fredag 13. april 2012

Perfekt kjemi


Simone Elkeles er forfattaren av  "Perfekt kjemi"  - den kom ut på Gyldendal forlag i 2010.
Tittelen har ein litt søt, dobbel botn. I tillegg til å visa til den perfekte kjemien mellom Brittany og Alex (hovudpersonane), har det seg slik at dei møtes i kjemitimane.....snissig!

Historien er ikkje ny. Dette er den klassiske kjærlighetsromanen om "umulig" kjærlighet.  Brittany er den perfekte overklassejenta med fasaden i orden. God på skulen, pliktoppfølgande, cheerleader (naturlegvis), populær og usigelig vakker! I tillegg er ho kjæraste med kapteinen på fotball-laget. Alt i orden!
Alex er  mexikanar (oj oj...). Han kjem frå ein fattig familie og er med i ein kriminell gjeng. Men Alex er vakker - heilt uimotståeleg!
Alex og Brittany : det er perfekt kjemi, men det sømer seg ikkje. Dei passar ikkje ilag. Alex er slett ikkje det Brittany treng til den blanke fasaden sin. Begge vil unngå kvarandre, men er så tiltrekt av kvarandre at dei ikkje klarar å la det passere.
Dei har  svært dobble kjensler for kvarandre, og dette vert fint skildra og er det som driv historien deira framover. Det og den intense lysta dei har på kvarandre... =0)

Rein kjærlighetsroman. Medrivande, kjekk og søt og heilt slik som det skal vera. Den er lett og enkel - kanskje typsik ferielitteratur? Språket er greitt. Eg har ikkje hatt spansk, men eg kan tenka meg at det er kjekt å lesa denne boka viss du har spansk i skulen - den har nemlig eindel spanske gloser i seg.

Dette fungerer!
Og det er kome to bøker til i serien:
Bok to heiter GRENSELØS KJÆRLIGHET
Bok tre heiter BRENNENDE HJERTER

Boka passar (best?)for elevar i ungdomskulen og vidaregåande, tenker eg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar