Viktor Ulvdal er blitt ein gamal mann. Han har levd eit langt liv. Han har vore allmenlege, ein høgt respektert ein. Han har vore ein god far. Ein flink mann.
Emil er Viktor sin son. Emil og Viktor har alltid vore svært nært knytt saman.
Dette er Emil si forteljing. Ei forteljing om å sjå sin eigen forelder verta sjuk og pleietrengande. Ei forteljing om kor frustrerande det kan kjennast å ikkje kunne hjelpa slik som ein ynskjer, å ikkje strekka til.
Det handlar også om å sjå ein sjukdom endra eit menneske som du trudde du kjente...
Og dette er, ikkje minst, ei forteljing om ein pårørande sitt møte med det norske helsevesenet.
Det handlar om å å førebu seg på å miste nokon.
Eg har ikkje vore i Emil sin situasjon. Dette er heilt nytt for meg. Men å lesa denne boka var viktig! Eg hadde ei stor lesaroppleving. Eg fekk tenka heilt nye tankar (for meg!), og fekk kanskje eit meri nyansert syn på livet! Det er vel ikkje verst når ei bok kan gjera slikt?!
Verfall: boka er så god. Den er realistsik og klok. Og ualminnelig godt skrive. Takk til forfattaren!
Og: Les, min venn!
tirsdag 27. august 2013
torsdag 8. august 2013
Gregor i underlandet : Suzanne Collins
Gregor er 11 år.
Han bur i New York.
Faren hans er borte. Det har han vore lenge. I over to år!
Gregor må passe på veslesøstera si, Boots i staden for å få sommarferie.
Ein dag då Gregor og Boots er i vaskekjellaren dett dei ned gjennom eit hol. Eller, dei vert på ein måte sugd inn...og så dett dei ned, ned, ned...
Heilt ned til Underlandet.
Underlandet er ekkelt! Dei skapningane som fins her, er enorme kakerlakkar, enorme rotter, enorme flaggermus og edderkoppar. Pluss bleike menneske med lilla auger. Gregor (og Boots) vil heim, så fort som råd.
Men når dei finn ut at faren sit fanga hjå rottene, skjønar dei at dei må redde han.
Så får dei nyss om ein gamal profeti....
Denne boka er slik som fantasy-bøker skal vera. Ein helt er utvalgt til å redda det gode frå det vonde. Litt kjedelig, kanskje. Men det er helst fordi eg er vaksen, og boka passar best for dei som er 10 år og oppover.
Eg er forgammal...
Men kanskje du er nett passelig? I såfall: LES, MIN VENN!

Nu, jävlar : Heidi Linde
Haha!
Eg har kosa meg med ei bok igjen.
Denne gongen var det Heidi Linde. ENDELEG har eg lese noko av Heidi Linde! Eg har jo fått høyre mange gonger at eg burde...
Ja, som sagt: Eg kosa meg.
Det var ikkje heilt fantastisk, men det var bra! Åja!
Me møter fleire personar. Den første er Therese. Ho sat heime og høyrde ein av Obama sine enormt bra talar om endring. Ho fekk eit sterkt sug etter endring sjølv! No sit ho høggravid og lurar på om det var denne endringa ho eigentleg var ute etter. Therese er morsom!
Derfor vart eg litt snurt når neste person og neste historie vart introdusert. Men eg fekk fort sansen!
Med nydelig snert og humor blir me kjende med Kevin, Jessica og Lydia. Dei har sine såre historiar å fortelje. Eg ser for meg at dette kan bli ein bra film. Alle personane har noko med kvarandre å gjera, dei kryssar kvarandre sine liv.
Eg trur at kven som helst kan kjenna seg att i noko i denne boka!
Småbylivet. Det kan kjennast for stort og for lite på ein gong...
Og du! Gled deg til å bli kjendt med Lydia si veninne! Eg ler meg skakk!
(sjølv om det er så trist)
Les min venn! Les!

tirsdag 30. juli 2013
Hemmeligheter : Kate Morton
Hei
Har du lese nokon av dei kjempepopulære bøkene til Kate Morton før? Dei er veldig fine på framsida og handlar som oftast om familietragediar og kjærleik og litt engelsk historie. Tidslinjene frå notid og fortid vert tvinna saman og så vidare...lalala.
Hemmeligheter er også slik. Nett slik. Den skuffar nok ingen som diggar Kate Morton.
Men den skuffa meg. Eg las heile, men det var på nippet. Eg ville gje meg mange gonger. Eg vart ikkje engasjert i verken historien eller menneska i boka. Gørr bok!
(HA! Idid it! Ikkje ofte at eg klarar å skrive udelt negativt om ei bok...)
Eg syns den var kjedelig og platt og lang (det kan jo vera eit stort pluss i ei kjekk bok, men i dette tilfellet var det eit MINUS) og ...SLAPP.
eg har berre ein ting å sei : Ikkje les den, min venn. Det er bortkasta tid!

fredag 26. juli 2013
Fluesommer : Arne Svingen
Dette likar eg!
Arne Svingen har skrive ei ny bok om ein gut litt på sida av det vanlige!
Arne Svingen, altså!
WOW
Det handlar om Kasper.
Han har ingen venner. Men han har ein stor og mørk hemmelighet.
Pappa slår.
Det er kjempehemmelig. Ingen må finna det ut. Ikkje eingong mamma! (Mamma er kanskje innerst inne klar over kva som eigentleg skjer, men tviheld på teorien om at viss du ynskjer noko hardt nok, blir det sant...)
Det er ikkje noko lett prosjekt Kasper har, men han meiner sjølv at han taklar situasjonen ganske bra. Han stiltrar seg rundt faren. Må ikkje vekkja sinnet.

For pappa er jo så grei når han ikkje er sint eller har "vondt i hovudet".
Men så ein dag kjem tremenning Bentein for å bu i familien til Kasper. Han ser på saken på ein heilt annan måte enn Kasper...
Arne Svingen skriv atter ein gong KLOKT om dystert tema. Eg har tidlegare skrive om Sangen om en brukket nese. Den likte eg godt! Les om den HER. Fluesommer er endå betre!
Arne Svingen veit kven han skriv for. sjølv om team er heavy, brukar han mykje humor. Det vil me jo ha!
EG JUBLAR!
Les, min venn! LES!
Sommerhus med svømmebasseng : Herman Koch
Eg las aldri "Middagen", den forrige boka til Herman Koch. Den vart jo skrytt opp i skyene, så eg kjenner på at eg sikkert har gått glipp av noko.
Men no har eg lese "Sommerhus med svømmebasseng".
Jojo, grei den!
Marc er fastlege. Han er gift og har to døtre som er 11 og 13 år. Han driv praksisen sin godt. Men det verkar som han syns at folk er ganske avskyelege. I allefall syns han at sjukdomane og skavankane til folk er det...Han er ein uvanleg fastlege. Han gir folk det dei vil ha, heller enn det dei treng. Foreksempel så har han ein pasient på 150 kg. Det er jo eit problem for henne at ho er så tung, men Marc er hyggelig (ALLTID hyggelig!) og utvekslar oppskrifter på feit mat med henne...og tenker på om den tynne mannen hennar ligg oppå eller under når dei har sex!?
Marc har mange kunstnarar i pasientflokken sin. Det ryktes at han "har lett for å skriva ut reseptar". Ein av pasientane er den kjente skodespelaren, Ralph Meier. Marc og Ralph blir einslags omgangsvenner. Mark og familien blir invitert til å feriera ilag med Ralph sin familie i sommarhuset med symjebasseng. Og det er jo no det byrjar. Alt det rare, creepy og ekle som skjer. Les sjølv, det er ganske sprøtt!
Det som er kult med denne boka, er at ho fekk meg til å tenka gjennom ganske mange sider ved mitt liv. Kva ville eg gjort dersom eg var i hans situasjon osv
Vel verd å lesa!
Men no har eg lese "Sommerhus med svømmebasseng".
Jojo, grei den!
Språket er bra. Og hovudpersonen er FANTASTISK! Han er lett å ikkje lika! Han har eit syn på livet som er heilt forskrudd (etter MITT syn, då!) og eg vart facinert av han! Hadde det ikkje vore for at Marc er så sær og rar, hadde eg ikkje gidda å lesa boka...men han fengsla meg!
OK, This is it:Marc er fastlege. Han er gift og har to døtre som er 11 og 13 år. Han driv praksisen sin godt. Men det verkar som han syns at folk er ganske avskyelege. I allefall syns han at sjukdomane og skavankane til folk er det...Han er ein uvanleg fastlege. Han gir folk det dei vil ha, heller enn det dei treng. Foreksempel så har han ein pasient på 150 kg. Det er jo eit problem for henne at ho er så tung, men Marc er hyggelig (ALLTID hyggelig!) og utvekslar oppskrifter på feit mat med henne...og tenker på om den tynne mannen hennar ligg oppå eller under når dei har sex!?
Marc har mange kunstnarar i pasientflokken sin. Det ryktes at han "har lett for å skriva ut reseptar". Ein av pasientane er den kjente skodespelaren, Ralph Meier. Marc og Ralph blir einslags omgangsvenner. Mark og familien blir invitert til å feriera ilag med Ralph sin familie i sommarhuset med symjebasseng. Og det er jo no det byrjar. Alt det rare, creepy og ekle som skjer. Les sjølv, det er ganske sprøtt!
Det som er kult med denne boka, er at ho fekk meg til å tenka gjennom ganske mange sider ved mitt liv. Kva ville eg gjort dersom eg var i hans situasjon osv
Vel verd å lesa!
mandag 22. juli 2013
Kimæras hemn : Lene Kaaberbøl
Bok nr 3 i serien VILLHEKS
Herleg!
Vil du lesa det er har skrive om bok 1 og bok 2 i serien, kan du trykka på desse lenkene =0)
Eldprøva (bok 1)
Viridians blod (bok 2)
Og her kjem det som eg har å sei om Kimæras hemn:
Clara opplever at "noko" frå villverda tek over livet hennar meir og meir. Det skjer oftare og oftare, og alltid har det noko med død å gjera. Clara er redd. Når det til slutt går alvorleg ut over ein gut på skulen, skjønar ho at ho må gjera noko. Clara og Katt, hennar sære men trufaste villven, reiser til tante Isa for å nøste opp i flokane. Det vert sjølvsagt eit drama der Clara må kjempa på liv og død. Og denne gongen er Katt i livsfare.
Har du ikkje lese bøkene om Clara, bør du gjera det no. Dei er glitrande gode. Glitrande nynorsk. Spenning til tusen. Lettlest og kjekt!
Og når boka er lest ut, får du ein liten smakebit på kva neste bok kjem til å innehalda. kult! Bok nr fire kjem allereide i haust, og eg gler meg!
Serien passar for kjekke barn frå 9 år og oppover.
LES, MIN VENN!

Abonner på:
Innlegg (Atom)