tirsdag 13. september 2011

Humor og varme midt på hausten

For ei stund tilbake las eg "Jul eller aldri" av Anneli Klepp. Eg elska den!

Det handlar om Pelle som vil vera snill, men som ikkje får det til. Han bestemmer seg for å vera grei, men så er ALLE så sure...Han kjem i konflikt både på skulen og heime fordi han handlar før han tenker. Og så har han raudt hår som han hatar. Og så kranglar mamma og pappa..Det er mørkt og snart jul. Livet er ikkje noko lett når du held på å bli ungdom! Det vert slett ikkje betre når klassen til Pelle får vikar. VERDENS VERSTE vikar. Ho er den strengaste! Ho tvingar han til å samarbeida med teite, pinglete Adil. Ein kjempeutfordring for Pelle.

Dette er ei super ungdomsbok. Den er lettlest og spennande, passar både for jenter og gutar (og vaksne!). Og sjølv om problema tårnar seg opp for Pelle, er heile boka krydra med varme og humor. Sjølv fekk eg "flashback" til tidleg ungdomstid - ei herleg kjensle! 
Også går det bra til slutt!  J I P P I !
Feelgood-bok, som kan få deg til å reflektera litt.
Vaksne med ungdom i huset kan godt lesa denne og hugsa tilbake kor vanskeleg det kan vera å vera ung. Hugs på at det ikkje alltid er vond vilje bak sure kommentarar frå podane!

Grunnen til at eg skriv om denne boka no, er at eg nett har fått i hende den nye boka av Anneli Klepp!
Treng eg sei at eg har store forventingar?
Den heiter "Hvis du elsker meg"
- bra det regnar ute, så kan eg sitja inne og lesa i haustmørket
Eg skal nok skriva om den og  =0)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar