lørdag 18. februar 2012

Daudinger

Ute av tidenHer får du mordgåte, kjærleiksmysterium og eksistensielle spørsmål PLUSS HUMOR.
Guten det handlar om heiter Steffen. Han er 13 år (trur eg) og må vera med faren på jobb. Det vil sei, han er ikkje eigentleg med faren på jobb, han må berre sitje innelåst i bilen og vente medan faren er på jobb...Faren reiser mykje rundt, så Steffen har ingen vener, men etterkvart vert han lei av opplegget.
Ein dag, når faren er på arbeid "bryt Steffen seg ut" av bilen og ruslar litt rundt på øya. Der treff han på Rita. Mystisk og vakker er ho. 
Samme dagen oppdagar han kva faren jobbar med: han er spøkelsesutdrivar. 


Då her handlinga setla. Steffen får seg etterkvart ein liten kompis, Tobias. Dei to har morsomme dialogar og hjelper både kvarandre og politiet til å løysa mordgåta dei kjem over, på meir eller mindre tradisjonelt vis. Tobias er eit herleg løft i forteljinga!


"Daudinger" er første boka i ein serie som heiter "Ute av tiden", og det skal bli tv-serie av det på NRK.  
Det handlar om spøkelser, men er på ingen måte skummelt! Eg tenker at dei som vil lesa spøkelsesbøker ofte er ute etter den litt grøssande følelsen? Vel, den er i allefall totalt fråverande i Daudinger. Kanskje det kan koma betre fram på tv?
Eg er ikkje veldig imponert. Vart skuffa. Sånn er det. sukk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar