OK, eg er inne i ein periode der eg gjer ting eg eigentleg ikkje vil eller ikkje likar. Foreksempel lesa hestebøker! No har eg lese to.
Eg er ikkje glad i hestar. Ikkje litt eingong! Eg er faktisk livredd for hestar, og difor unngår eg alt som har med hest å gjera.
Men no har eg altså lese to (to!) bøker om hestar og unge jenter. Og eg har faktisk synst at dei var kjekke! Begge to.
"Elise og mysteriet med dei døde hestane" får eit digert pluss med ein gong berre fordi den er skriven på kjekt nynorsk. JIPPI JUBEL! I tillegg er det ei kul bok. Intet mindre.
Elise, vår heltinne, er veldig ung (trur at ho skal byrje på ungsomskulen etter denne sommaren?) men ho har fått lov til å vera veterinærassistent ein heil sommar. Ho vil bli dyrlege, så dette er ein fantastisk mulighet, sjølv om ho må bu i hytta i Tordenbygda heile sommaren. Ho bur i lag med den unge, vakre onkel Kalle som har sagt seg villig til å ha henne med. Han er nyutdanna veterinær, køyrer bil som ein gris og er så sjarmerande at gardskonene går med sminke i fjøsen når dyra er sjuke! haha!
Det er mykje som er spesielt og stilig i Tordenbygda. Der bur Gamle-Mathias og ein galning av ein prest. Men det luskar skumle personar i skogen. Og både kyr og hestar døyr på uforklarleg vis. Og kven er han russaren med den gedigne, svarte hingsten? I Tordenbygda har dei dessuten ein eigen (og aldeles fantastisk) hesterase : ivanhestane. Dei er store, flotte og sølvskimrande. Makalaust! Er Anton ein slik Ivanhest, slik som den sinte eigaren påstår?
Elise havnar sjølvsagt i livsfare og det går heldigvis (og naturlegvis!) bra til slutt, men det er på hengande håret.
Det som eg likar aller aller best er at det ikkje er sentimentalt og klissete. Av og til døyr dyra, faktisk. Det brutalt - og sånn er jo livet. Historia er litt vill og utruleg, men settingen er på eit vis realistisk. Me møter folk som tek godt vare på dyra sine og folk som ikkje bryr seg og som aldri skulle hatt lov til å ha dyr. Og me lærer mykje om dyresjukdomar! Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!
Anne Viken, bra forfattar!
lørdag 29. desember 2012
tirsdag 18. desember 2012
Hunger av Harals Rosenløw Eeg
Hunger? Ja, det skal eg lova deg! FOR EI BOK!
Kva er det som er typisk i ein ungdomsroman? Umogeleg kjærleik. Sjukdom. Sosiale problem. Vanskelege, store valg. og døden. Ganske ofte er døden med.
Jepp, denne boka har alt det. Men der sluttar boka å vera typisk. Der byrjar den i staden å vera fantastisk!
Marius er rundt 15 år og har nett flytta heim att etter å ha budd borte nokre månader (kanskje eit halvt år). Foreldra har skilt seg, men Marius føler ikkje at faren er spesielt glad for at Marius er tilbake. Sven, Marius sin bror har vore dødssjuk, men er no blitt frisk. Og Karla. Marius er forelska i Karla. Han har laga eit risp i armen sin for kvar dag han har vore vekke frå henne.
Men er dei saman? Eller er ho saman med Sven? Og kva er det med Kai, den nyinnflytta naboguten?
Og den mystiske bubilen? knoklane? Kai sin forkrøpla arm?
Her er så mange spørsmål! Eg sat ganske ofta og var forvirra medan eg las (litt sånn "HÆ?"), men det gjorde ingenting for boka har ein sånn enorm driv. Eg kunne ikkje legga ho frå meg! Herlighet kor spennande.
Harald Rosenløw Eeg er ganske sikkert ein av dei aller beste forfattarane me har her i landet! Han skriv så intenst og smidig og kult og og og (det gjer visst ikkje eg nett no. ops). Stemninga i boka går rett under huden på meg. Eg trur at dette er det som heiter ein psykologisk thriller.
Men de? LES DEN DÅ!
Det er faktisk ikkje noko å venta med

mandag 10. desember 2012
Absolutt ukyssa : Nina E. Grøntvedt
Hurra!
Absolutt ukyssa er nett lika kjekk som "Hei, det er meg", den forrige boka om Oda Andrea og gjengen som bur i Krokkleiva. Eg blir skikkelig glad av å lese desse bøkene!
Har du lyst å kosa deg med ei bok om ei jente som snart skal begynna på ungdomskulen, bør du faktisk velja ei av desse! Go on! Ta gjerne "Absolutt ukyssa".
Me møter som sagt Oda. Det er hennar historie, hennar dagbok! Ho er som 12-13åringar flest, oppteken av vener og av å ha det morro. Ho er ganske forelska i Stian (nabogut som er eit år eldre), og har eit prosjekt som går ut på ikkje forbli ukyssa.
Her er mange fine, fæle og morsomme forviklingar. Dei kan me kjenna oss att i. Det er jo det livet er fult av...
Eg kan røpa såpass at Oda ikkje er heilt ukyssa på siste sida, men det gjekk IKKJE etter den opprinnelege planen. Viss ho eigentleg hadde nokon plan, då!
Les og sjå kva du syns!
Eg elskar den!

torsdag 6. desember 2012
Noe usynlig av Siobhán Parkinson
Jake er 11 år og veit mykje. Han er opptatt av fiskar og leksikon. Han likar å snakke og å tenke. Men han har kanskje tenkt litt for mykje på litt for vanskelige ting i det siste? I allefall har han registrert at mora er blitt tjukk, men det kjem som eit stort sjokk når han får ei veslesyster...!
Jake legg merke til Stella. Ho er veldig tynn og er alltid omgitt av småsøsken. Mange småsøsken.
Utan at jake vil det, vert han og Stella venner.
Jake vert dessutan ven med ei gamal og giktbrudden dame.
Livet er ikkje så aller verst, heilt til det aller verste skjer....! Og det kan vera Jake si skuld!
Det er tragisk og trist, det som skjer.
Men boka er meir humoristisk enn trist, det lovar eg!
Les, min venn!
(høver frå 10 år og oppover, trur eg)

mandag 26. november 2012
BEISTET av Ingunn Aamodt

Hahaha eg ler!
Denne er kul!
Enkel og barnslig, ja! Men veldig kjekk!
Mona går på konsert med sitt store idol, rapparen EK. Han er herlig! Han er ALT.
Og underet skjer : Mona får høve til å delta på backstage-festen!
Og ikkje nok med det (her strøymer det på så ein knapt kan anda):
ho og EK finn tonen. Dei finn den veldig. Ho vert med han heim. Plutselig er ho ikkje jomfru lenger. Mona og EK! Mona er overlukkeleg
Men det kan jo ikkje vara.
Neste morgon går alt i vasken. Mona får sjølvbiletet sitt knust. EK kallar henne eit beist.
Eg vil ikkje røpa noko av det som skjer, men eg vil oppmoda deg til å lesa! Her får me ein stilig historie. Og lettlest! Stikkord: popbransje-eventyr, hevn, vennskap, kjærlighet, hevn, spisevegring, musikkvideo, hevn, humor,viljestyrke, hevn og galskap.
Eg har lyst å skriva nokre ord om Patrik. Patrik er Mona sin gode og trufaste ven. Han er ein ekte helt! Gjennom heile boka heia eg på Mona, det er sikkert. Men ho har nokre sider som ikkje er så bra (det er nok det som gjer at ho er lett å lika og lett å forstå?) ....Men Patrik, han er som ein engle. Av alle som er med i denne boka, likte eg Patrik best! <3
Men no har litt dårleg samvit fordi at eg skreiv at boka er barnslig. Det er jo på ingen måte eit barnslig tema i boka! Forstå meg rett! Dette er ei bok for og om ungdomar.
Men språket er enkelt og løysinga på floken er litt "amerikansk film". Eg elskar det! Eg trur det heiter feelgood! (smilefjes)
"Beistet" ventar på deg! LES - det går fort, for boka er tynn og fin!
lørdag 24. november 2012
Alt jeg vil er å kysse deg : Charlotte Glaser Munch

Sara er 14 år. Ho og familien har nettopp flytta til Asker frå Tromsø.
Det har skjedd noko. Noko med foreldrene. Det har skjedd eit eller anna, slik at dei måtte flytte frå Tromsø i all hast. Sara vart ikkje spurd. Ho vart "rykka opp med rota" frå det fine livet ho hadde. Ho vart riven vekk frå skulen, dansen, alle venene og ikkje minst besteveninna Siv.
I Asker finn ho seg ikkje til rette. Ho er redd for at ingen skal lika henne, og difor slepp ho heller ingen innpå seg. Ho tør ikkje begynna på dansing igjen, på grunn av nokre ekle jenter i klassen... Livet er slett ikkje lett lenger. Mor og Far er voldsomt opptekne av dei nye jobbane sine og av kvarandre. Storebroren går på vidaregåande og har nesten flytta inn i russebussen han er med på. Sara er usynleg....
Det einaste lyspunktet er Ivar. Ivar er 1 1/2 år gammal. Han bur i nabohuset. Sara er barnevakt for han fleire gonger i veka. Ho likar det. Ho hentar han i barnehagen, lagar mat og passar han om kveldane. Mia, mor til Ivar, er fin å prata med...av og til. Sara føler det slik, men det er kanskje fordi ho ikkje har nokon andre å prata med....
Sara drøymer seg inn i rolla som mor. Ho vil vera ei god mor som har tid til ungane sine og mannen sin. Og ho skal i allefall ikkje vera utru! Mia er utru, og flyttar ut. Sara må forhalde seg til Ivar sin pappa, Adam. Adam er snill og vakker. Sara blir forelska.
Ung jente (snart 15) forelska i vaksen mann (29). Dette er ikkje riktig!
Dette er ei lita bok, med eit stort og viktig tema.
Heldigvis snur Sara sin historie seg. Me likar jo at det går bra til slutt!? Eg likar det, i allefall! Eg sat att med ei god kjensle då siste sida var lest! Det er ikkje alltid.
Dette er nok ei jentebok.
Så les då, jenter! Eg anbefalar den!
onsdag 21. november 2012
En blå kjole fra Herr Hitler Toril Brekke

Har du lyst å lesa ei lita bok?
Denne er lita. Det tek ikkje mange timane å lesa den. Men den er mektig likevel. Eg vart tatt litt på senga, eg hadde ikkje sett meg inn i kva denne boka handlar om. Eg berre las.
Og eg vart gripen!
Det handlar om Liv, ei ung jenta som har isolert seg i besteforeldrene sitt gamle hus. Ho har tenkt å ta livet av seg, men så vert ho forstyrra. Det bur ei eldre dame litt lenger oppe i vegen. Ho heiter Irma. Irma har gått tom for matvarer, og no treng ho nokon til å køyre seg til butikken.
Liv hjelper henne motvillig, og tenker at ho får ta livet sitt om eitpar dagar når Irma har fått det ho treng.
Irma og Liv
Begge har ein stor hemmelighet som dei ikkje har fortalt til nokon. før.
Det veks nokre sterke band opp mellom dei to damene. Dei finn ei slags meining i det å ha møtt kvarandre. Er det tilfeldig når me støyter på folk som sidan vert viktige i liva våre? Denne boka visar kor viktig det er å samtala med andre. Kor avhengige me er av kvarandre. ...og kor stor makt det er i ei forteljing!
Magisk!
I denne boka ligg det mykje kunnskap, historie og livsvisdom. Og tapt kjærleik og fint venskap...
Tips: Dette er ei fin julegåve!
LES!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)