onsdag 6. juni 2012

Salamandergåten Jørn Lier Horst



God krim for barn/ungdom er ikkje alltid så lett å finna. Men her er den! Og heldigvis er dette første boka i ein ny serie - me får håpa at det vert mange, mange!

Cecilia bur på eit idyllisk hotell som faren eig og driv.
Leo bur også på hotellet, for mora hans jobbar der.
Une (pluss hunden Egon) er nabo og venn.


Cecilia finn eit lik. Ein mann har drukna og ho finn han i strandkanten. Synet er sjølvsagt forferdeleg. Det verste er at mora til Cecilia vart funnen på samme måte for eit år sidan...
Borna kontaktar politiet, men først tek dei bilete av funnet sitt.  Dei ser spor rundt liket. Det må bety at nokon har vore her og funne liket før dei - utan å melde ifrå.

På hotellet bur det mange gjester. Kven er til å stola på og kven er det ikkje?
Dei tre unge detektivane finn etter kvart ut at dei har vikla seg inn i eit vanvittig spel på liv og død.


Boka er spennande heile tida - den har ikkje daupunkt i det heile. Språket er godt og krimgåta er god. Eg jublar for denne boka! Gler meg til fortsetjinga!

fredag 1. juni 2012

Bandet mitt spiller ikke progrock : Liv Eirill Evensen


 

KULT!
Lett å lesa.
Nydeleg balanse mellom tekst og bilete.
Her held det ikkje å berre lesa teksten eller berre sjå  på bileta. For å få heile romanen med deg, må du faktisk bruka tid på begge delar =0)
Illustratøren heiter Ronja S. Berge - verd å merka seg!


Ja, dette handlar (som tittelene og framsida indikerar sterkt) om musikk. Jippi!
Men det handlar om mykje meir enn det : om å finna sin plass, om å stå trygt i seg sjølv!

Helle spelar bass. Ho er tøff og og spelar bra. Ho blir fast bassist i eit progrockband med berre gutar frå før. Det går fint først, men på ein fest rotar Helle med vokalisten:
"Jeg har gjort hovedtabbe nummer en og må betale prisen for det. Først roter jeg med Sebastian. Så blir han fjern og sur. Så endrer bandet øvingstider uten å si fra. Snart kommer de til å juge på seg at bandet er oppløst, for å bli kvitt meg. Det er den klassiske historien."

Heime har Helle det heller ikkje uproblematisk. Mora har ein ny mann og faren er flytta nordover og har funne seg eit nytt liv der. Helle leitar i dei gamle sakene hans under trappa og prøver å finna meininga med livet.


Det aller beste med denne boka er etter mi meining coveret! Eg diggar det! Eg spår at mange kjem til å lesa denne berre på grunn av at den ser så cool ut. Eg spår vidare at dei ikkje kjem til å verta skuffa!
Skulle berre ønskt at det var klikkbare lenker til musikken inne i boka...


torsdag 31. mai 2012

Aston Martin : Magnus Buen Halvorsen

Far er død.
Sverre er sint.
Mor ...har nok med seg sjølv.


Ja, dette er Sverre si forteljing. Sverre sit i vindauget og registrerar kva for bilar som køyrer forbi. Han tenker å bruka all informasjonen til å laga eit flott søylediagram. Eit som mor skal få sjå. Slik at ho kanskje legg merke til han...
Livet til Sverre er ikkje enkelt.  Han er ikkje populær. Han vert plaga av Alex og nokre av dei andre på skulen. Han trur ikkje mora likar han. Han saknar far sin. Han veit ikkje kva faren døydde av. Han kjempar med sorga si.
Og han er redd. Han er redd for at mora må flytta på sjukehus
Men Sverre har Ida. Ho er ein trufast venn (som han endåtil er litt forelska i <3).
Og så har han tante og onkel. Dei bur langt vekke, men viser han både kjærleik og omsorg.


Dette er ein så sår og vond historie (som heldigvis går litt betre mot slutten av boka. puh!)
Den er fin. Og original!
I byrjinga av boka møter me berre ein sint og frustrert gut. Han vil gjerne vere grei og gjere mora glad, men når ha ikkje klarar det, vert han sint og gjer dumme ting.
Men litt etter litt får me vita meir om kva som har skjedd. Kvifor er mamma som ho er, og kvifor er Sverre så sint?
Les! Les!


Passar kanskje frå ca 11 år og oppover

Blackout - Elen Betanzo

Eg røska med meg tre ungdomsromanar til sist helg. Eg tok med meg "Blackout" mest på grunn av at det var bilete av ein Shar Pei (ein hund) på framsida. Eg diggar dei!

Denne boka handlar om  fem ungdomar (ca 17 år?). Handlinga strekker seg ikkje over meir enn tre-fire dagar, men alikevel klarar me å få god oversikt og bli godt kjende med alle hovudpersonane. Me møter Siss, Maria, Joakim, Sebastian og Irina.

Vanlegvis likar ikkje eg at synsvinkelen/forteljarstemma skiftar, men det fungerar faktisk strålande her. I byrjinga måtte eg konsentrera meg for å vita kven eg las om, men det varte ikkje lenge før eg hadde eit godt overblikk! Alle fem ungdomane fekk kvar sine kapittel. Kapitla var korte. Det hadde ein slik effekt at eg følte eg las fortare enn eg eigentleg gjer! God kjensle =0)
Blackout er veldig ungdomsbok! Her har me alt som kan forventast å vera i ei slik: forelsking, fortviling, idealisme, den første heime-aleine-festen, svik, kjærleik, spiseforstyrringar, tjuveri, fråverande foreldre...ja, det meste (til og med ein Shar Pei!). Og forfattaren (som eg aldri har høyrt om før...er dette ein debut, kanskje? Det må eg sjekka) minna meg på korleis det var å vera ungdom. Det var jo heilt intenst. Det er denne boka og.
Kvardagane til dei fem ungdomane flettar seg fint inn i kvarandre. Kanskje denne boka hadde gjort seg betre som film? Eg syns av og til sånne filmar der me følgjer ulike personar som nærmar seg eit møtepunkt utan å vita det, er stilige! Irina skal ha fest og alle dei fire andre dukkar opp på denne festen. Festen er det magiske (?) møtepunktet. Kva skjedde eigentleg på Irina sin fest? 
(det må du naturlegvis lesa sjølv)
Eg skal vera ærleg: eg likte ikkje boka kjempegodt. Eg kosa meg medan eg las, men sat heile tida med ei forventning om at ei endring måtte kome snart. Men "Den Store Endringa" følte eg ikkje kom. Så eg sat litt "tom" tilbake då eg var ferdig å lesa. Handlinga tok meg ikkje.
Men ein ting likte eg knallgodt: Elen Betanzo har vore så flink at ho ikkje har lete nokon av personane i boka vera berre gode eller berre dårlege. Dei framstår alle fem som heile og svært samansette menneske - dette medverkar enormt til at eg TRUR på dei og på historiane deira. Dei har gode og dårlege sider, er teite og kloke om ein annan ...nett slik som dei fleste ungdomar (og vaksne!) er!
Det største problemet er eigentleg at eg vil ha meir! Eg var rett og slett ikkje ferdig med desse ungdomane når boka var lesen. Eg vil vita korleis det går "til slutt"....

fredag 25. mai 2012

Spøkelsene på Frostøy : Bak dødsfjellet



Eg likar Hilde Hagerup! Eg har hatt sans for ho lenge. Ho har skrive fleire realistiske ungdomsromanar som eg beundrar ho for.
No har ho bytt sjanger.
Det er difor eg har utsett å lesa "Bak dødsfjellet" ganske lenge. Eg tenkte nemleg at eg kom til å bli skuffa. Eg er ikkje så glad i spøkelsesforteljingar.

Eg hadde ikkje behøvd å bekymra meg!
DENNE BOKA ER KJEKK!
Ho handlar om Jens. Han er sikkert 11år og bur på Frostøy. På Frostøy går ingen på skogsturar. INGEN! Ingen har nokon gong kome levande tilbake frå tur til den lokale fjelltoppen. Den har (logisk nok) fått tilnamnet Dødsfjellet. Det aular av spøkelser på Frostøy. Og dei er ikkje snille "lakenspøkelser"!
Jens er ein forsiktig og upopulær gut. Han står nederst på listene over kven det er lurt å vera ven med. Heilt nedst. Til og med under skiten under skøytebeskyttarane til Bård. Ingen vil vera vener med Jens.
Men så dukkar Wilma opp. Ei ny jente. Ho er tøff og uredd - ho let ingen styre seg.
Jens har det ikkje strålande enkelt heime heller: Mora er mykje sjuk. Somme dagar orkar ho ikkje eingong å stå opp. Ho er svært sær og Jens må i stor grad ta ansvar for kvardagane sine sjølv.
Ein kveld røper mor ein stor løyndom for han.
Heile verda til Jens endrar seg med eitt! Kva gjer du når du får vita at  du er den einaste levande i familien - at mor di og andre slektningar er spøkelse?

Dette er ein original og god histoire! Eg diggar den! Forteljargleda er stor!  Det er passeleg (!) skummelt (Ganske skummelt og grostesk, faktisk! Men det skal det jo vera! Det er ikkje koseforteljing!) og svært lettlest. Setningane er korte og enkle, men bileta eg fekk i hovudet var fæle!
-jippi! Eg likte det likevel!
Eg kjem til å lesa dei andre bøkene i serien "Spøkelsene på Frostøy" - gler meg already!

fredag 18. mai 2012

Blomstenes hemmelige språk (Vanessa Diffenbaugh)

Eg har brukt litt tid på å bli ferdig med denne boka.  Voksenbøker...! =0)
Det er ein  kjærleiksroman - ikkje tvil om det!



Victoria har vakse opp i mange ulike fosterheimar og barne/ungdomsheimar. Då ho var 9 kom ho til Elizabeth. Elizabet viste genuin interesse for Victoria - her var det annleis enn i dei andre heimane ho hadde vore.  Victoria trudde ei stund på at ho skulle bli adoptert og elska. Men slik gjekk det ikkje. Som vaksen er Victoria blitt hard og let ingen koma tett innpå seg. Ho har lært seg (av Elizabeth) kva alle ulike blomar symboliserar, og dette blir etterkvart hennar måte å kommunisera med verda.
Ho møter Renata, som driv blomebutikk. Renata vert imponert over Victoria og tilbyr henne arbeid. Renata og Victoria går på marknaden i lag kvar veke for å kjøpa blomar. Der treff Victoria ein mystisk mann som viser seg å kunna blomespråket like godt som ho sjølv.
Det er vondt og søtt og morsomt og romantisk og trist.
Denne boka handlar om å sleppe taket i det "trygge" - å tore å satse på å bli lykkelig ilag med andre menneske. Det handlar om å stole på andre. Om å tore å ta imot hjelp og kjærleik.
Eg trur ærlig tala at dette er ei bok for damer. Den er superpopulær (me har ganske lang venteliste på biblioteket) - og damer: LES! Kos dykk!
Eg vart ikkje oppslukt, men det var ein fin historie - fin avkopling!
Boka er lett å lesa og eg likte mange av personane.
Blomstenes hemmelige språk er Diffenbaugh sin debutroman, og eg gler meg til å lesa meir av henne!

VERDENSREDDERNE av Simon Stranger



Lyst til å gjøre en forskjell?

Lyst til å forandre noe?

Kontakt Verdensredderne.

www.verdensredderne.blogspot.com

Eller: Les denne boka! 

Simon Stranger har klart å skriva ei kjekk, opplysande, medrivande, ærleg og ikkje minst viktig ungdomsbok! 
Emilie er 17 år
(Ja, det er den samme Emilie som me møter i boka "Barsakh" som Stranger gav ut i 2009)
Ho er ei normal tenåringsjente, oppteken av å vera fin og å ha den riktige kjolen på den riktige festen. Men ein dag ho er ute for å shoppe, ser ho ein gut som klistrar klistremerke på t-skjortene i butikken. Det står: "Kos deg med T-skjorten. Slavene som sydde den gjorde det ikke."
Emilie blir nyfiken og vert etterkvart kjent men Antonio, som guten heiter. Ho vert med i aktivistgruppa hans - dei vil redda verden, eller i det minste gjera ein forskjell!

Denne boka er smart! Samtidig som me får romantikk, sjalusidrama, action og spenning, er den spekka med opplysningar om korleis stoda er for barn rundt i verda. Det fins barn som slavar på fabrikkar. Det fins mykje som er urettferdig i verda vår, og denne boka peikar på noko av det. Den visar oss ei tydeleg peikefing (og det har me jo ganske godt av, me som flottar oss med ting som  iPhone, iPad, iPod etc etc).  Eg syns at forfattaren er ein kunstnar som klarar å belæra oss og kritisera oss, utan at me sit att med ei kjensle av å vera dårlege menneske. Den kjensla som eg sat att med, var i alle fall at eg har lyst til å bli eit betre menneske! 
Kunst!
Det er ikkje verst!

Den passar godt for både gutar og jenter på ungsomskulen.