fredag 14. oktober 2011

Haustferie

haust - lesetid...
ferie - lesetid...
haustferie - TRAVELT!
Men mellom skippertaka på vaskerommet og alle dei gode kosestundene (hipp hurra!) med venner og familie, har eg endeleg fått avslutta "Fjorden" av Lars Olav Seljestad.
Han var jo her nett og besøkte oss i forrige veke. Då var det opning av nytt bibliotek i Ålvik og han var ei av dei store stjernene som kom og kasta glans! Han kasta rikeleg med glans! Det var så kjekt å høyra på han. Det var opplesing frå boka og vakkert felespel om ein annan.
Blid forfattar =0)


Boka er sår og vakker. Han skriv så godt. Språket er eit eventyr! Det er så lett og godt og fint! Når eg las kjende eg at eg ELSKAR nynorsk! Seljestad skriv enkelte setningar omatt mange gonger (ikkje for mange) og det berre understrekar stemninga i boka.
Hovudpersonen i boka er snart femti år og far hans har gått bort. Han sit ved den døde faren sin på sjukehuset og reflekterar over livet og minnest barndom. Dette er ei bok om far og son. Om relasjonar mellom fedre og søner.  Ikkje berre enkle relasjonar...

Eg hadde store forventingar til denne boka! Har de lese Blind (debutboka hans)? Den er så heilt aldeles drivande god. For all del: LES DEN!
"Fjorden" er knallgod, det syns eg, men den kan ikkje mela seg med debutboka. Seljestad har skrive to bøker mellom "blind" og denne.  Dei har eg ikkje likt så godt. Dette var opptur!

FJORDEN BABY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar