tirsdag 27. desember 2011
GRATIS KYSS I MØRKET
Det er jul og deilig ro i huset om morgonen. Eg kan bruka tid på bok. Deilig.
Boka "Gratis kyss i mørket" har eg hatt liggande på nattbordet ei god stund utan å røra den. Den har ei framside som tiltalar meg. No tok eg ho fram og vart oppslukt med ein gong.
Det handlar om Rask. Han er heimlaus og eg tenker meg at han er ca 13 år. Han er oppteken av kunst og korleis lyset og skuggane gjer at ting endrar utsjånad. Rask vert kjendt med Billy som er ein gammal uteliggar med leddgikt. Dei prøver å hjelpe kvarandre.
Den dagen krigen bryt ut, søker dei dekning i det offentlege biblioteket. Der møter dei på Max, ein liten tass på 6 år. Han ventar på mor som skal kome å henta han. Mor kjem ikkje. Rundt dei haglar bombene.
Rask, Billy og Max må rømma frå byen. Dei slår seg etterkvart med i ruinane etter ein fornøyelsespark. Dei har ikkje mat, dei prøver å halda seg vekk frå trøbbel. Etterkvart finn dei ei tenåringsjente med ein baby. Dei blir ein "familie" på fem.
Dette er ein sterk og intens historie. Først og fremst om kjærleik. Eg vart rørt til tårer feilre gonger. Spesielt sterkt er det å lesa om korleis Rask etterkvart elskar Max som sin eigen bror.
Sterkt om å leva der det er krig
Sterkt om å tru på livet sjølv når alt er vanskeleg
Sterkt om kor viktig det er å stå opp forkvarandre
Sterkt om kjærleik
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar