fredag 18. november 2011

LITT AV EIN PLAN



Er du god til å lyge? Er du god til å finne på "gode" forklaringar i ein fart? Denne boka her handlar om Håkon, og han er kongen av elleville dekkhistoriar, eller noko slikt.
Håkon og veslesyster Ida finn ein dag ein lapp frå pappa. Han har reist ut i verda for å finne den store kjærleiken - og vert borte på ubestemt tid... Ida og Håkon skal bu hjå farmor til han kjem heimatt. Det er berre det at Håkon har meir lyst til å vera heime aleine så lenge...

Arne Svingen er ein glimrande barne- og ungdomsforfattar. No har eg nett lese "Litt av en plan!" og eg likte den! (ja, den og!) Og her er det masse å lika. Det er humor! Eg skratta og lo av alle komiske situasjonar Håkon viklar seg inn i. Fleire gonger tenkte eg "Å, kor eg gler meg til filmen!"  -skikkelig komedie!
Men så er det ikkje BERRE morsomt heller...Det er faktisk ganske tragisk at ein far stikk av frå borna sine på denne måten. Ikkje greit i det heile tatt. Og det viser seg etterkvart som dagane går at han ikkje har betalt rekningar, har hatt MEIR enn ein kjærast, han har lygd til folka rundt seg og  ikkje klart å halda på jobben sin eingong. Pappa er ein stakkarsleg type og det er faktisk svært synd i Håkon og Ida.
Men så er det ikkje BERRE trgisk heller...det er ein fornøyelse å vera med og sjå koleis Håkon etterkvart veks med ansvaret han tek på seg i det å vera heime utan vaksne. Han ser  korleis faren sin dårlege oppførsel verkar inn på andre sine liv, og tek etterkvart LITT lærdom av det. Dessutan får han seg kjærast midt oppi alt sammen! Det hadde verken eg eller han trudd!

Kom an, folkens!  Trim hjernen - jogg til biblioteket! og lån boka! og les den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar