onsdag 31. august 2011

Ungdomen no til dags....


Kjetil Johnsen har skrive serien 3 venner. Denne vart utgitt på nytt i 2010 under navnet 4  veninner. Eg har lese tre av bøkene i serien på 10 ...

Ei jente vert funnen død - innpakka i plast- i eit tjern i skogen. Me får vita at det er ei av dei fire veninnene Benedikte, Nora, Vilde eller Trine som er drept. Deretter vert tida sett tre veker tilbake og me får vita kva som hende i forkant av drapet.

Denne serien har alt som ei ungdomsbok treng for å bli populær. Vennskap, intriger, fest, "sjuke" lærarar, sex og mange tankar om livet. Fleire aktuelle tema vert tatt opp: korleis er det å ha ei mor som er eit alkoholisert pillevrak? Er det greitt å leggja ut nakenbilete av segsjølv på nettet? Kva gjer du viss du oppdagar at du er homo eller lesbisk? Korleis skal du takla det viss du trur at mor di eller far din har eit hemmelig forhold til nokon?
Bøkene er svært lette å lesa. Ein lesar med lite erfaring, vil kome greitt gjennom ei 4 veninner-bok utan at det kjem til å ta alt for lang tid.


Serien har alt dette - alikevel likar eg den ikkje! Alt er platt, personane er steriotype og språket er langt frå godt nok. Eg likar ikkje måten dei fire veninnene snakkar til kvarandre på. Dei er ikkje verken snille eller lojale mot kvarandre. Er ungdomar no til dags verkeleg så egoistiske og usympatiske som i denne serien?
Mangelen på moral hjå både unge og vaksne i serien er påfallande, og eg likar det ikkje. Eg vil ikkje at nokon skal lesa 4 veninner og bli begeistra... 

MEN serien 4 veninner er ein døropnar. Bøkene er fengande! og aktuelle! 
Dette er ein perfekt serie for dei som ikkje har vore så vane med å lesa.   
Dette er ein perfekt serie for dei som les mykje og er ute etter ein spennande serie.
Dette er ein perfekt serie for gutar.
Dette er ein perfekt serie for jenter.
...så drit i om dei ikkje er så perfekte for meg som er vaksen !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar