Har du lengta nokon gong? Lengta sånn sikkelig, sånn at det verkar i heile deg?
Boka "Etterpå varer så lenge" (av Karin Kinge Lindboe) handlar om å sakne og å lengte. På skikkelig.
Det var alltid Benny og Stella, dei to i eitt og alt, men så døydde Stella. Midt i 10.klasse. Ho har vore død i tjueto dagar og Benny klarar ikkje fleire dagar utan Stella. ALT minnar om Stella, og Benny skal aldri! aldri! aldri! gløyma besteveninna si. Det er ein trykkande stemning i klasserommet. Stella sin pult er tom. Det har blitt eit tomrom etter henne som ikkje kan eller skal fyllast.
Men så dukkar Sara opp. Vakre, blide og flinke Sara - den nye jenta i klassen - eit naturleg midtpunkt. Dette blir ein kjempeutfordring for Benny. Ho legg Sara for hat. Men det er ikkje Sara ho hatar eigentleg....ho hatar det at Sara ikkje er Stella.
Herlighet for ei intens forteljing dette var! Den er enkelt skrive, men på ingen måte enkel! Og eg vart så imponert over ungdomane i denne boka. Dei snakkar så fint (og voksent) om livet og kjenslene...sukk!
I tillegg til hovudhistorien, fr me ein liten (stor) dose kjærleik og ei fin fortelsing om ei mor som prøver å finna sin plass i livet til tenåringsdottera si. Nydeleg!
Anbefalar deg å lese boka!
Eg trur den er meint for ungdomskuleelevar. Eg trur den passar perfekt for ungdomskuleelevar!
Har akkuat fått lest den. Var så glad i "Stella" at jeg gruet meg litt, men den var absolutt en god opplevelse.
SvarSlett