juli 2013

POLITI : Jo Nesbø

Ja!
Eg har lese den. Eller, det er ikkje riktig. Eg har høyrt den! Politi.  Den 10. romanen om Harry Hole (Han tøffe mannen med det teite navnet!).
Eg anbefalar lydboka! Eg er ikkje SÅ glad i å lesa krim, men å få det opplese: Lovely! Og Helge Winther-Larsen les med flott stemme. YES
Eg er imponert over Jo Nesbø! Er det mulig å ikkje bli det? Han skriv så godt. Sjølv om eg kan styra meg for alle dei ekle, valdelege detaljane, er det ikkje tvil om at dei høyrer med. Det er kanskje ikkje like høg litterær kvalitet som Nesbø har vist tidlegare, men ikkje langt i frå. Og who cares anyway når boka er så enormt spennande og underleg morsom!?
Eg kan naturlegvis ikkje skriva så mykje om handlinga (sjølv om eg har inntrykk av at dei fleste lesarane i landet allereide har lese den), eg må jo ikkje røpa noko!
Men eg vil sei litt! Me får fleire drap. Denne gongen er det politifolk som vert drept. Harry er med, naturlegvis! Han døydde ikkje i forrige bok likevel! Jippi!  Alt skjer i Oslo. Me kjenner dei fleste i persongalleriet frå før. Både good guys og bad guys =0)
Likar du den stygge og tiltrekkande etterforskaren på 193cm? Er du Hole-fan?  Eg trur du kjem til å bli begeistra på nytt når du les Politi. Men eg trur også det er heilt kjempeviktig å ha lese tidlegare Hole-bøker først. Det er heilt avgjerande å ha kjennskap til kva som skjedde i Gjenferd.

Nett som i tidlegare bøker narra Nesbø meg til å tru at eg visste kven som stod bak. Om att og om att! Det er kult, det!
LES!
Det er ikkje rart at denne boka sel godt (og ligg på utlånstoppen på biblioteket!)

Harry Hole har endra seg. Det er bra. Der gjer me jo. Då trur eg litt meir på han. Likar han (endå) betre.
Men framleis er det Frelseren som eg syns er den beste Hole-boka.

Nedtelling : Thor Soltvedt

Jørgen Johan Gentoft har slått ein elev. 
Jørgen er eigentleg engelsklærar, men etter at han slo den eleven, vart han forflytta til "Avdeling for konsekvenspedagogisk opplæring". Han skal vera assistent i speisalklassen inntil vidare. Han vert plassert til å jobba med Mikal. Mikal er 15 år gammal. Alle veit at Mikal er fæl. Han har slite ut mange assistentar. Spesialpedagogane orkar ikkje bruka tid ilag med Mikal.
Jørgen kjem litt skeivt ut med spesialpedagogane.
...men han kjem ikkje så verst ut av det med Mikal. Dei finn einslags måte å forstå kvarandre på.
Men kva er det med Mikal. Kvifor har han så mange blåmerker? Og kvifor er han så sløv?
Jørgen finn seg ikkje til rette i jobben. Han vert fortvila av å sjå den apatiske Mikal som makulerar ark dag ut og dag inn. Han finn ikkje tonen med kollegene. Med unntak av Pernilla. Ho er grei og smiler alltid til han. Men når han inviterar henne ut på ei øl, visar det seg at ho har ein sambuar.
Det bygger seg opp eit trykk i Jørgen.
Heile boka vart fyllt av dette trykket. Eg las så fort eg berre kunne, for eg hadde så lyst at alt skulle ordne seg, at alt skulle gå bra til slutt.
Men...eg vil ikkje røpa slutten. Nedtellinga er i gang.
Les, min venn!