torsdag 23. februar 2012

Sannsynligheten for kjærlighet ved første blikk

Eg jublar HURRA for denne boka! ENDELIG ei skjønn bok! Eg sette i gang å lesa og boka var så søt og lettlest og medrivande, at eg ikkje kunne legga den vekk før eg var ferdig <3 <3 (fordi det er kjærlighetsbok, må det jo vera hjerter!)


Me møter Hadley. Ho er 17  år og er på veg frå New York til London
for å delta i faren sitt bryllup. Faren sin har ho ikkje trefft på eit år, og den nye kona hans har ho aldri møtt før. Hadley vil ikkje reise. Ho vil ikkje møta Charlotte og faren sitt nye liv. 
Og så skjer det teitaste: Hadley kjem fire minutt for seint til flyet! Ho rekk det ikkje! Så flaut...alle veit jo at ho ikkje ville dra, og no kjem dei til å tru at ho kom for seint med vilje.
Men, hadde ho ikkje kome forseint, hadde ho ikkje møtt Oliver, den flotte britiske studenten som også skal til London.....
Oliver og Hadley vert sitjane side om side på (det neste) flyet. Flytida er 7 timar og dei brukar kvart minutt til å bli betre kjende med kvarandre. Eg trur ikkje dei veit at dei blir forelska, men me som les, me forstår! Og det er noko av det som gjer denne boka så fin og kjekk!
Og så er det mykje humor i dialogane deira. Oliver er morsom!


Hadley rekk bryllupet til faren og Charlotte, men det blir noko heilt anna enn det ho forventa seg. Og (dette er viktig) noko heilt anna enn det eg som lesar forventa meg! Eg vart overraska og glad av å lesa boka (sjølv om eg måtte gråta to gonger og!)


Eg vil ikkje sei at dette er ein stor kjærlighetsroman, for den handlar ikkje berre om kjærligheten mellom Hadley og Oliver. Dette handlar og om å verta såra, om skilsmisse, og sjalusi og einsemd.  Boka gjev verkeleg rom for viktige tankar. 


Dette trur eg nok er ei bok som høver best for jenter. Men den er ikkje suppesøt på nokon måte. Den er nesten stillferdig. Og rett og slett god. Les, då vel!



2 kommentarer:

  1. Passer den for lettrørte manlige bibliotekarer også? (jeg spør på vegne av en kamerat)

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, eg ler! Du får helsa og sei at den passar perfekt - han må berre henta fram sine feminine sider og nyta! =0)

      Slett