torsdag 10. januar 2013

Carla, min Carla : Ingeborg Arvola


Inghill er så kul!
Ho er tøff i trynet til tusen!
Ho er ei ekte heltinne. Men alle kan gjera feil, sjølv heltinnene...
Difor diggar eg ho! Jepp, Inghill is the man.
Ho er 11 år og tenker KUN på hest (nesten). Ho har så lyst på sin eigen! Tenk å ha sin eigen hest...
No har eg jo nevnt at Inghill er enormt kul, så det kjem ikkje som ei bombe at ho klarar å skaffa seg ein. Inghill sin hest. CARLA.
Juhuuu

Eg anar ingenting om korleis det er å vera i stall eller ta ridetimar og vera ein del av eit stallmiljø (eller vera utanfor stallmiljøet....). Men det fekk eg eit innblikk i i denne boka. I stallane er det futt og fart, viss me skal tru på Carla og Inghill! Det hadde eg ikkje forventa meg.
(Når ei bok gjev meg meir enn det eg forventar, er det supert, for eg har som oftast høge forventningar til kvar einaste bok eg byrjar å lesa!) Eg hadde fordommar. Eg trudde at alle hestebøker var snille, trege og milde, med kun enkle konflinkar (td at "det er for dyrt å ha hest, sa far" eller " du er så dårlig til å ri, sa Lene"....bla bla bla). Slik er det visst ikkje!

Sidan eg ikkje er glad i hestar, var det ekstra kjekt å bli oppslukt av hesteboka! Den er jo realistisk, jo! (trur eg...)
-Inghill som er hissig, tøff og gal. Diggbar
-Carla som er vanskeleg å tøyle ho og
Dette var action!
I tillegg fekk me ei bra historie om mobbing. Denne boka omhandlar vennskap på ein fin måte. Eg har lese bøker av Ingeborg Arvola før. Ho er flink. "Blod, snørr og tårer" har eg lese ofte! Den omhandlar barndom, ungdom, skilsmisse, omsorgsvikt på ein smidig og viktig måte. Og med humor!
Eg er imponert!
Koman! LES. Les Carla, min Carla! (og gjerne "Blod, snørr og tårer)

tirsdag 8. januar 2013

Charliblogg av Eldrid Johansen



Ei bok om ein blogg? ...lat meg blogge om den =0)

Eg trudde at "Charliblogg" skulle vera dum og teit og dårleg.
(Eg hadde lese nokre omtalar av den, og dei var ikkje fine)
MEN DEN ER KJEKK!
Dette er ei super bok for jenter.  Jenter som kanskje er 12-16 år.
Eg er ikkje målgruppa, men likevel klarte eg heilt fint å kosa meg gjennom heile boka. Den var lettlest og eg ville heile tida lesa vidare og sjå korleis det skulle gå!
Eg håpar at mange kjem til å lesa Charliblogg.  Ikkje gå glipp av den!
Det handlar om Charlotte, eller Lotte som ho kallar seg. Ho går på ungdomskulen og er oppteken av mote, sang og dans. Ho har ei besteveninne og fleire venner. Mora hennar er "ung og kul". Lotte har det bra. MEN
....mora får ny jobb og bestemmer flytting til utkantnorge. Lotte må sjølvsagt bli med, endå ho SLETT IKKJE vil bu på ei øy langt frå "normale folk med normale liv"
Det nye livet på øya vert ikkje bra for Lotte. Ho kvidde seg til ny skule, og det hadde ho all grunn til. Ho blir fryst ut av alle, særleg Josefine og jentene i klassen er fæle mot henne.
Lotte har det fælt, og for å overleve startar ho ei anonym blogg (Charliblogg). Her skriv ho humoristisk om det tragiske livet på øya. Men ho lyg. Ho fantaserer seg inn i eit liv der ho er den mest populære og vellukka på øya. Ho byrjar å disse dei andre som bur der, og legg ut stygge bilete med stygge og sårande kommentarar. Bloggen blir kjempepopulær! Ho blir lest av folk frå heile landet....

Dette er ei bok om mobbing på fleire plan. Forteljinga fekk meg verkeleg til å tenke. Det er ei viktig bok med tanke på at me no lever i ei verd der facebook og blogg er blitt  faste element i kvardagen. Kor stor makt har nettet over oss? Kor langt er me villige til å gå?
Dette er på ingen måte ei dårleg bok! Eg forstår ikkje dei som har uttalt seg så negativt (jfr omtalane eg har lese). Mykje av kritikken går på at alt er så overdrive, at Charlotte overdriv. Men det er då typisk for ungdom?
De må vurdera sjølv, folk! Men eg meiner svært bestemt at dette er ei bra og viktig (og KJEKK!) bok om to enormt viktige og aktuelle tema : mobbing og nettvett! Den er lett å lese. Jubeljippi!  LES LES LES!

torsdag 3. januar 2013

ILD av Mats Strandberg

Eg lese og lese og lese....herreminhatt! Skal eg ALDRI bli ferdig med denne boka, då?  Eg som hadde gleda meg sånn...
For gleda meg, det hadde eg! Eg skreiv med stor entusiasme om Sirkelen (som er første bok i trilogien om ungdomane i Engelsfors!) Den var så kjekk og eg gledde meg so enormt til neste bok!
(No ville eg laga ein link til den omtalen, men HÆ?! Den er vekk! Den er like vanskelig å finna som min eigen begeistring for boka. Kva var det eg likte så godt med Sirkelen, då?)

Eg innrømmer det: eg er berre litt over halvvegs i Ild, men eg har byrja å tvila på at eg kjem til å lesa den ut...
MEN
Me er altså i Sverige. Hovudpersonane (dei utvalgte) skal byrja i 2.kl på vidaregåande. Dei ventar og ventar på åtak frå magiske, vonde, demoniske makter. Noko er ramlande gale i byen, og me blir dratt langt tilbake i tid, for å få ein liten forståelse av kva det er som skjer nett no! Dette blir for seigt for meg. Eg gidd ikkje. Den var tung i starten og klarte ikkje fanga meg (i STOR motsetning til første bok, som eg anbefalar voldsomt).
Er det berre meg, elle er denne boka mindre interessant?

lørdag 29. desember 2012

Elise og mysteriet med dei døde hestane : Anne Viken

OK, eg er inne i ein periode der eg gjer ting eg eigentleg ikkje vil eller ikkje likar. Foreksempel lesa hestebøker! No har eg lese to.
Eg er ikkje glad i hestar. Ikkje litt eingong! Eg er faktisk  livredd for hestar, og difor unngår eg alt som har med hest å gjera.
Men no har eg altså lese to (to!) bøker om hestar og unge jenter. Og eg har faktisk synst at dei var kjekke! Begge to.
"Elise og mysteriet med dei døde hestane" får eit digert pluss med ein gong berre fordi den er skriven på kjekt nynorsk. JIPPI JUBEL! I tillegg er det ei kul bok. Intet mindre.
Elise, vår heltinne, er veldig ung (trur at ho skal byrje på ungsomskulen etter denne sommaren?) men ho har fått lov til å vera veterinærassistent ein heil sommar. Ho vil bli dyrlege, så dette er ein fantastisk mulighet, sjølv om ho må bu i hytta i Tordenbygda heile sommaren. Ho bur i lag med den unge, vakre onkel Kalle som har sagt seg villig til å ha henne med. Han er nyutdanna veterinær, køyrer bil som ein gris og er så sjarmerande at gardskonene går med sminke i fjøsen når dyra er sjuke! haha!
Det er mykje som er spesielt og stilig i Tordenbygda. Der bur Gamle-Mathias og ein galning av ein prest. Men det luskar skumle personar i skogen. Og både kyr og hestar døyr på uforklarleg vis. Og kven er han russaren med den gedigne, svarte hingsten? I Tordenbygda har dei dessuten ein eigen (og aldeles fantastisk) hesterase : ivanhestane.  Dei er store, flotte og sølvskimrande. Makalaust! Er Anton ein slik Ivanhest, slik som den sinte eigaren påstår?
Elise havnar sjølvsagt i livsfare og det går heldigvis (og naturlegvis!) bra til slutt, men det er på hengande håret.
Det som eg likar aller aller best er at det ikkje er sentimentalt og klissete. Av og til  døyr dyra, faktisk. Det brutalt - og sånn er jo livet.  Historia er litt vill og utruleg, men settingen er på eit vis realistisk.  Me møter folk som tek godt vare på dyra sine og folk som ikkje bryr seg og som aldri skulle hatt lov til å ha dyr. Og me lærer mykje om dyresjukdomar! Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!
Anne Viken, bra forfattar!

tirsdag 18. desember 2012

Hunger av Harals Rosenløw Eeg

Hunger? Ja, det skal eg lova deg! FOR EI BOK!

Kva er det som er typisk i ein ungdomsroman? Umogeleg kjærleik. Sjukdom. Sosiale problem. Vanskelege, store valg. og døden. Ganske ofte er døden med.
Jepp, denne boka har alt det. Men der sluttar boka å vera typisk.  Der byrjar den i staden å vera fantastisk!
Marius er rundt 15 år og har nett flytta heim att etter å ha budd borte nokre månader (kanskje eit halvt år). Foreldra har skilt seg, men Marius føler ikkje at faren er spesielt glad for at Marius er tilbake. Sven, Marius sin bror har vore dødssjuk, men er no blitt frisk.  Og Karla. Marius er forelska i Karla. Han har laga eit risp i armen sin for kvar dag han har vore vekke frå henne.
Men er dei saman? Eller er ho saman med Sven? Og kva er det med Kai, den nyinnflytta naboguten?
Og den mystiske bubilen? knoklane? Kai sin forkrøpla arm?
Her er så mange spørsmål! Eg sat ganske ofta og var forvirra medan eg las (litt sånn "HÆ?"), men det gjorde ingenting for boka har ein sånn enorm driv. Eg kunne ikkje legga ho frå meg! Herlighet kor spennande.
Harald Rosenløw Eeg er ganske sikkert ein av dei aller beste forfattarane me har her i landet! Han skriv så intenst og smidig og kult og og og (det gjer visst ikkje eg nett no. ops). Stemninga i boka går rett under huden på meg. Eg trur at dette er det som heiter ein psykologisk thriller.
Men de? LES DEN DÅ!
Det er faktisk ikkje noko å venta med

mandag 10. desember 2012

Absolutt ukyssa : Nina E. Grøntvedt

Hurra!
Absolutt ukyssa er nett lika kjekk som "Hei, det er meg", den forrige boka om Oda Andrea og gjengen som bur i Krokkleiva.  Eg blir skikkelig glad av å lese desse bøkene!  
Har du lyst å kosa deg med ei bok om ei jente som snart skal begynna på ungdomskulen, bør du faktisk velja ei av desse! Go on! Ta gjerne "Absolutt ukyssa".

Me møter som sagt Oda. Det er hennar historie, hennar dagbok! Ho er som 12-13åringar flest, oppteken av vener og av å ha det morro. Ho er ganske forelska i Stian (nabogut som er eit år eldre), og har eit prosjekt som går ut på ikkje forbli ukyssa. 
Her er mange fine, fæle og morsomme forviklingar. Dei kan me kjenna oss att i. Det er jo det livet er fult av...
Eg kan røpa såpass at Oda ikkje er heilt ukyssa på siste sida, men det gjekk IKKJE etter den opprinnelege planen. Viss ho eigentleg hadde nokon plan, då!
Les og sjå kva du syns! 
Eg elskar den!

torsdag 6. desember 2012

Noe usynlig av Siobhán Parkinson

Jake er 11 år og veit mykje. Han er opptatt av fiskar og leksikon. Han likar å snakke og å tenke. Men han har kanskje tenkt litt for mykje på litt for vanskelige ting i det siste? I allefall har han registrert at mora er blitt tjukk, men det kjem som eit stort sjokk når han får ei veslesyster...!
Jake legg merke til Stella. Ho er veldig tynn og er alltid omgitt av småsøsken. Mange småsøsken.
Utan at jake vil det, vert han og Stella venner.
Jake vert dessutan ven med ei gamal og giktbrudden dame.

Livet er ikkje så aller verst, heilt til det aller verste skjer....! Og det kan vera Jake si skuld!
Det er tragisk og trist, det som skjer.
Men boka er meir humoristisk enn trist, det lovar eg!
Les, min venn!

(høver frå 10 år og oppover, trur eg)