mandag 9. januar 2012

SKITTEN SNØ

Spennande ungdomsroman frå norsk-pakistansk miljø i Oslo!


Å lesa “Skitten snø” var noko heilt nytt. Det gjekk verkeleg opp for meg kor lite eg veit om andre miljø enn mitt eige…

Sumera går siste året på vidaregåande og jobbar på BurgerKing for å få litt ekstra lommepengar. Ho har streng familie og dei forventar at ho kvar kveld er heime kl 20 og at ho held seg langt unna gutar/menn. Brødrene er overbeskyttande og tantene er forvitne.

Jamal jobbar som vekter på senteret der Burger King er. Dei to legg merke til kvarandre. Sumera tenker mykje på Jamal. Han er så vakker og mandig. Ho passar på å ha vakt i kassen på det tidspunktet ho trur at han har pause.
Charlotte jobbar også på Burger King. Ho er blond og vakker, og oppfører seg rart. Ho prøver å få Sumera vekk frå kassen når Jamal er i nærleiken. Sender Sumera på bakrommet for å tømme søppel etc. Ho er verkeleg sjalu fordi Jamal ser på Sumera og ikkje henne…

Ein dag Sumera avsluttar arbeidsdagen eitpar timar tidlegare enn vanleg, er Jamal på pletten. Han tilbyr henne skyss heim. Vanlegvis ville ikkje Sumera vurdera eit slikt tilbod eingong. Men denne dagen er ho ekstra sliten og dessuten er det Jamal ho har drøymt om…ho tek eit langt steg over sine eigne grenser og set seg inn i bilen hans. Først syns eg dette var så fint og romantisk å lesa om, men plutseleg fekk eg ei heilt anna kjensle, og når Jamal tilbyr henne litt doven brus, ropa eg “Nei, ikkje drikk det! Ikkje drikk det!” (ja, eg vart engasjert…)

Sjølvsagt drikk ho. Sjølvsagt vert ho dopa. Sjølvsagt vert ho voldtatt….han mishandlar henne og tek grusomme bilete av ho, så truar han henne på familiens ære. Ho sit i saksa…

sukk!(Det var her det gjekk opp for meg at det kanskje må vera ganskel “enkelt” å koma unna med valdtekt innan dette miljøet. Sumera hadde jo gått inn i bilen av eige val! Ho kom til å få skulda sjølv!? Ho kan ikkje snakka med nokon om dette.)

Sumera har heldigvis to nære og gode veninner. Mest som systre. Dessutan dukkar Charlotte opp… Det viser seg at Jamal har dopa og voldteke henne tidlegare. Det var derfor ho ville ha Sumera vekk frå han. For at han ikkje skulle lure henne og. Jentene finn saman og gjer sitt beste for å støtta kvarandre
Og det er no det byrjar. Action og spenning, folkens! Desse fire jentene knyter sterke, sterke band. Boka er spekka med redsel, ære, hevn, vennskap

LES, folkens! LES!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar