mandag 19. september 2011

Før jeg brenner ned : Gaute Heivoll

Gaute Heivoll si bok  om pyromanen i Finsland las eg i fjor haust, og eg kjem stadig tilbake til den - både i tankane og når eg skal anbefala godt lesestoff. No har han kome ut med ny bok, og eg gler meg inderleg.
I mellomtida kan eg skriva litt om "Før jeg brenner ned".  
Denne romanen er i ein klasse for seg sjølv. Eit meisterverk!


- den nifse historia om korleis ein mann rysta ei bygd.
Det skjedde på skikkelig, IRL (in real ilfe), som det heiter. I 1978 i Finsland, heimbygda til forfattaren (og mor mi!). Ein pyroman var laus i ein heil månad. Uthus, gardar og budstadhus brann til grunnen, og skrekken vaks i heile Finsland.
Det er så nervepirrande! Opningskapittelet gir meg gåsehud. Me opplever at huset til Johanna og Olav Vatneli, vert påtent og i eit lite sekund eller to får me sjå andletet til pyromanen i det han tenner fyrstikka og startar den fæle brannen.
Ganske tidleg i boka før me vita kven den skuldige er. Alikevel er det ein enorm driv i forteljinga. Kva får ein mann til å gjer noko slikt?  Ein so flink gut, så skjønn, så høgt elska. Når blir han tatt?

Eit lite utdrag, der ei søvnlaus trebarnsmor får besøk av brannstiftaren midt på natta:

"-Den som står bak dette her, begynte han, -den, den...Vi skal ta ham, før eller seinere. Han skal ikke slippe unna.
-Det er liksom ikke til å tro, alt dette som skjer, sa hun.
Hun slo jakka tettere om kroppen og så opp mot de mørke vinduene det ungene lå og sov. Da hun snudde seg stirret han på henne, det var som om han hadde forandret seg i løpet at de få sekundene hun hadde sett bort.
-Det verste som kan skje nå, vet du hva det er, Else?
-Nei, sa hun nølende.
-Det er hvis det begynner å brenne her.
-Her?
-Ja, sa han. -Her.
-Ikke snakk sånn, da, Dag, sa hun.
-Nå har vi alt utstyret i Vatneli, fortsatte han. -Så hvis noe skulle skje, så...Det vil ta lang tid å få flyttet alt sammen."

Grøss! Det er så skummelt!
Det er fleire kapittel i boka som er så spennande og grufulle at eg slett ikkje kunne legga den frå meg.
Boka er etter mitt syn utan sidestykke.
Ein sundag  tidleg i juni i 1978 vert ein liten gut døypt i Finsland kyrkje. Guten er forfattaren sjølv. Med stor intensitet og på ein ærleg måte fortel han om sin eigen oppvekts i bygda med pyromanen. Me får læra om hans tøffe veg til valet om å bli forfattar. Han forel om familietilhøve og kjærleik, løgn og skam. Om sjukdom og store indre konfliktar. Det balanserar perfekt og blir ikkje pinleg. På nesten magisk vis flettar han historiane saman. Det heile vert skildra på ein slik måte at lesaren nesten kan FORSTÅ korleis pyromanen kan ha tenkt.
Det er ein kunst å laga roman av faktiske hendingar på denne måten.
Gaute Heivoll formidlar det som er voldsomt og urovekkande på ein klok og roleg måte. Ikkje rart at han med denne romanen (mellom anna)  fekk Bragepris!
Denne er verkeleg GOD! 
Og ps! Den er komen i pocketutgåve!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar