mandag 22. august 2011

Fantasy på ferie

I år som alle andre år, drog eg med meg ei tjukk bok på ferie.  Løgneren Locke Lamora har stått på lista mi  "bøker eg har lyst til å lesa" lenge, men det har ikkje blitt. Eg merkar at eg ofte vel vekk fantasy-bøkene. Kanskje det er fordi eg trur eg ikkje likar fantasy?
Vel, det gjer eg. Eg vart fasinert med ein gong! Dette er ei spesiell og spennande historie, ei røvarhistorie.
Locke er ein spinkel, foreldrelaus fyr som viser seg å ha eit enormt talent for... tjuveri : han er eit geni av ein tjuv med evner utover det vanlege! Som vaksen fortset han som leiar for ein bande som stel mengder av pengar og gull frå dei rike i den urgamle byen Camorr. Han er ein meister! Men ting byrjar å skje i Camorr og Locke Lamora er nesten for smart til sitt eige (og kompisane sitt) beste?

Denne boka inneheld mange askpekt som gjer at du berre må lesa vidare! Her er magi, venskap, humor og ein god porsjon rå vald...

Språket er godt og utfordrande og krev sin lesar. Det tok meg nokre (ganske mange) minutt å koma inn i den stilige stilen, og eg er glad for at eg ikkje gav meg!

Dette er første boka til Scott Lynch og førskte boka i serien om "De veloppdragne kjøterne".
Eg gler meg til fortsetjinga!

1 kommentar:

  1. Jeg fant omtalen din fordi jeg også skal skrive om Løgneren Locke Lamora :-) Og måtte bare sjekke hva serien egentlig heter på norsk.
    Du har en fin omtale!

    SvarSlett